Hopp til innhold

Ny cellokonsert av Herman Vogt

NRK Store studio torsdag 27. april kl. 19.00

Audun Sandvik
Foto: audunsandvik.com

Anna-Maria Helsing, dirigent

Audun Sandvik, cello

  • Olivier Messiaen: Majesté du Christ demandant a gloire à son Père frå L'Ascension
  • Herman Vogt: Cellokonsert (urframføring)
  • Maurice Ravel: Le Tombeau de Couperin
  • Maurice Ravel/Arr: Kenneth Hesketh: Fugue og Toccata frå Le Tombeau de Couperin

Endå ei urframføring med KORK! Denne gongen er det den norske komponisten Herman Vogt som presenterer cellokonserten sin. Tidlegare solocellist i KORK, Audun Sandvik er solist. Vogt er ein komponist som ikkje er redd for å bruke den rike orkesterklangen i musikken sin. Samtidig som musikken verkar moderne, er han også melodisk og til tider romantisk i dei store klangbølgjene sine.

Då passar det også å ramme inn musikken med to av dei største klangfargekunstnarane i musikkhistoria: Olivier Messiaen og Maurice Ravel. Konserten opnar med «Himmelfarts-musikk», der Messiaen på sitt heilt unike vis kombinerer det sanselege med djup religiøsitet.

Maurice Ravel hyllar fortida, den franske barokken, i verken Tombeau de Couperin. Truleg er tittelen knytt til komponisten François Couperin, som hadde stor påverknad på dei kommande generasjonane med franske komponistar. Ein kan høyre element frå den franske barokken i den opphavlege klaverversjonen, men også i arrangementet for orkester. Ravel orkestrerte fire av dei seks satsane, men KORK gjer suiten fullenda med K. Heskeths arrangement av Fugue og Toccata.

BILLETTAR