Hopp til innhold

Harde klassekampar forma det politiske landskapet i Innlandet

– I Innlandet har dei gamle konfliktane på eitt vis sett spor i sinna til folk, heilt inn i nyare tid.

Jon Helge Lesjø har skrive boka Innlandets politiske landskap

Sosiolog og professor ved Høgskolen i Innlandet, Jon Helge Lesjø har skrive boka om det politiske landskapet i Innlandet. Og det landskapet har i stor grad vore forma av Ap.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Det seier Jon Helge Lesjø, sosiolog og professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet, som har skrive boka «Innlandets politiske landskap». Den tar for seg utviklinga i innlandspolitikken frå 1920-talet og fram til i dag.

Boka bygger på politisk sosiologi og valforsking, og på resultata frå 26 Stortingsval. Og frå dei 20 åra Lesjø var politisk kommentator i NRK Innlandet, fram til og med valet i 2021.

Medan landsdelar som Vestlandet og Nord-Noreg har fått sine politiske historier skrive, finnast det ikkje noko verk som viser dei historiske linene i politikken i Hedmark og Oppland.

– Innlandet har ei spennande politisk historie som er verd å skrive ned. Og om vi ser bakover til 1920-talet ser vi at dei politiske skiljelinene som var da, prega politikken langt inn i vår tid, seier Lesjø.

Bygd og småby

Det geografiske landskapet i Innlandet er prega av dal og fjell, skog og flatbygd. Og folk har i stor grad vore busett på bygda og i bygdebyane. Og framleis er det eit fylke med spreitt busetting og utkantproblematikk.

Og dei to partia som har prega politikken i denne delen av landet, er Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Ingen stader i landet har Ap stått så sterkt over så langt tid som i Hedmark. Det er ikkje utan grunn det har vore kalla «Det raude fylket».

Opp gjennom åra har det vore nokre skilje mellom Hedmark og Oppland, der Arbeidarpartiet stod sterkast i Hedmark, medan Senterpartiet stod sterkast i Oppland

Lesjø skriv om politiske landskap og politiske bølger, som på ulikt vis har prega Innlandet. Dei ulike politiske bølgene har ikkje slått så hard ut i Innlandet som mange andre stader.

Og det politiske landskapet har vore ganske så likt seg, nesten heilt fram til dei siste tiåra.

Oddvar Nordli besøker Høyanger etter flaumen i 1971

Odvar Nordli frå Stange i Hedmark var statsminister frå 1976–1981. Ingen politikar frå Innlandet har komme lengre enn det. I 1977 fekk partiet 60 prosent oppslutning i Hedmark.

Klassekampane

Både i Hedmark og Oppland var det harde klassekampar på 1920 og 1930-talet.
Det utvikla seg til dei reine slaga, og dei var knytt til skogsdrifta, meir eksakt til tømmerfløytarane.

Tømmeret vart transporter frå skogen og ned til sagbruka lengre ned i vassdraga på, via elver og vassdrag. Tømmeret flaut på vatnet. Til det måtte ein ha sterke karar som kunne løyse opp vasar med tømmer, gjerne med å hoppe på stokkane ute i elva. Eit tungt og farleg arbeid.

Det var ikkje utan grunn at det var fløytarane som først organiserte seg. Men skogeigarane og storbøndene meinte dette var unødvendig.

Tømmerfløtere ved Julussa i Hedmark

Tømmerfløytarar ved Julussa i Hedmark. Det var eit tungt og farleg arbeid.

Foto: Elverum historielag

Les også Jobbet med politibeskyttelse

I 1927 la fløytarane i Julussa i Åmot Østerdalen ned arbeidet fordi dei var misnøgde med lønstilbodet dei fekk. Skogeigarane svara med å hente inn andre til å gjere jobben, altså streikebrytarar.

Det enda med at fløytarar frå Åmot og Elverum gjorde opprør, og med gevær i hand prøvde dei å jage streikebrytarane. Da svara Justisdepartementet med å sette inn Statspolitiet for å beskytte streikebrytarane.

Opprørarane måtte gje seg, men i etterkant vart Skog- og landsarbeidarforbundet stifta.

Kommunistar og NS

Og ut av konfliktane i Julussa og andre stader vaks det fram ei arbeidarrørsle og ei bonderørsle.

Arbeidarrørsla hadde to sterke parti, Kommunistane og Arbeidarpartiet.

På den andre sida var Bondepartiet.

Der valde fleire å bli med i NS og bli på lag med tyskarane. Dette skapte enda sterkare skilje. Motsetningane og mistrua hang att i bygder der NS hadde vore sterke, i mange år etter krigen.

– På den måten vart konfliktane den gong på eit slags vis lagra i folk sine sinn også etter krigen og opp mot nyare tid, seier Lesjø.

Stordomstid for Arbeidarpartiet

Dei levde vidare og prega stemmegivinga til folk også i gjenreisings- og vekstperioden etter 2. verdskrig.

–Det var stordomstida for Arbeidarpartiet. Dei greidde å foreine folk både i bygd og by. I byar og i bygdebyar vart det industrireising og på bygda var det store endringar. Den sterke lojaliteten til Arbeidarpartiet gjorde endringane mogleg.

– Og arbeidarpartiavisene bygde opp under dette. I nokre byar var ordførarane også redaktør i periodar. Mellom anna var den sterke ordføraren i Gjøvik, Nils Ødegård redaktør for OA nokre år

Høgre var på den tida eit reint byparti, og Venstre stod ikkje like sterkt i bygdene i Innlandet som t.d. på Vestlandet.

Bondepartiet på si side sleit i åra etter krigen. Inntil det etter kvart vart omforma til Senterpartiet. Partiet har ønskja, og i periodar også greidd, å nå andre grupper enn bønder.

Meir lik resten av landet

Frå 1970 og fram til i dag har heller ikkje Innlandet vore heilt urørt av politiske bølger. Og Ap har hatt sterke svingingar. Ikkje minst på grunn av dei to EU- avrøystingane i 1972 og 1994. Da snudde mange ryggen til Ap. Og spesielt etter den siste, fekk Sp stor oppslutning.

– Og i dag er Arbeidarpartiet heller ikkje lengre eit dominerande parti i Innlandet, men meir eit parti på line med dei andre partia, seier Jon Helge Lesjø.

– Ei lang politiske bølge ebbar ut.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Med hedmarkingen Trygve Slagsvold Vedum som partileiar, gjorde Sp eit stort oppsving i Hedmark. 

Foto: Ragnhild Vartdal

Sentraliseringsproblematikken har prega det innlandske politiske landskapet sidan 70-talet. Mange i bygdene har kjent seg svikta av storsamfunnet.

– Det har vore ei kjensle av at utkantane må betale prisen for at sentrale strok veks. Ikkje minst symbolisert ved rovdyrpolitikken, seier Jon Helge Lesjø.

Ved førre stortingsval var Sp for første gong større i Hedmark enn i Oppland, og Ap større i Oppland i enn i Hedmark.

Elgå-ulven blir merket

Rovdyrkonflikten har på ein måte vorte eit symbol på konfliktane mellom sentrale strok og utkantane i Innlandet. Dette er den såkalla Elgåulven som NINA merka, flytta og skjerma for jakt.

Foto: Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

Flere saker fra Innlandet