Hopp til innhold

The beauty that still remains

Oslo internasjonale kyrkjemusikkfestival

Oslo domkyrkje laurdag 18. mars kl. 15.30

Det norske jentekor
Foto: Det norske jentekor

Det norske jentekor
Björn Nyman, klarinett
Daniela Musca, dirigent

  • Felix Mendelssohn: Symfoni nr. 5, "Reformasjonssymfonien"
  • Marcus Paus: The beauty that still remains (urframføring av versjon for kor og orkester)

Hør hele sendingen her

The Beauty That Still Remains av Marcus Paus til tekster fra Anne Franks dagbok, fremført av Det Norske Jentekor, KORK og klarinettsolist Björn Nyman, dirigert av Daniela Musca.

The Beauty That Still Remains av Marcus Paus til tekster fra Anne Franks dagbok, fremført av Det Norske Jentekor, KORK og klarinettsolist Björn Nyman, dirigert av Daniela Musca.

Kringkastingsorkesteret har igjen gleda av å spele på Oslo internasjonale kyrkjemusikkfestival. Denne gongen samarbeider dei med Det norske jentekor, som sidan starten i 1947 har bestilt tallause verk frå dei fremste norske komponistane. The beauty that still remains vart skrive av Marcus Paus i 2015 for å markere 70 år sidan slutten av 2. verdskrig. Han har her utvida besetningen med et heilt orkester og klarinettsolist (tidlegare kor og akkordeon). Verket har ein sterk bodskap, basert på tekstar frå Anne Franks dagbok. Her blir teksten sunge av jenter i same alder som Anne Frank var då ho skreiv boka, før ho vart drepen i konsentrasjonsleir i 1945.

Konserten blir avslutta med Symfoni nr. 5 av Felix Mendelssohn. Verket har tilnamnet "Reformasjonssymfonien" og er også skrive til 300-årsjubileet til Luthers Augsburgske konfesjon. Verket blir avslutta med koralen Vår Gud han er så fast ei borg.

Les meir og billettar