Tiltalt for brot på dyrevernlova
Ein bonde må i dag møte i Vestre Innlandet tingrett, tiltalt for brot på dyrevernlova. Politiet og Mattilsynet aksjonerte på garden til bonden for eit år sidan. Da var 250 grisar i så dårleg form at dei etter Mattilsynet si vurdering måtte avlivast, skriv GD.
I tiltalebeslutninga skriv statsadvokaten at grisane var undervektige fordi dei fekk for lite for. Det vart også funne 14 daude grisar inne i fjøset.
Rettssaka skal gå over fem dagar.