Hopp til innhold

Gyda (14) gjer seg klar for jegerprøva – nasjonalt er det lange ventelister på kurs

Det siste året har interessa for å gå ut på jakt skote i vêret. Og no vil fleire jakte på villreinen.

Gyda Glesaaen Johansen på jegerprøvekurs

SIKTAR SEG INN: Gyda gjer seg klar for jegerprøva med kurs.

Foto: Åshild Slåen / NRK

I år er det mange som står i kø for jegerprøvekurs. Helga før den femtende bursdagen hennar, er Gyda Glesaaen Johansen ei av dei heldige som får opplæring. Etter ho har stått, har ho planane klare.

– Eg skal byrje med småvilt, også tenker eg å bli med på større dyr når eg blir meir erfaren. Ein gong kan eg kanskje gå på reinsjakt, seier ho.

Gyda er ikkje åleine i interessa i villrein. I år har Statskog 93 tilbod på rein, totalt 119 dyr, men dei har fått inn 2375 søknadar.

Gyda må lære mykje før ho kan ta jegerprøva

Gyda Glesaaen Johansen på jegerprøvekurs

I tillegg til teori, må ho kunne bedømme avstand

Gyda Glesaaen Johansen på jegerprøvekurs

Handtere våpen rett

Gyda Glesaaen Johansen på jegerprøvekurs

Og vite korleis dei sikrar ei human og trygg jakt

Gyda Glesaaen Johansen

Eksklusiv jakt

Statskog sine søkartal på villrein er 25 gonger større enn tilbodet. Det er ein oppgang på 400 søkarar frå i fjor.

Kristian Eiken Olsen

REKORDTAL: Statskog har rekordsøkartal på villreinjakt.

Foto: Statskog

– Det blir litt bingo om du får jaktkort, seier Kristian Eiken Olsen.

Han er konsulent i Statskog for jakt og fiske, og har sjølv jakta på villrein. Det er ikkje for kven som helst.

– Du går ofte åleine, over lange strekningar, og må bere tungt attende. Samstundes er det eit eksklusivt dyr. Den einaste ville fjellreinen som er att i Europa er i Noreg.

Auka interesse

Men det er ikkje berre villreinjakt som har ein oppsving i søkarar. Noregs jeger og fiskarforbund har 6000 fleire medlemmar i år enn i fjor. Leiaren i NJFF, Knut Arne Gjems, trur det har samanheng med ei auka friluftsinteresse.

Knut Arne Gjems

FOLK STÅR I KØ: NJFF arbeidar med å få sett opp nok jegerprøvekurs i koronatida.

Foto: Stig Karlo Helstrøm

– Folk har fått med seg at naturen er koronavenleg, og det gjeld også jakt. Vi har no lange ventelister på kursa våre for jegerprøva.

Småviltjakt har også ein god oppgang, noko han tenker er naturleg, sidan det er ein lågare terskel for dei som er heilt ferske å byrje med slik jakt.

– I tillegg er det færre som reiser over grensa til Sverige for å til dømes jakte på fugl.

Viktig med forvalting

Torgeir Lande, rådgjevar for jakt, fiske og friluftsliv i fjellstyresambandet, er glad for at nye folk får opp auga for jakt.

Torgeir Lande, fjellstyresambandet

RIKTIG FORVALTING: Fjellstyra forvaltar statsallmenningar som står for mange jakttilbod.

Foto: Privat

– Det er kjempefint at folk kjem seg ut i naturen. All jakt i Noreg er basert på overskot av dyr, og det trengst jegerar som kan ta dei dyra. Villreinen i Rondane og mot Dovre har hatt gode kår, og då må vi halde den ved like.

Fjellstyra i tidlegare Oppland har ikkje hatt like stor oppgang i søkarar til villreinjakt som Statskog, men med 3601 søkarar frå utanbygds på 292 tilbod for 2021, er det nok jegerar å ta av.

Det er ikkje alle stader i Noreg reinen har hatt like gode kår. Les meir om skrantesjuka som har ramma hjortedyr på Hardangervidda.

Tek vidare tradisjonen

Gyda er einig i at jakt gir gode naturopplevingar.

Gyda Glesaaen Johansen

ANNLEIS FRILUFTSLIV: For Gyda blir naturen meir interessant på jakt.

Foto: Åshild Slåen / NRK

– Det er noko anna enn når ein går ein søndagstur. Eg har gått litt på jakt med far min etter smådyr som skarv og rev og slikt. Det er artig å oppleve dyr på nært hald.

Ho framhevar også den sosiale delen av jakt, og noko av interessa hennar kjem av at det står sterkt i familien hennar.

– Både bestefar og far min jaktar, også har bror og syster mi jakta litt.