Hopp til innhold

Atle Antonsen trekker seg frå «Kongen befaler»

Atle Antonsen vil ikkje vere med på innspeling av ny sesong, men han blir likevel å sjå på TV-skjermen framover.

Discoverys lansering av vinter- og vårprogrammet 2022

TREKKJER SEG: Atle Antonsen trekkjer seg frå underhaldningsprogrammet Kongen befaler.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Atle Antonsen trekkjer seg frå ny sesong av «Kongen befaler», og ein nyinnspelt julespesial av programmet vil ikkje bli sendt som planlagt.

Det skriv kommunikasjonssjef i Warner Bros. Discovery Hanne McBride i ein e-post til NRK.

Ho legg også til at Antonsen har vore open om at han ønskjer å ta nokre nødvendige rundar med seg sjølv.

– Vi er samde om at det ikkje er rett at han samtidig er på jobb for oss.

NRK har vore i kontakt med advokaten til Antonsen, Marianne Klausen, som seier at han har ingen kommentar til saka.

Sumaya Jirde Ali (24) meldte Antonsen til politiet etter at han på ein bar skal ha sagt at ho var «for mørkhuda» til å vere der. Fredag kom nyheita om at saka vart lagt bort på grunn av manglande bevis.

«Kongen befaler» er eit humorprogram som går på TVNorge og Discovery +. Der har Antonsen rolla som kongen og i kvart program gir han deltakarane rare praktiske oppgåver og utfordringar.

No startar Discovery jobben med å finne ny programleiar, ifølge McBride.

Les også Venninna til Ali: – Viser kor dårleg rettsvern ein har mot rasisme

Cathrine Linn Kristiansen

Ikkje tilhengjarar av å kansellere innhald

McBride skriv også at Antonsen vil likevel vere å sjå på kanalane framover.

Han har spelt roller i tidlegare sende julekalendrar som ligg på Discovery+ og som skal sendast på TVNorge i desember.

Dette gjeld program som Espen Eckbo sin «Nissene over skog og hei», «Nissene i bingen» og «Nissene på låven», kor Antonsen spelar karakteren Bent Leikvoll.

Atle Antonsen (t.v) var med Nissene i Bingen som ble sendt på TVNorge i fjor.

Atle Antonsen (til venstre) var med i julekalenderen «Nissene i Bingen» som vart sendt på TVNorge i fjor.

Foto: Discovery

– Dette er populære julekalendrar, der Atle i kvar av dei har spelt éin av veldig mange karakterar. Vi meiner desse kalendrane skal kunne vere ein del av juletradisjonen for dei sjåarane som ønskjer det, skriv ho og legg til:

– Samtidig har vi forståing for at det for mange vil vere umogleg å kose seg med dei på same måte i år som i fjor.

McBride seier at dei på eit generelt grunnlag ikkje er tilhengjarar av å kansellere innhald.

– Det skal vere rom for tilgiving av folk som har gjort feil og bede om unnskyldning. Samstundes er tillita til publikum avgjerande for opplevinga av det dei blir serverte. Det er kanskje det viktigaste omsynet vi som kringkastar må ta, seier McBride.

Hanne McBride

Kommunikasjonssjef i Warner Bros. Discovery Hanne McBride

Foto: Erik Johansen / NTB

– Eg veit kva for verdiar eg står for

Onsdag publiserte samfunnsdebattanten og forfattaren Sumaya Jirde Ali eit innlegg på Facebook om ein episode ho politimelde Antonsen for.

Ali skreiv i innlegget at Antonsen skreik at ho skulle halde kjeft og sa «du er for mørk til å vere her», fleire gongar.

Hendinga skjedde på utestaden Bar Boca i Oslo for få veker sidan. Komikaren vart meld for hatefulle ytringar og omsynslaus åtferd.

Les også Politianmelder Atle Antonsen for rasisme: – Sa jeg var for mørkhudet til å være der

Sumaya Jirde Ali

Dagen etter at Ali publiserte innlegget, la Antonsen ut ei unnskyldning på Facebook.

– Eg veit kva verdiar eg har, og kva eg står for. Eg har aldri tenkt at det kan vere mogleg for meg å vere rasistisk. Men etter denne kvelden og desse idiotiske kommentarane skjønner eg at eg må gå nokon rundar med meg sjølv, skreiv Antonsen.

På fredag vart saka lagt bort. Statsadvokaten meiner at ytringa til Atle Antonsen ikkje er kvalifisert krenkjande i den samanhengen den vart sett fram.

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB