Hopp til innhold

Raudgrøn seier i Innlandet

Arbeiderpartiet og Senterpartiet vart dei store vinnarane i Innlandet mens Høgre og Framstegspartiet fekk inn ein representant frå kvart valdistrikt.

Jubel hos Sp

JUBEL: Senterpartiet gjorde eit godt val i Innlandet. Her presentert ved Marit Knutsdatter Strand og Bengt Fasteraune. – Dette er ei kjempetilbakemelding på at folk ønsker ei ny regjering. No skal vi stoppe sentraliseringa, og satsa på heile Oppland. Det gleder eg meg til, seier Marit Knutsdatter Strand.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Innlandet står fast som ein solid Ap- bastion etter gårsdagens val. I Oppland fekk Arbeiderpartiet ei oppslutning på heile 35.2 prosent, og det er det same som for fire år sidan.

I Hedmark vart det ein nedgang jamført med førre val. Ap enda her med ei oppslutning på 33.3 prosent av røystene, det er ein nedgang på 2.3 prosentpoeng.

Brakval for Senterpartiet

Senterpartiet gjekk fram heile 6.1 prosentpoeng i Hedmark, og enda med ei oppslutning på 28.2 prosent.

Også i Oppland gjekk Sp fram. Partiet enda med ei oppslutning på 26.2 prosent, det er ei framgang på 4.1 prosentpoeng.

Oppland Senterparti var samla på valvake på Honne på Biri :

– Det er jo ei rekordmåling. Vi har aldri hatt betre resultat i Oppland. Eg håper at det òg er det vi ser i morgon tidleg når alt er gjort opp, sa Bengt Fasteraune frå Oppland Senterparti i går kveld.

  • Det ligg an til fleirtal for dei fem raudgrøne partia i stortingsvalet:

Carl I. Hagen tilbake på Stortinget

Han har vore ute av Stortinget i 12 år, men no kan veteranen i Framstegspartiet ta fatt på si niande periode som stortingsrepresentant. Hagen er valt inn som representant for Oppland Frp.

Han er sjølv frå Oslo, men kona Eli er frå Gudbrandsdalen, og dei to har hytte på Lesja.

Også på Hedmarksbenken blir Frp representert; Tor André Johnsen går inn i si tredje periode på Stortinget.

Carl og Eli

SPENNING: Eli og Carl I. Hagen på valvake på Lillehammer. Det er få stemmer som kan avgjere om det blir stortingsplass for Carl.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Mister populære ordførarar

Nord-Fron mister den populære ordføraren sin, Rune Støstad (Ap) til hovudstaden. Det same skjer i Nord-Odal, der Lise Selness er ordførar for Arbeiderpartiet.

Blir historisk

Høgres Anna Irene Molberg blir den første kvinnelege stortingsrepresentanten som er fast vald inn frå Hedmark Høgre på Stortinget.

I Oppland er Anne Kari Jønnes inne frå Høgre.

Anna Molberg

BLIR HISTORISK: Anna Irene Molberg blir den første kvinnelege representanten som er fast vald inn frå Hedmark Høgre.

Foto: Høyre

Mister plassen etter 24 år

Karin Andersen frå Hedmark SV er ute av Stortinget etter 24 år. Partiet enda med ei oppslutning på 6.7 prosent, men det heldt ikkje for å halde på plassen på Hedmarksbenken for Andersen.

 Karin Andersen (Sv)

UTE: Karin Andersen hadde nær rekord i talet på utjamningsmandat, men no er Hedmark SV ute av Stortinget.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Slik ser det ut no:

I Oppland er det fem distriktsmandat og i Hedmark er det seks. I tillegg har begge valdistrikta kvart sitt utjamningsmandat. Dette er lista over kven som skal på Tinget:

Oppland:

  1. Rune Støstad (Ap)
  2. Rigmor Aasrud (Ap)
  3. Marit Knutsdatter Strand (Sp)
  4. Bengt Fasteraune (Sp)
  5. Kari- Anne Jønnes (H)
  6. Carl I. Hagen (Frp)

Her kan du sjølv følge med på det som skjer i Oppland når stemmene telles:

Partioppslutning: Oppland

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

Hedmark:

  1. Nils Kristen Sandtrøen (Ap)
  2. Anette Trettebergstuen (Ap)
  3. Lise Selness (Ap)
  4. Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
  5. Emilie Enger Mehl (Sp)
  6. Tor André Johnsen (Frp)

Her kan du sjølv følge med på Hedmark valkrets:

Partioppslutning: Hedmark

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

Flere saker fra Innlandet