Hopp til innhold

KORK utan dirigent - Sibelius og Berlioz

NRK Store studio fredag 31. mars kl. 18.00

Følg strømmen her!

Kolbjørn Holthe, leiar
Marianne Beate Kielland, mezzosopran
Hector Berlioz: Les nuits d'été
Jean Sibelius: Symfoni nr. 2

Kolbjørn Holthe, leiar Marianne Beate Kielland, mezzosopran Hector Berlioz: Les nuits d'été Jean Sibelius: Symfoni nr. 2

Kolbjørn Holthe, leiar

Marianne Beate Kielland, mezzosopran

  • Hector Berlioz: Les nuits d'été
  • Jean Sibelius: Symfoni nr. 2

Kor viktig er ein dirigent? I mindre ensemble og orkester var det i tidlegare tider vanleg at solist eller konsertmeister var den musikalske leiaren. Frå 1800-talet, etter kvart som musikken vart meir kompleks og orkestera større, melde behovet seg for ein som kunne styre skuta, utan å vere for oppteken med eiga musisering. Men: Kva er faktisk mogleg å få til når eit heilt orkester speler utan dirigent, med musikarar med alle sansar parate, som om det var kammermusikk dei spelte?

Dette har KORK prøvd ved fleire høve, og først og fremst under spelande leiing av konsertmeister Kolbjørn Holthe. Så langt er symfoniar av både Schubert og Brahms gitt heilt spesielle og intense tolkingar, og no er turen kommen til ein av Kolbjørns favorittar: Sibelius. Symfoni nr. 2 er eit meisterverk av symfonisk forteljarkunst, sjølv om det ikkje er meint som ei konkret historie. Inspirert av gryande nasjonal oppvakning og eit ønske om å skrive i ein fullenda og episk symfonisk form, viser Sibelius kvifor han er den største nordiske symfonikaren av alle.

Før symfonien får vi ein av favorittane til KORK på besøk. Sist var det nettopp songar av Sibelius Marianne Beate Kielland song med KORK. Midt imellom alle oppdrag over heile verda, gjer ho plass til ein songsyklus av Hector Berlioz. Les nuits d'été (Sommarnettene) er opphavleg for stemme og piano, men det er orkesterversjonen som er mest kjend i dag, og den er eit av dei første døma på korleis ein poetisk tekst kan fargeleggjast av den uendelege klangvariasjonen eit orkester kan skape.

Vi trur på både sommarvarme og sus frå finske skogar, utan ein dirigent i sikte.

BILLETTAR