Hopp til innhold

Koreansk popmusikk erobrar hitlistene

Den sørkoreanske gutegruppa BTS har gått til topps i USA og spelar utselde konsertar i London. – Berre eit tidsspørsmål før dei fyller norske konserthallar, trur musikkvitar og forfattar Audun Molde.

BTS fra Billboard 2018

Den sørkoreanske septetten BTS har gjort at mange i Vesten har fått auga opp for k-pop. I mai song og dansa dei under Billboard Music Awards i Las Vegas.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

I mai gjekk sørkoreanske BTS til topps på den amerikanske albumlista. Det var første gong koreanske popmusikk, også kjent som k-pop, toppa denne lista. I slutten av september følgde dei opp med besøk på fleire av dei største TV-showa i USA. I tillegg heldt dei tale i FN, skriv Forbes.

Då musikkvideoen til låten «Idol» kom i august, sette dei ny YouTube-rekord med 45 millionar visingar det første døgnet.

Denne veka er dei i Storbritannia for å spele to utselde show i O2 Arena i London.

– Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før dette fenomenet kjem til Noreg også og fyller Telenor Arena, seier musikkvitar og forfattar av boka «POP. En historie», Audun Molde.

Han meiner suksessen skuldast ei målretta satsing frå sørkoreansk musikkindustri.

– Kombinasjonen mellom ein sterk fan-kultur og aktiv bruk av sosiale medium og Youtube, har ført til at Sør-Korea no eksporterer meir musikk enn dei importerer.

Statleg støtta popindustri

Audun Molde

– Sør-Korea har jobba målretta over fleire år for å etablere ein musikkindustri som er i stand til forsyne verda med popmusikk, seier musikkvitar og forfattar av boka «Pop. En historie», Audun Molde.

Foto: Marianne Roland

På midten av 1980-talet bestemte musikkindustrien i Sør-Korea seg for å erobre verda med koreansk pop, k-pop. Godt hjelpte av internasjonale låtskrivarar og statlege pengar starta dei arbeidet med å erobre musikkverda.

– K-pop er viktig for merkevarebygginga til Sør-Korea. I tillegg til å støtte musikkindustrien med pengar, har dei også bygd opp kultursenter fleire stader i verda for å fremje sørkoreansk musikk og popkultur, seier Molde.

For mange var kanskje Koreana og OL-låten «Hand in Hand» frå 1988 det første møtet med k-pop. Men det store gjennombrotet kom med «Gangnam Style» og PSY i 2012, som i løpet av eit halvår passerte ein milliard visingar på Youtube.

Global musikkindustri

Sør-Korea hentar inn låtskrivarar frå heile verda når dei skal produsere hits. Også nordmenn og svenskar har vore med å skrive store hits for koreanske artistar.

– Desse samarbeida viser kor globalisert musikkindustrien har blitt. Og at musikken kan ha eit mykje større nedslagsfelt enn det vi har trudd tidlegare, seier Molde.

Dsign Music i Trondheim har skrive og produsert musikk for fleire asiatiske artistar. I 2009 toppa dei hitlistene i 12 land med «Genie» av k-pop-gruppa Girls' Generation.

– Slik musikkindustrien har utvikla seg, har den asiatiske marknaden vore viktig for oss, seier administrerande direktør Robin Jenssen.

Han trur mange skandinaviske låtskrivarar har lukkast i Asia på grunn av dei musikalske tradisjonane våre.

– Ved å blande rytmar frå amerikansk musikk med den melodiske musikktradisjonen i Skandinavia, får du ein musikkstil som slår an i Asia. Det er grunnen til at det er så mange nordmenn og svenskar som skriv for asiatiske artistar.

Dsign music fekk tidlegare i år prisen for «Årets opphaver – populærmusikk» då Musikkforleggerprisen 2018 blei delt ut.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober