Hopp til innhold

Fleire ordførarar ynskjer gigantkommune

I Innlandet har kommunereforma enno ikkje ført til kommunesamanslåing. Det er i ferd med å snu.

STORKOMMUNE: Tre av seks ordførarar i Nord-Gudbrandsdalen ynskjer å slå saman seks kommunar til ein storkommune.

STORKOMMUNE: Tre av seks ordførarar i Nord-Gudbrandsdalen ynskjer å slå saman seks kommunar til ein storkommune.

Foto: NRK

– Eg trur det har modna for mange, og ein ser kanskje at det kan vere, i enkelte tilfelle, nyttig å ha ein større kommune, seier Vågå-ordførar Harald Sve Bjørndal (BL).

Sjølv om kommunereforma sidan 2014 har ført til at 119 kommunar på landsbasis har blitt til 47 nye, så har samanslåingane latt vente på seg i Innlandet. Folkerøysting enda nemleg i «Nei» i fleirtalet av kommunane dette var aktuelt for i 2016.

Fire av dei seks ordførarane i Nord-Gudbrandsdalen seier til NRK at dei i dag er opne for samanslåing med ein eller fleire kommunar. Tre av desse vil at alle dei seks kommunane skal bli til ein storkommune.

Dersom Vågå, Sel, Lom, Skjåk, Dovre og Lesja blir slått saman til ein storkommune, får denne eit areal som utgjer nesten ein femtedel av heile Innlandet. Midt mellom Jotunheimen og Rondane kan ein altså få ein gigantkommune.

Sve Bjørndal seier han primært ynskjer nettopp ein storkommune.

– Eg trur det hadde vore mest framtidsretta.

Fleire for storkommune

Ordfører i Vågå, Harald Sve Bjørndal

VIL HA STORKOMMUNE: Vågå-ordførar Harald Sve Bjørndal (BL) får medhald frå ordførarane i Lom og Dovre. Dei ynskjer å slå saman alle dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Sve Bjørndal får medhald av ordførarane i nabokommunane Lom og Dovre. Ordførar Astrid Skomakerstuen Ruste (Ap) i Dovre seier det viktigaste er å bevare tenester for helse, skule og oppvekst.

– Me må bygge ein struktur som gjer at me kan bevare dei grunnleggande tenestene over lang tid, og då må me sjå kor me kan effektivisere administrasjonen, seier Skomakerstuen Ruste.

Sjølv om 76 prosent i Lom stemte nei til samanslåing i 2016, meiner ordførar Bjarne Eiolf Holø (Sp) at det i dag ikkje trengst ei folkerøysting før ei eventuell samanslåing.

– Me er nøydde til å gjere eit godt grunnlagsarbeid og synleggjere at me tar ansvar for å levere gode og trygge tenester til innbyggarane våre, seier Eiolf Holø.

– På den måten bør me ha «go» for at dei enkelte kommunestyra er valde for å styre kommunane sine framover, seier han.

Åtvarar Vågå kommune

To ordførarar kan likevel hindre at storkommunen blir ein realitet. Skjåk-ordførar Edel Kveen (Sp) seier at ho så langt har sett at samanslåing i andre kommunar ikkje har gitt verken arbeidsplassar eller betre økonomi.

Lesja-ordførar Mariann Skotte (Sp) var for samanslåing av Lesja og Dovre i 2016, men no er ho også imot kommunesamanslåing.

Ordfører i Lesja kommune, Mariann Skotte.

ÅTVARAR: Lesja-ordførar Mariann Skotte (Sp) åtvarar Vågå kommune mot samanslåing utan å høyre på folket.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Utifrå dei realitetane eg har sett fram til no er det lite økonomi å hente, seier Skotte.

– Me har eit arbeidsgivaransvar overfor våre tilsette i Lesja kommune, og ved ei sentralisering av administrative tenester så vil det bli for store avstandar, seier ho.

Lesja-ordføraren har også ei åtvaring til Vågå kommune, der 81,6 prosent stemte nei til samanslåing i 2016, og var den kommunen i Nord-Gudbrandsdalen der flest stemte nei.

– Eg trur dei skal ta ein prat med folket også i denne prosessen, seier Skotte.

Vil hjelpe til for å få samanslåing

Knut Storberget, fylkesmann i Innlandet.

VIL BIDRA: Fylkesmann Knut Storberget i Innlandet synest det er svært interessant at kommunar tar initiativ til samanslåing.

Foto: Ole Martin Sponberg

Fylkesmann Knut Storberget i Innlandet seier staten vil bidra så godt dei kan dersom kommunar i Innlandet ynskjer å slå seg saman.

– I den grad dei treng hjelp til å prosjektere dette så vil me frå Fylkesmannen si side kunne bidra økonomisk og personellmessig, seier Storberget.

– Me har dialog med regjeringa om ein pilotordning der ein kan sjå på moglegheiter for ekstra insentiv.

Trur det kjem av press

Samfunnsforskar Jon Helge Lesjø ved Høgskolen i Innlandet seier samanslåinga som no vert diskutert kan komme av at ordførarane føler press frå ei stadig meir dramatisk befolkningsutvikling.

Jon Helge Lesjø

PRESS: Samfunnsforskar Jon Helge Lesjø ved Høgskolen i Innlandet meiner kommunane diskuterer samanslåing fordi dei truleg føler press om å levere gode tenester.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Folketalet søkk og gjennomsnittsalderen aukar. Samtidig har dei ein anstrengt økonomi, og det er et press om å levere gode kommunale tenester, seier Lesjø.

Han trekk fram at det her er eit mønster at dei to ordførarane som er mest negative, også har lengst avstand geografisk til det som kan bli kommunesenteret i ein eventuell ny storkommune.

– Samtidig har Skjåk og Lesja også kraftinntekter som gjør at situasjonen ikkje opplevast som så akutt, seier Lesjø.

Flere saker fra Innlandet