Hopp til innhold

Halvparten av norske barn er på Snapchat før dei er 13 – mora tok grep før skulestart

Tina fekk med seg foreldra i klassa på å nekte barna Snapchat og Instagram til dei var «gamle nok».

Tina Hauer Hansen

FLEIRE ULEMPER ENN FORDELAR: Tina meiner at femteklassingar ikkje nødvendigvis forstår konsekvensane av å sende, motta og dele vidare bilete.

FLEIRE ULEMPER ENN FORDELAR: Tina meiner at femteklassingar ikkje nødvendigvis forstår konsekvensane av å sende, motta og dele vidare bilete.

Snapchat og andre sosiale medium har aldersgrense på tretten år. Men ungane kan bruke det med lov frå foreldre.

Tina Hauer Hansen er blant dei som vil seie nei. Men ho var likevel bekymra då tiåringen hennar starta i femteklasse.

– Eg ville vere i forkant. Løpet er nok allereie køyrt når alle i klassa brukar Snapchat for å kommunisere med vener, seier ho.

Tina Hauer Hansen sjekker mobilen

TIDLEG UTE: Mange barn byrjar tidleg med sosiale medium, og Tina meiner foreldre må vere i forkant.

TIDLEG UTE: Mange barn byrjar tidleg med sosiale medium, og Tina meiner foreldre må vere i forkant.

Sjølv er ho barnepsykolog, og har blant anna sett konsekvensane av når ein sjølvmordsvideo går viralt på TikTok.

Før skulestart la ho difor ut ei melding til andre foreldre på Facebook og bad om at dei alle skulle halde seg til aldersgrensa:

«Tipper mange av dere allerede har stått i situasjoner der poden har uttrykket ønske om å laste ned eller kjøpe [spill] eller en app til mobilen, som har en aldersgrense som overstig podens egen alder. Og at det gjentagende argumentet « ... men alle andre har fått det!!» har fått deg/dere til å ende med å si «ok da».»

Responsen var overveldande positiv.

Tidleg start

Ifølgje medietilsynet si undersøking «Barn og medium» frå 2020 brukar halvparten av norske niåringar, og 65 prosent av tiåringar ei eller annan form for sosiale medium.

Etter YouTube tronar Snapchat og TikTok øvst blant barna. Snapchat skil seg ut med størst auke på mellomtrinna. Blant ni- og tiåringar brukar 29 prosent appen. Det går opp til 71 prosent blant elleve- og tolvåringar.

Tina Hauer Hansen

DÅRLEGE ERFARINGAR: Gjennom jobben har Tina fleire gonger måtte handtere konsekvensane av ugreie hendingar for barn og unge på sosiale medium.

DÅRLEGE ERFARINGAR: Gjennom jobben har Tina fleire gonger måtte handtere konsekvensane av ugreie hendingar for barn og unge på sosiale medium.

For Tina er det deling av videoar og bilete ho er mest skeptisk til. Ho har vore borti fleire uheldige situasjonar.

– Ingenting er heilt sikkert, og når du deler ting om deg sjølv kan du fort miste kontrollen over det som i utgangspunktet er privat når andre tek skjermdump og delar vidare. Det kan få alvorlege konsekvensar sosialt.

Ho seier at det å ha tilgang på den store verda gjennom sosiale medium, også gir tilgang på stoff som ikkje er bra for ungane. I jobben som barnepsykolog har ho blant anna vore borti at ungar har fått sjå sjølvmordsvideoar som har vore spreidd.

Det har vore traumatiserande for dei, seier ho.

– Eg har møtt barn som såg den sjølvmordsvideoen, og eg har sjølv sett han. Dersom nokon hadde køyrt den videoen opp på ein storskjerm på eit foreldremøte, trur eg ganske mange foreldre hadde sletta kontoen til barna for godt.

