Hopp til innhold

KORK til Tsjekkia

Tre år med Petr Popelka som sjefdirigent for KORK er snart over. Avslutninga blir ei tur til Tsjekkia for å spele monsterverket Gurre Lieder av Arnold Schönberg.

Petr Popelka
Foto: Vojtěch Brtnický

Petr Popelka har vore sjefdirigent for KORK sidan 2020. Denne våren gjer han seg, samstundes som den internasjonale karrieren skyt fart. Han kjem heilt sikkert tilbake som gjestedirigent, for kontakten mellom Popelka og KORK er god, og med eit musikalsk samarbeid som slår gnistar.

Popelka er frå Praha, og den store avslutninga på tre fantastiske år blir ei reise til Tsjekkia og eit samarbeid med søsterorkesteret til KORK, Det tsjekkiske radioorkesteret. Her er Popelka også sjefdirigent, og han slår dei to orkestera saman til eit stort ensemble for å framføre Gurre Lieder.

Verket til komponisten Arnold Schönberg (1874-1951) beskriv den dramatiske historia om kjærleiken mellom Waldemar og Tove, fortalt av den danske diktaren J.P. Jacobsen. Gurre Lieder krev ein stor mengde utøvarar: Eit orkester på 135 musikarar, fem solistar, ein skodespelar og eit kor på over 100 stk., i alt over 250 på scenen.

Det blir to konsertar, i byane Litomyšl og i Praha. I tillegg spelar KORK ein konsert i Ostrava, med eige repertoar (mellom anna Grieg), det same som på den siste Oslo-konserten med Popelka.

Gurre Lieder-konserten i Praha blir send direkte på NRK Klassisk og seinare på Hovedscenen på NRK2.

Arnold Schönberg: Gurre Lieder
Tekst J.P. Jacobsen/Tysk omsetting: Rainer Maria Rilke

Tsjekkisk radios symfoniorkester
Kringkastingsorkestret
Tsjekkisk filharmonisk kor, Brno
Slovakisk filharmonisk kor
Dirigent: Petr Popelka

Solistar:
Waldemar: Michael Weinius
Tove: Susanne Bernhard
Waldtaube: Štěpánka Pučálková
Bauer: Yngve Søberg
Klaus Narra: Kevin Konners
Forteljar: Dietrich Henschel

Kormeistrar: Petr Fiala og Jozef Chabroň
Assistentdirigent: Andres Maurette O’Brien

KONSERT 1
Smetana’s Litomyšl festival, Festival Hall, søndag 18. juni kl. 19.30
BILLETTAR

KONSERT 2
Statsoperaen i Praha tysdag 20. juni kl. 19.00
BILLETTAR

KONSERT 3 (eige repertoar)
Leoš Janáček International Music Festival
Kulturhuset Poklad, Ostrava onsdag 21. juni kl. 19.00

BILLETTAR

Dirigent: Petr Popelka
Solist: Christian Ihle Hadland, piano

  • Bedrich Smetana: Håkon Jarl
  • Edvard Grieg: Klaverkonsert i a-moll
  • Edvard Grieg: Fire symfoniske dansar

Mer fra Kringkastingsorkestret

Miho Hazama, dirigent
Eyolf Dale trio
Eyolf Dale, piano - Per Zanussi, bass - Audun Kleive, trommer

Eyolf Dale Trio, Miho Hazama og KORK

NRK Store studio fredag 2. juni kl. 18.00

Petr Popelka, dirigent
Christian Ihle Hadland, piano
Bedrich Smetana: Håkon Jarl
Edvard Grieg: Klaverkonsert i a-moll
Edvard Grieg: Symfoniske danser

Popelkas siste Oslo-konsert

NRK Store studio fredag 26. mai kl. 18.00