Hopp til innhold

Kvifor er folk forbanna på Ariana Grande?

Historia viser oss at kvinner ofte blir skulda for å vere skadelege og øydeleggjande for kjærastane sine.

6014793n Fool's Gold Day Off, Los Angeles, USA - 25 Sep 2016

KJENDISPAR: Ariana Grande og Mac Miller var eit av dei største kjendispara i USA.

Foto: X Prutting/BFA/REX/Shutterstock / Shutterstock

Denne kjærleikshistoria begynner på hausttakkefesten (Thanksgiving) i 2012.

Den amerikanske songaren Ariana Grande er 19 år gammal. I USA er ho framleis mest kjent som den søte rollefiguren Cat Valentine i ungdomsserien Victorious.

På Twitter spør Grande følgjarane sine kva dei er takksame for på denne dagen.

Laster Twitter-innhold

«The Velvet revival» svarar den 20 år gamle rapparen Mac Miller.

Dei to har aldri snakka saman før, og svaret frå Mac Miller kan verke litt useriøst. «The Velvet revival» er jo eit pseudonym han nyleg har brukt om seg sjølv.

Grande svarer likevel høfleg tilbake. Mac Miller spør om ho kanskje kan tenkje seg å gjere ein duett? Nokre få veker seinare er dei ute med ein (svært sensuell) coverversjon av julesongen «Baby, it's cold outside».

Fansen er frå seg av begeistring. Dette må vel vere ein flørt?

DET FØRSTE SAMARBEIDET: Ariana Grande og Mac Miller spelte inn denne songen kort tid etter deira første samtale på Twitter.

Kjendispar

Sommaren 2016 gjekk Ariana Grande og Mac Miller offentleg ut som eit par.

På dette tidspunktet hadde Grande blitt ei internasjonal superstjerne som hadde turnert verda rundt med musikken sin. Mac Miller hadde slått seg opp blant dei store rapparane i USA, riktig nok med eit mykje smalare publikum enn kjærasten.

Paret stod saman i tjukt og tynt. Då Grande kom heim frå den grufulle konserten i Manchester i mai 2017, kor 22 av tilskodarane hennar vart drepen under eit bombeangrep, stod Mac Miller klar på flyplassen og tok imot ho.

Ariana Grande

MANCHESTER: Ariana Grande var tilbake i Manchester under ein månad etter terrorangrepet. Då opptredde ho saman med mellom anna Coldplay, Justin Bieber og Miley Cyrus under minnekonserten «One Love Manchester».

Foto: Dave Hogan For One Love Manchest / AFP

Forholdet verka harmonisk frå utsida, men bak fasaden kjempa Mac Miller ein kamp mot eit stadig veksande rusproblem.

I mai 2018 var brotet eit faktum.

Berre nokre få veker etter var Grande forlova med komikaren Pete Davidson.

I eit intervju med radiostasjonen «Beats 1» svarte Mac Miller at det berre var «positiv energi» mellom han og Ariana etter trulovinga.

– Eg er glad for at ho går vidare med livet, akkurat som at eg er sikker på at ho er det same for meg, konkluderte Mac Miller.

– Du gjorde dette mot han

7. september 2018 vart Mac Miller funnen død heime hos seg sjølv i San Fernando Valley i California, USA. Truleg på grunn av ein overdose.

Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras, og heile musikkverda uttrykte stor sorg over rapparens bortgang.

Men det var ikkje berre minneord om Mac Miller som vart delt.

I kjølvatnet etter dødsfallet fløymde internett også over av hatefulle kommentarar mot Ariana Grande, som til dømes «Du gjorde dette mot han» og «Ariana Grande drap Mac Miller».

Til og med nettstaden TMZ, som først var ute med nyheita, antyda at brotet hadde ein samanheng med rapparens død.

Dette førte til at Grande måtte stenge kommentarfeltet på Instagram på grunn av alle dei hatefulle kommentarane.

Ariana Grande

SKULDINGAR: Ariana Grande fekk gjennomgå på internett då ekskjærasten døde.

Foto: Twitter

Skuldingane er svært alvorlege.

For dei fleste verkar det nok heilt absurd at eit uskuldig tenåringsidol skal bli stempla som mordar!

Men ser ein nærmare på historia kan ein finne ein tragisk myte som stadig går igjen.

