Hopp til innhold

Shirinyan og Lynne Johnson - Dvořák og Price

NRK Store studio torsdag 1. februar kl. 19.00

Følg strømmen her!

Jeri Lynne Johnson, dirigent
Marianna Shirinyan, klaver
Therese Ulvo: Please don’t hesitate
Florence Price: Juba Dance, 3. sats fra Symfoni nr. 1
Florence Price: Concerto for Piano in One Movement
Antonín Dvořák: Symfoni nr. 9, «Frå Den nye verda»

Jeri Lynne Johnson, dirigent Marianna Shirinyan, klaver Therese Ulvo: Please don’t hesitate Florence Price: Juba Dance, 3. sats fra Symfoni nr. 1 Florence Price: Concerto for Piano in One Movement Antonín Dvořák: Symfoni nr. 9, «Frå Den nye verda»

Jeri Lynne Johnson, dirigent
Marianna Shirinyan, klaver

  • Therese Ulvo: Please don’t hesitate
  • Florence Price: Juba Dance, 3. sats fra Symfoni nr. 1
  • Florence Price: Concerto for Piano in One Movement
  • Antonín Dvořák: Symfoni nr. 9, «Frå Den nye verda»

For første gong i Store studio får publikum oppleve eit verk av amerikanske Florence Price. Ho var den første afroamerikanske kvinna som komponerte ein symfoni (1931), og ho har ein stor produksjon som bør oppdagast av fleire. Solisten i klaverkonserten er derimot ikkje ny for KORK. Marianna Shirinyan er ein av KORKs favorittar, og med sine virtuose og kjenslevare tolkingar har ho vore solist i fleire klaverkonsertar.

Mariann Shirinyan

Marianna Shirinyan

Foto: Nikolaj Lund

Forutan Price får vi den kjende symfonien "Frå Den nye verda", skriven av ein tsjekkar i New York. Sjølv om Dvořák blei henta over dammen for å bygge amerikansk musikkliv, var det musikken som allereie var der som inspirerte han, mellom anna musikken til slavane, negro spirituals.

Verka er valde av dirigenten Jeri Lynne Johnson. Ho er først og fremst ein framifrå dirigent, men ho var òg den første farga kvinna som vann ein internasjonal dirigentpris. Som dirigent og organisator arbeider ho for eit større mangfald i musikken, mellom anna med sitt eige Black Pearl Orchestra.

Opningsverket er norsk, og skrive som nettopp det, eit "velkomen-stykke" som først blei spelt då KORK besøkte Gloppen i 2017.

BILLETTAR