Hopp til innhold

Venninna til Ali: – Viser kor dårleg rettsvern ein har mot rasisme

Venninna til Sumaya Jirde Ali, Cathrine Linn Kristiansen, reagerer på at statsadvokaten legg bort saka mot Atle Antonsen.

Cathrine Linn Kristiansen

SKUFFA: Venninna til Sumaya Jirde Ali, Cathrine Linn Kristiansen er skuffa over at statsadvokaten la bort saka mot Atle Antonsen.

Foto: Privat

– Eg er veldig skuffa, eg hadde venta eit anna resultat. For meg er det ein openberr rasistisk motivert handling, seier Cathrine Linn Kristiansen til NRK.

Ho var med venninna Sumaya Jirde Ali på bar då Atle Antonsen skal ha sagt at Ali var «for mørkhuda» til å vere der.

Ali meldte Antonsen til politiet for hatefulle ytringar og omsynslaus åtferd. Statsadvokaten har no lagt bort saka.

For meg som var til stades og har lese skildringane hennar, så er det tydleg at hendinga både var rasistisk og truande. Politiet har jo den same oppfatninga. Eg tenkjer at dette endrar ikkje det.

Statsadvokaten meiner at ytringa til Atle Antonsen ikkje er kvalifisert krenkjande i den samanhengen den vart sett fram. Saka vart derfor lagd bort på grunn av mangel på bevis.

Det bortlegginga gjer er å vise kor dårleg rettsvern ein har mot rasisme, seier Kristiansen.

– Oppførte seg forferdeleg

– På Atle sine vegner ønskjer eg å formidle at det han er mest oppteke av no, er at denne bortlegginga ikkje fører til meir ubehag for Sumaya Jirde Ali enn det ho allereie har opplevd, seier advokaten hans Marianne Klausen til NTB fredag kveld.

Ho legg til at Atle Antonsen har vore klar på at det aldri har vore snakk om medvitne hatefulle ytringar i denne saka.

Lansering av teatervåren 2018.

Atle Antonsen seier gjennom sin advokat at han er oppteken av at bortlegginga ikkje førar til meir ubehag for Ali.

Foto: Mariam Butt / NTB

– Det endrar likevel ikkje det faktumet at han oppførte seg forferdeleg dårleg denne kvelden. Atle forstår at saka har vore og framleis er ei stor belastning for dei involverte, same korleis statsadvokaten har vurdert saka, seier ho.

Les også Atle Antonsen blir tema i «Nytt på nytt»: – Det han gjorde var 100 prosent rasistisk

Nytt på nytt

Maktubalanse

Ein ting som Kristiansen meiner Statsadvokaten ikkje tok med i bortlegginga var maktubalansen mellom Ali og Antonsen.

Han er dobbel så gammal som ho. Han er ti gongar så kjent som ho. Han er ein kvit høg, stor aggressiv mann, og ho sit nede og er ei 24 år gammal svart kvinne, seier ho og legg til:

Det føler eg grunngjevinga som statsadvokaten kom med ikkje tek innover seg.

Saka om Antonsen og Ali har fått mykje merksemd i media den siste veka, og Kristiansen seier Ali har fått mykje støtte.

– Dei aller fleste forstår at dette var langt over streken, og at det var rasistisk. Det syns eg er positivt. Men det er framleis eit frykteleg kommentarfelt som kjem med mykje hets mot Sumaya, seier ho og legg til:

– Det viser at rasisme framleis gjennomsyrar heile samfunnet vårt og at rasistiske haldningar lev i mange av oss.

Les også Anmeldte Atle Antonsen for rasisme – da rant hetsen inn

Sumaya Jirde Ali har mottatt en rekke hetsende meldinger etter at det ble kjent at hun anmeldte Atle Antonsen for rasisme.

– Verkar fornuftig

Jusprofessor Alf Petter Høgberg seier til TV 2 at bortlegginga «verkar fornuftig».

– Ut frå situasjonen så synest eg ikkje det høyrast urimeleg ut, seier han.

Han forklarar at ein ikkje kan sjå vekk frå at det verkeleg var meint som spøk frå Antonsens side.

– Og viss han verkeleg meinte at han prøvde å vere morosam og prøvde å finne støtte rundt seg for å vise at det var ein spøk, så kan det vere vanskeleg å seie at dette er aktlaust eller grovt aktlaust, seier han til kanalen.

AKTUELT NÅ