Ariana Grande er nemleg langt ifrå den første kvinna til å bli skulda for kjærasten sine handlingar. I USA har dei faktisk eit namn på dette fenomenet:

Yoko-effekten

Yoko Ono var ikkje verdas mest populære person på slutten av 60-talet.

Yoko Ono John Lennon

KJÆRASTAR: Yoko Ono og John Lennon møtte kvarandre i London i 1966.

Foto: AP

Den japanske kunstnaren møtte John Lennon, frontfigur i verdas største rockeband The Beatles, i London, hausten 1966.

To år seinare skilte Lennon seg frå kona si og vart saman med Yoko Ono. Både pressa og fansen behandla ho svært dårleg. Dei kalla ho namn som japp, chink og guling.

Då The Beatles begynte å gå i oppløysing mot slutten av 60-talet, fekk den japanske kjærasten til John Lennon skulda.

Heldigvis for Yoko Ono var dette før internett.

Den amerikanske artisten Kurt Cobain døydde også lenge før både Facebook, Twitter og Instagram. Likevel får kjærasten Courtney Love framleis tyn på sosiale medium.

Courtney Love

ENKE: Courtney Love var gift med Kurt Cobain frå 1992 til han døde i 1994. Saman har dei dottera Frances Bean Cobain.

Foto: Evan Agostini / AP

Skuldingane går ut på at det var Love som fekk Cobain til å begynne med heroin, eller enda verre: At det faktisk var ho som tok livet av kjærasten.

Då kjendiskokken Anthony Bourdain tok livet sitt i sommar, fekk kjærasten Asia Argento gjennomgå. Til slutt måtte skodespelaren Rose McGowan skrive eit opent brev i Time Magazine og forsvare venninna si: «Det var ikkje hennar feil.»

Døma er mange.

Dei føyer seg alle inn i ein lang tradisjon av kvinner som har blitt karakterisert som manipulative, bedragerske, og ofte som skadelege og øydeleggjande for menn.

Men kvifor er det framleis slik, i 2018?

Femme fatale

Kai Arne Hansen er førsteamanuensis i musikkvitskap ved Høgskolen i Innlandet, og kjenner godt til fenomenet. Han seier Yoko-effekten kan ha ein samanheng med ideen om «femme fatale» – kvinner som bruker seksualitet for å lokke menn i ulukke og død.

– Kvifor har samfunnet så lett for å leggje skulda på kvinnene?

– I ytste konsekvens kan ein sjå slike forteljingar i samanheng med den sosiale og kulturelle kontrollen av kvinners seksualitet, som regelmessig har blitt framstilt som noko skamfullt og destruktivt, seier Hansen til NRK.

Kai Arne Hansen foran en hvit bakgrunn

MUSIKKVITAR: Kai Arne Hansen har doktorgrad i kritisk musikkvitskap frå Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Sjølv om ein skulle tru desse haldningane er i ferd med å forsvinne, meiner Hansen det framleis heng grums igjen. Til dømes nemner han diskursen rundt å leggje skulda på kvinnelege valdtektsoffer, basert på til dømes klesval.

– Vi likar jo å tru at vi har kome eit skritt vidare, og det har vi jo på mange måtar, noko som fekk mange spaltemeter i media i høve #metoo-rørsla, men samtidig finn vi framleis svært tydelege reaksjonære røyster og haldningar. I populærkulturen er det ei kontinuerleg forhandling mellom liberale og konservative uttrykk, mellom å utfordre og å rette seg etter normer, konkluderer Hansen.

Etter ei veke pause frå Instagram la Ariana Grande ut denne videoen av ekskjærasten sin. Ho har framleis ikkje opna kommentarfeltet på Instagram.

PS: Ja, det finst også døme på menn som har blitt ramma av Yoko-effekten. Berre spør Blake Fielder-Civil. Han hadde eit langvarig og turbulent forhold til artisten Amy Winehouse på 2000-talet.

– Etter at Winehouse døydde av alkoholforgifting i 2011, har Fielder-Civil blitt skulda for å ha forårsaka og nøra opp under Winehouse sin rus- og alkoholavhengnad. Dette narrativet finn vi blant anna i dokumentarfilmen Amy frå 2015, seier Hansen.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter