Hopp til innhold

Almaas: – Statist i Wesley Snipes-film var høgdepunktet

Lenge før «Nytt på nytt» kom på lufta prøvde Jon Almaas seg som skodespelar i USA. Han toppa karrieren med statistrolle i Wesley Snipes-film.

Jon Almaas fortel om si forhenverande filmkarriere i USA på Skavlan

Jon Almaas har vore fast anker i «Nytt på nytt» i 17 år. Neste fredag leiar han si siste sending.

Når Almaas gjestar «Skavlan» i kveld, røper Almaas detaljar om si tidlegare skodespelar-karriere i USA på byrjinga av 90-talet.

– Du seier du ikkje er ambisiøs, men korleis vil du forklare dette bilde, utfordrar programleiar Fredrik Skavlan Almaas og viser fram eit bilete av ein ung Jon.

– Det der er frå mi skodespelarkarriere i New York, som veldig få kjenner til, forklarer Almaas.

– Eg studerte økonomi i USA, men det var eigentleg filmstjerne eg ville bli.

Statist i kasjmir

Almaas var statist i fleire filmar. Han fortel at høgdepunkta var statistrollene han hadde i ein film med «Tilbake til framtida»-skodespelaren Michael J. Fox og i ein film med skodespelar Wesley Snipes.

I filmen «Sugar Hill» frå 1993 med Wesley Snipes i hovudrolla, hadde Almaas ei statistrolle som nattklubb-gjest.

– Først kom Wesley Snipes ut av nattklubben. Rett bak Wesley Snipes kjem ein mann i kasjmirfrakk saman med to prostituerte. Mannen i kasjmirfrakken var meg, flirer Almaas.

– Eg byrja også som statist, fortel den svenske skodespelaren Alicia Vikander, som også er gjest hos «Skavlan» i kveld.

Alicia Vikander

GJEST: Svenske Alicia Vikander gjestar fredagens Skavlan saman med blant andre Jon Almaas.

Foto: NRK

Men godtgjering for statist-oppdrag i USA varierer tydelegvis veldig.

– Eg fekk 100 dollar dagen, seier Almaas.

– Det var mykje meir enn kva eg fekk, seier Vikander, utan å gå nærare i detalj.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.