Nesten alle har

Nokre av åttandeklassingane ved Hammartun skole i Lillehammer er akkurat gamle nok til å bruke sosiale medium. Men dei har allereie hatt Snapchat i to til tre år.

– Eg trur alle i klassa no har Snapchat, og nesten alle har TikTok, seier Isak (13).

Ungdom om SoMe

MOBILTELEFON I KLASSEROMMET: Emma og Isak viser fram mobilskåpet bakarst i klasserommet. Der ligg mobilen trygt til slutten av dagen slik at ingen tek bilete eller videoar av andre.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Tenåringane seier at kven som får lov og ikkje, kjem an på kva foreldra meiner, og kva for medium det er snakk om.

– Foreldra mine har vore ganske opne på at eg kan ha sosiale medium. Men dei har sjekka at eg berre har folk eg kjenner, og at eg ikkje gjer så mykje gale, seier Emma.

Isak (13) har ikkje like mange reglar, men det er heller ikkje fritt fram.

– Eg er mykje meir ute, så eg brukar det mindre. Men eg har fått beskjed om at eg ikkje skal bruke det så mykje på kvelden, for då kan eg sove dårleg.

Ungdom om SoMe

FOR UNG: For 8.-klassingane er det vanskeleg å seie kor gamal ein bør vere, men ein bør ikkje få det før femteklasse.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Det stadfestar Geir Ola Aasen som er faren til Isak.

Geir Ola Aasen
Foto: Privat

– Det var ikkje ei hard grense for når det var greitt og ikkje greitt å opprette konto. Det hadde meir med kor moden han var. I tillegg var det viktig at han ikkje skulle føle seg utestengt frå eit fellesskap då dei rundt han også fekk Snapchat, seier Aasen.

Han fortel at dei har prata mykje om kva som er greitt og ikkje greitt å sende og ta imot. Og at dei også sjekkar mobilen for kven han følgjer og om han har appar sonen ikkje har lov til å ha.

– Vi har jo nokre erfaringar frå då storesyster hans fekk sosiale medium, og eg føler det har gått fint.

Kan ikkje setje ei grense

Daniel Schofield er forskar i mediepedagogikk ved NTNU. Han seier det ikkje er ulovleg for unge barn å ha kontoar dersom foreldra har samtykka til det.

– Grensa på tretten år tek hovudsakleg omsyn til personvern, ikkje innhaldet på plattforma, seier han.

Daniel Schofield, førsteamanuensis ved NTNU.

MÅ VERE TIL STADE: Det er ikkje lurt å setje ned harde reglar mot forskjellige medium meiner NTNU-forskaren, men ein bør rettleie barnet.

Foto: Elin Iversen / NTNU

Schofield seier det kan vere vanskeleg å finne ut kva rolle vaksne skal ha i barnet sitt digitale liv. Likevel bør ein vere tilgjengelege, meiner han.

– Du bør ikkje stå utanfor med peikefingeren. Barn må få lov til å byggje seg opp kompetanse på forskjellige medium. Det forskinga er veldig tydeleg på er at det er negativt å bli utestengt frå det fellesskapet og den informasjonen dei får på digitale plattformer.

Om alderen skal vere ti, tretten, eller noko anna meiner han er veldig individuelt. Likevel trur han det hjelp å koordinere med venegjengen.

– Det å prate med foresatte til barna som er nærast dine eigne om dette er veldig lurt.

  • Det er mange forskjellige kanalar, og forskjellige retningsliner for kva som er lov.

Kjem til å ta det med vidare

Tina veit ho er ei av dei strengare foreldra på dette temaet, noko som ikkje alltid er like populært med barna hennar. Likevel angrar ho ikkje.

– Vi foreldre må tole å vere upopulære, seier ho.

Tina Hauer Hansen

TOLER Å VERE KJIP: Tina meiner foreldre må tørre å setje grenser for barn.

TOLER Å VERE KJIP: Tina meiner foreldre må tørre å setje grenser for barn.