Hopp til innhold

Beethovens fiolinkonsert med Jon Gjesme

NRK Store studio fredag 15. mars kl. 18.00

Jon Gjesme, fiolinist i KORK
Foto: jongjesme.com

Otto Tausk, dirigent
Jon Gjesme, fiolin

  • Eivind Buene: Spolia
  • Vítězslava Kaprálová: Suita rustica
  • Ludwig van Beethoven: Fiolinkonsert

Nokre gonger får vi vist fram dei fantastiske musikarane vi har i eige orkester. Jon Gjesme er ein av konsertmeistrane i KORK, men no skal han stå framfor orkesteret som solist i ein av dei store (på så mange vis) fiolinkonsertane våre.

Om Beethovens fiolinkonsert er kjend og kjær, får vi òg oppleve musikk som ikkje høyrest så ofte. Spolia, er det nyaste, skriven av ein av våre fremste og mest interessante komponistar, og i Spolia bruker Eivind Buene nettopp musikk av Beethoven som byggesteinar, på svært uventa vis.

Tsjekkiske Vítězslava Kaprálová er eit av dei store genia i musikkhistoria, både som dirigent og komponist. Ho gjekk bort berre 25 år gamal, med mange verk uskrivne. Den folkloristiske Suita rustica er for første gong på KORKs program. Konserten blir leia av Otto Tausk, ein populær gjestedirigent i KORK.

BILLETTAR