Bergen Filharmoniske Orkester vann prisen Orchestra of the Year 2025 i London onsdag kveld. Det er tidsskriftet Gramophones som deler ut prisen. Deira årlege Classical Music Awards er nokre av dei mest prestisjetunge prisane innanfor den klassiske plateindustrien, og kan samanliknast med Grammy Awards, skriv Bergen Filharmoniske Orkester i ei pressemelding.
– Det viktigaste med denne prisen er kanskje ikkje at me får han for det me allereie har oppnådd, men at den viser kva som er mogleg. Bergen er kanskje ikkje nokon stor by i europeisk målestokk, men framleis ein musikk- og kulturby av internasjonalt format. Heile byen kan vera stolte av Bergen Filharmoniske Orkester, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, som er direktør i Musikkselskapet Harmonien.
Torsdag kveld skal orkesteret feira sigeren saman med publikum på konsert i Grieghallen, skriv BT.