Hopp til innhold

Live i Marka - Ane Brun, Fieh og KORK

Fredag 23. August, kl. 20.30
Frognerseteren Amfi

Sofie Tollefsbøl, flankert av koristene Thea Lien og Solveig Wang
Foto: JAVIER ERNESTO AURIS CHAVEZ / NRK

Velkommen til den høgste scena i Oslo! Det har blitt ein god tradisjon for KORK å starte sesongen på Frognerseteren Amfi for å spele med ein av våre kjende artistar. Det starta med deLillos i 2017 (som enno er mogleg å nyte i NRK TV). I år er det to artistar som skal dele scenen med KORK på festivalen Live i Marka. Ane Brun er kjend for dei fleste, med den fantastiske stemma og songar som både fengjer og loddar djupt. Ho har også vist tidlegare at ho kler orkesterformatet, i samarbeid med både KORK og andre orkester.

Den andre artisten er ein heil gjeng. Fieh er eit stort band (åtte personar) med Sofie Tollefsbøl i front. Med blandinga av funk, soul og andre rytmiske musikkstilar har dei tatt publikum i både Noreg og resten av verda med storm. No får dei følgje av eit enda større band for å løfte august-himmelen over Oslo.

Live i Marka blir arrangert av Erik Sture Larres Stiftelse til Friluftslivets fremme - Sten Sture Larre og Tom Fremstad

BILLETT