Hopp til innhold

Fekk reaksjonar etter kronikk om rasisme

Sigrid Havig Berge sin kronikk om rasisme skapte reaksjonar. – Det er viktig å heve stemma og seie ifrå, seier ekspert.

Illustrasjon

RASISME: Sigrid Havig Berge sine tre barn er halvt colombianske og har hatt ulike opplevingar med rasisme gjennom oppveksten. Det gjorde at Berge skreiv kronikk om temaet.

Foto: Privat

– Eg har inntrykk av at foreldre tar til seg det eg har skrive, og tar ein skikkeleg runde der dei pratar med eigne ungar om temaet, seier Sigrid Havig Berge.

Nyleg skreiv ho kronikken «Barna som blir kalla svarting» på NRK. Saka er lese av nesten hundre tusen, og er delt i sosiale medium mellom anna med oppfordringar om å snakke om temaet.

«I barnehagen var aldri hudfarge et tema. På skolen har et nytt fenomen dukka opp: rasistisk utskjelling», skriv ho i ytringa.

Berge sine tre barn har vakse opp i Valdres, og er halvt norske og halvt colombianske. Dei har, trass den unge alderen på åtte, elleve og fjorten, allereie fått oppleve rasisme.

Etter ho skreiv ytringa har ho fått masse respons. Det tikkar inn meldingar frå folk som takkar for at ho skreiv den.

– Folk fortel om eigne opplevingar med rasisme og form for utanforskap som dei har opplevd, seier Berge.

Sigrid Havig Berge

KRONIKK: Sigrid Havig Berge har tidlegare jobba som journalist i NRK Innlandet, og når ho no jobbar som innhaldsprodusent i Sparebank 1 Valdres skreiv ho kronikk om rasisme.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Opplevde rasisme

Berge seier barna hennar, gjennom heile skulegongen, har opplevd at det tidvis har vore drypp av rasisme både på skulen og på fritida.

– Det har ikkje vore mykje, men det har skjedd fleire gonger opp igjennom, seier Berge.

Ein gong sonen var ute med skateboardet sitt, køyrde det ein vaksen mann forbi og ropte «neger» til han.

Eit par dagar etter hadde den andre sonen to opplevingar på skulen der ein medelev ropte «svarting» til han.

– Då kjente eg at «no byrjar eg å få nok». Fordi dette er noko som føregår utan at så mange eigentleg er klar over det, seier Berge.

Berge har tidlegare tatt kontakt med foreldre til barn som har kalla ungane hennar med rasistiske utsegn, og har då møtt forståing. Med kronikken håpa ho at ho kunne løfte fram tematikken betre, og at fleire kunne ta ansvar, både som forelder og som barn.

– Det eg ynskjer å oppnå er at ein rett og slett pratar om dette, og er bevisst. Det er foreldra si rolle, og då er det fantastisk å høyre at mange foreldre faktisk har gjort det, seier Berge.

Les kronikken her.

Må vere nulltoleranse

Unni Marie Heltne, som er spesialist i klinisk psykologi og seniorrådgjevar ved Senter for krisepsykologi ved Universitetet i Bergen meiner kronikken er viktig.

– Det betyr noko at folk seier ifrå. Det betyr noko at ein vert oppmerksam på at dette går føre seg, seier ho.

Ho seier det er viktig at foreldre og lærarar er tydelege på at rasistisk utskjelling i det heile ikkje vert akseptert. Og at dei passar på korleis dei sjølv omtaler andre.

– All erfaring har vist, at dersom ein lar dette skli og ikkje viser ein tydeleg haldning mot at dette er gale, så får det lov til å gripe om seg meir og florere meir. Så ein nulltoleranse mot slike utsegn bør vere heilt sjølvsagt, seier Heltne.

Ho meiner alle foreldre bør snakke med ungane sine, uansett om dei trur det er eit problem eller ikkje.

Dei bør forklare at det alltid er uakseptabelt å kalle opp nokon, eller skjelle dei ut for korleis dei ser ut eller er.

– Barn forstår viss det vert forklart konkret og tydeleg. Man kan jo forklare eit barn kor sårande det er. Det kan jo like godt vere at ein vert skjelt ut fordi ein har frekner eller blå auge. Så kan ein fokusere på korleis det opplevast, seier Unni Marie Heltne.