Hopp til innhold

Requiem av Verdi

Oslo Konserthus laurdag 11. februar kl. 14.00

Peter Szilvay dirigerer KORK og musikklinjekor i Verdis Requiem.

Kor frå musikklinjer ved Oslo by Steinerskole, Edvard Munch og Foss vdrg skule

Ann-Helen Moen, sopran

Ingeborg Gillebo, mezzosopran

Bror Magnus Tødenes, tenor

Håvard Stensvold, bass

Peter Szilvay, dirigent

  • Giuseppe Verdi: Requiem

Eit storslått samarbeid mellom KORK og tre musikklinjer i Oslo. 11. februar møtest musikantane for framtida i eit mektig kor med fleire hundre songarar. Saman med KORK, maestro Peter Szilvay og fire av våre aller beste songsolistar går dei fryktlaust på eit av dei mest ikoniske verka i musikkhistoria.

Sjølv om eit rekviem er ei dødsmesse, er det fleire som har nettopp eit rekviem bland sine klassiske favorittar, kanskje av Mozart, Fauré eller Verdi. Requiem av Giuseppe Verdi blei allereie før urframføringa i 1874 omtalt som ein ”opera i kyrkjelege klede”. Vi kjenner absolutt att operakomponisten Verdi, med teft for drama og lange vokale linjer, men man høyrer og eit ekko av kyrkjemusikk frå tidlegare tider, ikkje minst i Verdis utstrekte bruk av kontrapunkt.

BILLETTAR