Hopp til innhold

Jaga Jazzist 30 år!

NRK Store studio fredag 12. april kl. 18.00
Ekstrakonsert torsdag 11. april kl. 19.00

Begge konsertene er utsolgt! Produseres av NRK TV

Jaga Jazzist på Bergenfest 2010
Foto: Per Ole Hagen

Etter å ha vore ei av dei råaste skapningane i norsk jazz i 30 år, er det tid for å feire.
Jaga Jazzist, danna av Martin Horntveth og Ivar Christian Johansen i 1994, tok jazz-Noreg med storm, med si heilt spesielle blanding av improvisasjon og elektroniske klangar. Sidan har dei utvikla seg i mange retningar, og fleire av jazz-Noregs grommaste utøvarar har vore innom i kortare eller lengre tid og bidrege med sitt i det stadig skiftande lydbiletet.
Energisk er eit høveleg uttrykk for å beskrive ei konsert med Jaga, så korleis feire seg sjølv så det verkeleg høyrast? Jo, ved å slå seg saman med eit enda større band og lage ein unik konsert. KORK er klare til å bli med på festen, og stort meir trøkk kan det neppe bli i vesle Store studio.

Ingar Bergby, dirigent

BILLETTAR

BILLETTAR EKSTRAKONSERT