Hopp til innhold

Svitlana Valko forstår ukrainarane som boikotta Litteraturfestival

Under to ulike arrangement i Lillehammer står russarar på programmet denne veka. – Festivalen burde gjeve scena til andre nå, seier ukrainsk aktivist.

Svitlana Valko

KRITISK: Aktivisten Svitlana Valko avdekker krigsbrotsverk i Ukraina. – De må forstå at alle vi har mista nokon vi kjenner, seier ho.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

RETTELSE: I ein tidlegare versjon an denne saka brukte vi eit sitat i tittelen. Dette er ikkje eit direkte sitat og vart endra 02.06.22 kl. 13.30.

Tittelen på denne saka er endra 2.06.22

Svitlana Valko arbeider for Truth Hounds, ein av partnarane til Helsingforskomiteen. Dei arbeider mellom anna med å avdekke krigsbrotsverk i Ukraina.

Denne veka er det både ein Ytringsfridomskonferanse (WEXFO) og litteraturfestival på Lillehammer. Begge stader er både russarar og ukrainarar på programmet.

Valko var til stades. Men er ikkje nådig mot arrangørane som har invitert russarar.

Svitlana Valko

HAR FEILA: Svitlana Valko meiner at russiske opposisjonelle har feila i sine forsøk på endre noko i Russland.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Festivalen burde verkeleg gjeve rommet til andre no medan folk eg kjenner blir drepne i mitt heimland.

Les også Donerer Nobel-medalje til ukrainske flyktningar

Novaja Gazeta-redaktør Dmitrij Muratov med nobelmedalje og nobeldiplom.

Fleire meldte avbod

Før helga vart det kjent at tre ukrainske forfattarar nyleg har meldt avbod frå festivalen. Det var avisa Klassekampen som først omtalte saka. Ukrainarane vil ikkje delta på ein festival som har russarar på programmet.

Svitlana Valko støtter dei fullt ut. Og ville vurdert det same sjølv. Ho stiller spørsmål ved at russarane får så mykje taletid medan landet deira krigar i Ukraina. Det hjelp ikkje at dei inviterte russarane er opposisjonelle, ifølge henne.

Muratov fekk fredsprisen for at han har stått på for ytringsfridom gjennom avisa han er redaktør for, «Novaja Gazeta».

Han hadde ei tale under opninga av Ytringsfridomskonferansen «World Expression Forum (WEXFO)»:

Les også Fredsprisvinner om å være journalist i Russland nå: – Blir slått, fengslet og drept

WEXFO nobelprisvinner

Svitlana Valko avviser ikkje at det finnast opposisjonelle i Russland som lid. Men ho er trøytt av at russiske opposisjonelle får merksemd medan russiske soldatar drep folk i Ukraina.

Beklagar

Festivalsjef Marit Borkenhagen beklagar at dei tre ukrainske forfattarane valde å avlyse turen til Lillehammer.

– Vi skulle veldig gjerne sett dei her, men vi må respektere avgjerda dei har tatt. Dei ukrainske forfattarane står i ein situasjon som vi vanskeleg kan sette oss inn i, seier ho.

Marit Borkenhagen er festivalsjef for Lillehammer litteraturfestival.

RESPEKTERER: Leiar for Norsk Litteraturfestival, Marit Borkenhagen, seier vi må ha respekt for ukrainarane sitt standpunkt.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Borkenhagen seier det heile tida har vore klart at det stod både russarar og ukrainarar på programmet.

Få til dialog

Dei tre ukrainske forfattarane skulle alle delta på ein programpost under tittelen «Ukraina, historia og krigen». Redaktør Christian Kjelstrup i tidsskriftet Samtiden har organisert og skulle leie samtala. Han er lei seg for at ukrainarane har meldt avbod.

– Muratov er fredsprisvinnar. Han har donert prispengane til ukrainske krigsofre. Dersom ukrainarane ikkje kan vere med på festivalen saman med han, forstår eg ikkje korleis vi kan få til dialog, seier Kjestrup.
Nå står ein ukrainar igjen. Det er Serhii Plokhy, professor i ukrainsk historie, busett i USA.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med desse forfattarane.

Katarina Babkina, som også har takka nei til ein invitasjon til festivalen, skriv i ein e-post til Klassekampen at «Russisk kultur er grunnlaget for det russiske samfunnet som drep oss».

Fredsprisvinner Dmitrij Muratov under nobelkonserten i Oslo konserthus.

NOBELPRISVINNAR: Dmitrij Muratov fekk fredsprisen i desember i fjor, to månader før Russland invaderte Ukraina.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Imperialisme

To andre nobelprisvinnarar, Maria Ressa og Abdulrazak Gurnah, er til stades på Stortorget i Lillehammer på Litteraturfestival. Også eksilrussaren Kira Jarmysj er der for å delta i programmet.

Jarmysj er pressetalsperson for den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalny.

Navalny har tidlegare sagt at et er umogleg å gje Krim tilbake til Ukraina, sjølv om han fekk makta. Difor meiner dei ukrainske forfattarane at både Navalny og Jarmysj står for russisk imperialisme.

Les også – Jeg lever med voldsom skyld

Redaktør Novaja Gazeta Dimitrij Muratov foran pulten til Anna Politkovskaja.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen