Hopp til innhold

Køyrde i hel ulv – fanga det heile på video

Onsdag morgon vart ulven påkøyrt i Trysil då den skal ha jaga elg over vegen.

Ulv påkøyrt i Trysil
Foto: Privat

Andre Kamrud arbeidar natt, og er vann med å sjå vilt langsmed vegen. Onsdagsmorgonen vart likevel meir dramatisk enn han kunne tenke seg.

– Det kom ei elgku saman med kalven sin opp på venstre side av vegen, fortel Kamrud.

Medan dei for over vegen, dukka det opp noko han ikkje rakk å sjå.

– Blikket mitt følgde jo dei, og eg bremsa, men eg såg ikkje ulven som jaga etter dei, så den gjekk dessverre under bilen.

Filma hendinga

Kamrud har dashbordkamera i bilen, og fanga påkøyrselen på video:

Dashbord-kamera fanga påkjørselen

Han fortel at det var veldig uventa, og at det er meir vanleg å tenke at ein må passe seg for elg og rådyr i området. Uansett var det ei ugrei oppleving.

– Eg tenkte at no kom det til å bli eit helvete frå begge sider i rovdyrdebatten med korleis det gjekk, men det er alltid tragisk å køyre på dyr uansett.

Han er for å ta vare både på vilt og jordbruk vi har i Noreg, og stiller seg ganske midt i rovdyrdebatten.

Statsforvaltar og naturoppsynet varsla

Politiet vart varsla om hendinga 05:53 onsdag morgon.

– Det skjedde på riksveg 25, i nærleiken av Trysil flyplass, seier operasjonsleiar Sidsel Svarstad.

Ifølgje Svarstad var ulven daud på staden. Politiet har vore ute og teke dyret inn til Elverum politistasjon. Statsforvaltaren og naturoppsynet er varsla.

– Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart i denne samanhengen, legg Svarstad til.