Hopp til innhold

Klassisk sesongopning med Midori

Søndag 1. september kl. 18.00
Operaen, Hovudscena

Midori, japansk-amerikansk fiolinist
Foto: Nigel Parry

Finnegan Downie Dear, dirigent
Midori, fiolin

  • Béla Bartók: Fiolinkonsert nr. 2
  • Anton Bruckner: Symfoni nr. 4, «Den romantiske»

KORK er tilbake i Operaen!

Sist dei gjesta Hovudscena, fylte dei salen med eit svingande amerikansk program. Denne gongen har Heile landets orkester lagt den klassiske sesongopninga til det kvite huset i Bjørvika. Og for ein opning det blir, med ei av dei største stjernene i den klassiske musikkverda!

Fiolinisten Midori fekk enorm merksemd da ho debuterte som 11-åring med New York Philharmonic i 1982. Sidan har ho bevega seg i det øvste sjiktet blant dei klassiske musikarane i verda og samarbeidd med dei fremste orkestera. Fleire av innspelingane er blitt ståande som referansar for komande generasjonar (til dømes innspelinga av fiolinkonsertane til Bartók, frå då ho berre var 19 år). 40 år etter debuten er ho framleis ønska over heile verda, som solist, kammermusikar, og ikkje minst som lærer ved dei prestisjefylte musikkinstitusjonane.

Ho er òg ein kunstnar med eit djupt humanistisk engasjement. Ho har starta fleire sosiale og musikalske prosjekt, som særleg bringar musikk til eit ungt publikum.At legenda Midori no vil samarbeide med Kringkastingsorkestret, er ein aldri så liten sensasjon som du ikkje bør gå glipp av!

Midori er solist i ein av dei mest forunderlege fiolinkonsertane frå 1900-talet. Béla Bartók leia an og tok opp i seg i dei musikalske strøymingane i førre hundreår. Han søkte òg til dei folkemusikalske røtene, og samla musikk frå heimlandet Ungarn og landa omkring. Syntesen av alle inspirasjonane og Bartóks kreative geni, gjer han til ein av de største i musikkhistoria. Fiolinkonserten frå 1938 er eit toppunkt i skaparverket hans. Samstundes speglar konserten ei tung tid, både for Europa og for Bartók personleg. Likevel er det som lyset og venleiken trenger gjennom, med klangar og rytmar frå ei anna verd og med enorme krav til ein virtuos solist.

KORK skal òg hylle jubilanten Anton Bruckner, med kanskje den mest elska symfonien hans. Tilnamnet «Den romantiske» er faktisk frå komponisten sjølv, men ei mogleg bakanforliggjande historie har nok gått tapt med tida. Uansett er det ein visjonær Bruckner vi møter i symfoniane, ofte med store dimensjonar, trass ei meir audmjuk og forsiktig framtoning hos komponisten sjølv. Det skulle bli sju symfoniar før kritikarane mildna og anerkjenninga kom. No veit vi betre, sjølv om det kan bli lenge mellom kvar gong vi tar oss tida til å lytte til eit av Antons meisterverk. No, 200 år etter at han blei fødd, er det riktig tidspunkt, og kanskje i selskap med KORK i den praktfulle akustikken på Hovudscena?

Dirigenten denne kvelden er stjerneskotet Finnegan Downie Dear, som fekk stor merksemd da han vann Bamberger Symphonikers internasjonale Mahler-konkurranse. Etter debuten på Staatsoper Berlin har han vore ettertrakta i konsertsalar og operascener i mange land. Her leier han KORK for første gong.

BILLETTAR