Hopp til innhold

Dømt for truslar på Facebook: – Like alvorleg som å rope på torget, seier politiet

Ein hundekøyrar frå Hedmark skreiv til ein annan på Facebook; «No kjem eg med fleire og tar deg». Politiet seier mange ikkje skjønar alvoret i truslar på nett.

tingrett

DYRT Å TRUE PÅ FACEBOOK: Det var ikkje vanskeleg for politiet å finne dei truande meldingane til den tiltalte. Politiet seier mange ikkje skjønar alvoret i slike truslar på nett.

Foto: Anders Fehn

Mannen i 50-åra er dømd til å betale ei bot på 9600 kroner. Han skal ha trua ein mann på Facebook som han meiner stal hundesleden hans.

Mannen hadde meldt om tjuveri til politiet to gonger. Saka vart lagt vekk begge gongene. Etter avslaga frå politiet tok mannen direkte kontakt med fornærma på Facebook.

«Eg veit kven som har [sleden], men lite hjelp å få frå politi og styresmakter» og «Du har to dagar på deg (...)», skreiv han.

No er mannen i 50-åra dømt til å betale ei bot eller sitje 19 dagar i fengsel.

NRK har vore i kontakt med den fornærma. Vedkommande ønskar ikkje å kommentere saka.

Det var Arbeidets Rett som først skreiv om tiltalen.

Overraska over dommen

NRK har vore i kontakt med mannen som no er dømd for truslane. Han fortel at han sa seg skuldig i retten og har godteke bota på 9600 kroner.

Sjølv var han mest oppteken av å få tilbake sleden, som han meiner var stolen frå han. Og han vart overraska då han vart meldt for truslar.

– Eg skjønar at det kom skeivt ut. Ein må trå varsamt. Eg hadde ikkje sett for meg at det skulle ende med ein dom, seier mannen.

Johan Martin Welhaven, påtalesjef i Innlandet politidistrikt, seier mange ikkje skjønar alvoret i slike truslar på nett.

– Du får kanskje meir distanse til den du vender deg til når du sit og hakkar det ned på tastaturet, i staden for når ein står ansikt til ansikt. Ein tenker ikkje i dei baner og ein har ikkje oversikt over strafferetten. Ein ser ikkje alvoret i det ein gjer, seier han.

  • Lurer du på kva som er ulovleg å seie på nett? Les deg opp under:

– Like alvorleg som å rope på torget

Welhaven seier at ein kan bli straffeforfulgt for truslar dersom:

  • Ein har trua ein annan person med straffbare handlingar. Til dømes om ein har trua med vald eller med å gjere skade.
  • Trusselen skal ha vore lagt fram på eit slikt vis at det har ført til alvorleg frykt hos den som blir trua.

Politiet har også laga ein video om kva som er lov å skrive på nett:

VIDEO: JAKOB ØSTHEIM/POLITIET

Men truslane må ikkje skje direkte, det kan vere like straffbart om nokon blir klar over truslane via andre personar.

Politiet har oversikt over kor mange som har meldt truslar og omsynslaus åtferd til dei. Men dei har ikkje statistisk verktøy for å ta ut eigne tal på kor mykje av det som skjer i sosiale medium. Det er like alvorleg uansett korleis det skjer, seier politiet.

– Det du seier verbalt, det du skriv i eit brev, det du ropar ut på eit torg eller det du skriv i sosiale medium, det blir vurdert likt, fortel Welhaven.

Johan Martin Welhaven

NETTHETS: Johan Martin Welhaven i politiet i Innlandet seier dei har mykje meir fokus på netthets no, spesielt inn mot valet. – I sosiale medium er filter borte, seier han.

Foto: POLITIET

Tal frå Innlandet politidistrikt viser at meldingar som handlar om skremmande åtferd har auka frå 2017 til 2020. Det same gjeld truslar. Til no i 2021 har dei fått inn 197 meldingar som handlar om truslar.

I det siste har politiet hatt fokus på hets og truslar, spesielt i samband med same- og stortingsvalet.

Førre veke hadde dei eit møte saman med fylkeskommunen, statsforvaltaren og KS, der dei prata om at politikarar, spesielt unge politikarar, er ekstra utsett for hets og truslar.

Må reagere

Aktor Vibeke Stolp Ekeland seier at den teknologiske utviklinga gjer at det i mange tilfelle blir enklare å gjere seg skuldig i straffbare handlingar.

Det inkluderer truslar på sosiale medium.

– Vi må reagere når folk oppfører seg slik. På den måten kan vi hindre at det skjer meir av i framtida, seier aktoren.

Den tiltalte vart gitt eit førelegg for truslane som kom fram, men sa seg ikkje einig i at han skulle betale det. Dermed vart saka sendt til retten.

I retten innrømma mannen at han ville skremme med det han skreiv.

– Vi har ikkje lov til å ta loven i eigne hender i Noreg, og det er klart dette er straffbart og dermed skal straffast, seier Stolp Ekeland.

Johan Martin Welhaven har råd til dei som opplever ein ubehageleg situasjon på nett - og som vurderer å melde til politiet:

– Ta vare på SMS og e-post og kontakt politiet, så kan vi snakke om korleis vi handterer det vidare.

Welhaven seier dei skil mellom kva som er akseptabelt å skrive og ikkje. Og at det ofte handlar om folkeskikk.

Han oppfordrar folk til å ta følgjande test:

– Dersom du skriv noko på nett, ville du sagt det same dersom du sto overfor denne personen fysisk?

  • Ein kronikkforfattar skriv om at folkeskikk er ei ganske kul greie, som ein bør prøve ut. Les kronikken her.

Flere saker fra Innlandet