Hopp til innhold

Fedor Rudin, Popelka og KORK

Universitetets aula torsdag 26. januar kl. 19.00

Fedor Rudin, fiolinist
Foto: Nikolaj Lund

Petr Popelka, dirigent

Fedor Rudin, fiolin

  • György Ligeti: Melodien
  • Karol Szymanowski: Fiolinkonsert nr. 2, op. 61
  • Igor Stravinskij: Four Norwegian Moods og Jeu des cartes

Endeleg er Fedor Rudin her! Han er ein svært ønskt fiolinist over heile verda, kjend for virtuositeten sin og briljante tolkingar. Han har hatt stillingen som konsertmeister i eit av dei mest berømte orkestera i verda: Wien-filharmonien. Han var invitert til å vere solist med KORK i fjor, men vart stoppa av den velkjende pandemien. Denne gongen skal han spele musikk av den polske komponisten Karol Szymanowski. Han blir rekna som den første polske komponisten av betydning etter Chopin. Fødd i 1883, starta han som ein seinromantisk komponist. Etter kvart tok han den polske musikken ut i det 20. hundreåret, inspirert av både fransk impresjonisme, austleg kultur og polsk folkemusikk. Szymanowskis fargerike musikk blir framleis opplevd som noko nytt og spennande i konsertsalen.

Ungarske György Ligeti skreiv det fascinerande og vakre Melodien i 1971, på eit tidspunkt då verda for lengst hadde fått øra opp for det revolusjonerande tonespråket hans, i verk som Atmosphères og Lux Aeterna. Ein finn den breie, kontinuerlege veven av rørsle også i Melodien, men han ønskte også (som tittelen seier) å la mange melodiar kome til orde på same tid. Han seier sjølv: "Kanskje kjennest det kaotisk i starten, men når ein kjenner musikken betre, vil ein høyre samanhengane og det skjulte harmoniske skjelettet."

Konserten blir avslutta med Stravinskij. Norwegian Moods skulle eigentleg vore musikk til ein Hollywood-film om nazi-invasjonen av Noreg. Musikken vart ikkje godkjend av filmskaparane, så då vart det en suite i staden, der norske folkemelodiar blir virtuost og kjølig tolka av Stravinskij.

Balletten Jeu de Cartes vart skriven i 1937, på den tida Stravinskij ønskte å ta inn dei klassiske ideala, som hos Haydn og Mozart, men i stt eige, heilt umiskjennelege tonespråk. I «Kortspelet» blir korta, med sine ulike verdiar, symbol for maktkamp og menneskelege feil, og med jokeren som ein luring mellom dei.

BILLETTER