Hopp til innhold

Dødssyndene med KORK og Etikketaten

Fredag 6. september kl. 18.00
NRK Store studio

Tora Augestad, sanger
Foto: Thomas Kolbein Bjørk Olsen

Tora Augestad, mezzosopran
Nathanël Iselin, dirigent
Mannskvartett frå Det Norske Solistkor:
Magnus Staveland, Kevin Skelton, Gunther Vandeven, Olle Holmgren

Samarbeid med NRK Etikketaten
Panel: Inga Strümke, Danby Choi, Heine Holmen
Programleiar: Kjersti Anderdal Bakken

  • Marcus Paus: Hate Songs
  • Kurt Weill: Dei sju dødssynder

Første konsert i Store studio for sesongen gir deg ein konsert til både glede og ettertanke.

Førestillinga om dei såkalla sju dødssyndene går mange hundre år tilbake i kristen tradisjon. Opp igjennom åra har både forfattarar, filmskaparar, komponistar med fleire skapt kunst med ulike blikk på dødssyndene.

Då radarparet Bertold Brecht og Kurt Weill tok føre seg temaet i Die sieben Todessünden, (ein «sunge ballett») i 1933, var det med ein satirisk vinkling. Anna reiser gjennom USA for å tene pengar til garden og familien heime i Louisiana. I den ironisk fortalde historia, støyter ønsket om menneskeleg verdigheit saman med kravet til å underkaste seg, å tekkast dei mektige og rike for å klare seg i den harde verda. I Brechts klasseperspektiv er det «dødssyndene» til det vesle mennesket som blir sette under lupa. Kven er dei verkelege syndarane? Alt til Kurt Weills karakteristiske musikk, ei blanding av 1900-talets ekspresjonisme og fengande melodiar frå kabareten.

Tora Augestad er ein perfekt songar for denne kombinasjonen, med eit kraftfullt uttrykk og ei stemme som kan uttrykke seg i mange ulike musikalske stilar.

Ho kombinerer Dei sju dødssyndene med eit nyare verk av ein av dei fremste norske komponistane, Marcus Paus. Hate songs er òg inspirert av kabareten og dei satiriske og frodige dikta til den amerikanske poeten, skribenten og kritikaren Dorothy Parker (1893-1967)

Etikketaten med Danby Choi, Inga Strumke og Heine Holmen
Foto: NRK Robert Rønning

For verkeleg å sette dødssyndene under diskusjon, slår KORK seg saman med podkasten og P2-programmet Etikketaten for å lage ein verbal og musikalsk heilaftan i Store studio.

Kva har dødssyndene å seie til oss i dag, og kva er dei verste syndene for kvardagsmennesket anno 2024? Dette har faktisk vore diskutert i fleire utgåver av Etikketaten allereie, så eit finslipt panel og dyktige programleiarar skal leie publikum inn i tematikken på beste vis.

Etikketaten NRK Radio med logo

BILLETTAR