Hopp til innhold

Sp-ordføraren tek til orde for å slå saman kommunane: – Eit skot frå hofta

No er han på friarferd til nabokommunane. Resultatet kan bli ei kommune på Vestoppland.

Ordførar Bror Helgestad i Østre Toten kommune.

STORKOMMUNE: Østre Toten kommune kan bli historie. Senterpartiet i kommunen tek til orde for å sjå på moglegheitene for ei kommunesamanslåing på Vestoppland, der Gjøvik og Toten-kommunane slår seg saman.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er eit skot frå hofta, men eg synest det er interessant.

Det seier Bror Helgestad (Sp), ordførar i Østre Toten kommune.

Han meiner tida no er inne for å sjå på om Toten-kommunane og Gjøvik kommune bør bli ei kommune.

– Om det er stemning for det hos oss og i dei andre kommunane, så er eg interessert i å få starta ein prosess.

Utfyller kvarandre

Vestre Toten og Raufoss har industrien, medan noko av det beste jordbruksarealet i landet ligg i Østre Toten kommune.

Gjøvik kommune har på si side utvikla seg til å bli ein akademia og universitetsby.

NTNU Gjøvik

På Gjøvik ligg NTNU. Østre Toten har blant landets beste jordbruksareal, medan Vestre Toten har industrien og fleire tusen arbeidsplassar knytt til dette.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Vi har våre kvalitetar og utfyller kvarandre godt, meiner Sp-ordføraren i Østre Toten.

Kommunane samarbeider allereie godt om fleire tenester, slik som til dømes krisesenter, renovasjon og IKT.

Folk på Vestoppland har delte meiningar om ei eventuell kommunesamanslåing og storkommune:

Anne Brit Snuggerud

Anne Brit Snuggerud

– Kommunesamanslåing kan vere positivt når det kjem til økonomien.

Færre folk i administrasjonen kan lempe på utgiftene til kommunane, og desse midlane kan heller blir brukt på andre ting som gagnar innbyggarane meir, meiner ho.

Wenche Løken

Wenche Løken:

– Nei! Eg vil ha dei kvar for seg.

– Eg synest det er greitt slik det er no.

Stein Auno

Stein Auno:

– Personleg meiner eg ein skal slå dei saman. Eg trur dette er bra.

Inger Kirkerud

Inger Kirkerud:

Ho fryktar Biri, som ligg nord i Gjøvik kommune, kan bli ein utkant.

– Eg ser ingen fordelar ved å slå seg saman på ståande fot.

Kvalitet framfor kvantitet

Helgestad trur nokre meiner det er oppsiktsvekkande at førespurnaden kjem frå Senterpartiet.

– Senterpartiet er opptekne av tenester nær folk. I Østre Toten er vi opptekne av gode tenester i nogenlunde nærleik.

– Kvaliteten på tenesta er viktigare enn at det er rett utanfor stovevindauget, seier han.

Dei tre nabokommunane på Vestoppland: Østre Toten, Vestre Toten og Gjøvik.

Ordførarkollegaene i Vestre Toten og på Gjøvik, er blant dei som vart overraska over forslaget frå Sp-ordføraren.

– Det er interessant. Førespurnaden kom overraskande på, men eg tenker at dette må vi sjekke ut, og det skal vi gjere, seier Tonje Bergum Jahr (Ap), ordførar Vestre Toten kommune.

Tonje bergum Jahr, ordførar i Vestre Toten (Ap)

Tonje Bergum Jahr (Ap) er ordførar i Vestre Toten kommune. Ho er nysgjerrig og interessert i å greie ut moglegheitene for ei storkommune. – Så får vi sjå kva vi ender opp med.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er ein moglegheit vi ikkje kan seie nei til å utforske, seier ordførar i Gjøvik, Anne Bjertnæs (H).

No skal dei tre kommunane samkøyre seg og presentere saka for sine kommunestyre.

Vegen fram til ei eventuell storkommune er lang.

Anne Bjertnæs, ordfører Gjøvik

Anne Bjertnæs er ordførar (H) i Gjøvik kommune. Ho meiner ei storkommune på Vestoppland med vel 60 000 innbyggarar kan få mykje slagkraft.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Folk er modne for tanken

Stina Håkensbakken er samfunnsredaktør i Oppland Arbeiderblad som mellom anna dekker dei tre kommunane som no vil sjå på moglegheita til å bli ein.

Også dei har skrive om at ordførarane no vil sjå på moglegheitene for ei samanslåing.

Så lenge politikarane og innbyggarane vil, trur Håkensbakken at Gjøvik og Toten-kommunane kan bli ein.

– Dei jobbar tett saman, har mykje til felles og utfyller kvarandre godt. Dei har også mange av dei same utfordringane, som for eksempel mangel på fagfolk som det vil vere ein fordel å ikkje konkurrere om.

Synest du at Gjøvik, Vestre Toten og Østre Toten burde slå seg saman?

Debatten om kommunesamanslåing på Vestoppland kjem opp igjen åtte år etter at innbyggarane la ballen død.

For i 2016 var det snakk om «Vestoppland kommune». Det kunne blitt den 8. største kommunen i Noreg, ved at Gjøvik, dei to Toten-kommunane og Søndre Land slo seg saman.

Gjøvik, Østre og Vestre Toten

Åtte år etter at innbyggarane la ballen død, blir det igjen tatt til orde for å slå saman Gjøvik og Toten til ei kommune.

Men dette vart det ingenting av. Det var i stor grad den rådgjevande folkeavstemminga som sørga for at kommunesamanslåinga den gong vart lagt på is.

No meiner derimot redaktøren at folk er meir positive til ideen om ei stor kommune på Vestoppland.

– Tanken er vesentleg meir moden i dag, seier Håkensbakken.

Les også Lykkelig som liten - Vang vil stå alene

Vang i Valdres