Hopp til innhold

KORK kammer med sjefdirigenten

NRK Store studio onsdag 25. januar kl. 19.00

Petr Popelka i Store studio
Foto: Bill Gystad / NRK

Petr Popelka, piano

Musikarar frå Kringkastingsorkestret

  • Georges Enescu: Impressions d'Enfance
  • Johannes Brahms: Serenade nr. 1 (Nonettversjon)

Når sjefsdirigenten er i hus, sparer han ikkje på kreftene. Dagen før konserten i Aulaen, inviterer Petr Popelka til kammerkonsert med gode KORK-vener. Her skal Petr traktere klaveret i lag med fiolinist Annar Follesø.

George Enescu blir rekna som Romanias fremste komponist. I verket «Barndomsinntrykk» ser komponisten seg tilbake, og lèt fiolinen og pianoet skildre magien frå barndomen. Vi får eit vakse og nostalgisk blikk på barndomen. Enescu målar ut minna med fargerike og virtuose passasjar.

Brahms tok seg god tid før han skreiv sin første symfoni, men han skreiv fleire verk for orkester før det. Serenade nr. 1 blei komponert då Brahms berre var 25 år gamal. Vener og kollegaer vart sjokkerte av korleis den unge mannen handterte det store orkesterapparatet så suverent. Tradisjonelt var ein serenade mest for hyggje og underhaldning. Den unge Brahms fylgjer tradisjonen eit stykke på veg, men han legg òg meir tyngde i den musikalske bodskapen, som om han er på veg mot noko meir symfonisk alvorsamt. Her får vi det symfoniske i ei konsentrert tapping, i eit arrangement for ni musikarar.

BILLETTAR