Jonas Bürgin, dirigent
Lara Macri, harpe
- Reinhald Glière: Harpekonsert
- Gustav Mahler: Symfoni nr. 4
Sidan 1991 har Kringkastingsorkestret samarbeidd med Noregs musikkhøgskole når dei beste dirigentane og solistane skal ha den avsluttande eksamenen sin. Tradisjonen blir vidareført denne gongen med dirigenten Jonas Bürgin. Han har ønskt seg Gustav Mahlers fjerde symfoni. Trass i lengda på oppunder ein time, blir han rekna som ein av dei «lettare» symfoniane til Mahler. Alt er jo relativt, og i fleire andre symfoniar tek Mahler det meir ut i både lengd og krav til orkesterstorleik. Stemninga i den fjerde symfonien kan også opplevast litt lysare enn i dei åtte andre, ikkje minst med sistesatsen, Das himmlische Leben, der teksten er henta frå folkediktsamlinga Des Knaben Wunderhorn. Her blir det herlege, himmelske livet beskrive med naiv innleving.
Lara Macri bringar, sannsynlegvis for første gong til KORK, ein sjeldan spelt harpekonsert som eksamensverk. Reinhold Glière, var trass den franske omskrivninga av etternamnet, fødd i Kyiv i 1875. Han blei opplært i den russiske romantiske skulen, saman med kollegaer som Rakhmaninov. Han heldt på eit melodisk og romantisk tonespråk gjennom livet, noko som gav han få problem med det kommunistiske regimet. Harpekonserten er også svært velklingande. Glière ville eigentleg dele æra for dette verket med den første harpesolisten Ksenia Erdeli, noko ho ikkje ville, men ho har nok mykje av ansvaret for at harpistar verda over har fått eit standardverk blant relativt få harpekonsertar.