Hopp til innhold

Overlevde hjartestans to gonger

Fotballspelaren Morten Granhaug oppmodar fleire til å lære seg hjarte- og lungeredning. Det redda livet hans i 2016.

På sykehuset.

TAKKSAM: Morten Granhaug er takksam for kompisen som starta hjarte- og lungeredning på han då han fekk hjartestans.

Foto: privat

16. oktober er «Verdens hjarte- og lungeredningsdag».

Hjartet til Morten Granhaug har stoppa to gonger. Takka vere kompisen som starta hjarte- og lungeredning på han første gongen lev han i dag.

– Det bør alltid vera nokon som kan dette dersom noko skjer, seier han.

To hjartestansar

Granhaug spelte fotballkamp i 2016 då han kjente at han vart veldig svimmel. Han gjekk i bakken, men prøvde å reise seg igjen for å sparke ballen.

– Då skjønte eg at noko ikkje var heilt som det skulle. Men eg skjønte ikkje heilt kva. Det neste som skjer då er at eg vaknar opp i ambulansen, seier han.

Morten Granhaug , Knut Martin Skjæraasen

REDDA LIVET: Lagkameraten til Granhaug, Knut Martin Skjæraasen, skjønte raskt at han måtte starte HLR då kompisen kollapsa. Det redda livet hans.

Foto: Anders Bakkerud Larsen

Etter hendinga fekk han operert inn ein hjartestartar (ICD) under huda. Den gir frå seg støyt om den merkar at noko ikkje er som det skal.

Og under oppvarming til kamp i 2017 stoppa hjartet hans igjen.

Han fikk blomster av motstanderlaget på sykehuset.

BLOMAR: Då Morten Granhaug hamna på sjukehuset etter hjartestansen under ein kamp, fekk han blomar av motstandarlaget.

Foto: privat

– Då byrja eg å bli svimmel og så slo hjartestartaren inn. Det merkar ein, det kan eg seia. Den gongen fekk eg sju slag frå hjartestartaren, den prøvde å starta sju gonger.

Han er sikker på at han ikkje hadde vore her i dag om det ikkje hadde vore for hjelpa han fekk.

– Det kunne vore kroken på døra om eg ikkje hadde fått hjelp den første gongen og om eg ikkje hadde hatt hjartestartar den andre gongen, seier han.

– Gjer noko

Tom Erik Kristiansen jobbar som paramedic i Ambulansen. Ifølge han er det om lag ti personar om dagen som får hjartestans.

– Det er ei hending vi dessverre har ganske jamleg. Vi ser oftare og oftare at folket rundt har begynt med hjarte- og lungeredning når vi kjem og det er vi veldig glad for at er ein aukande trend, seier Kristiansen.

Tom Erik Kristiansen

VIKTIG: Tom Erik Kristiansen som jobbar i ambulansen, seier det viktigaste er at ein ringer 113 og startar å hjelpe når det skjer noko.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Kristiansen forstår om folk synest det er skummelt å skulle prøve seg på HLR.

– Du får ikkje ein meir kritisk situasjon enn ein hjartestans. Men uansett kva så får du ikkje gjort noko gale. Det vil betre sjansen for pasienten, som er det viktigaste, seier han.

Kart over hjartestartar

KART: Dei fleste hjartestartarar er registrerte hos 113.no. Der kan du finne den som er nærmast deg når noko skjer.

Foto: Skjermdump / 113.no

Det blir installert hjartestartarar fleire og fleire plassar som alle kan bruke om det skjer noko. Det er eit elektrisk apparat som gir støyt til hjartet på pasienten som får hjartestans.

Ei undersøking viser at 60 prosent av oss ikkje ville turt å bruke hjartestartar sjølv om ein har ein i nærleiken.

Men hjartestartaren gir stemmeinstruksjonar til den som skal bruke den, fortel Kristiansen.

– Ein set på to lappar også analyserer den kva hjarterytme du har. Om den registrerer at du har ei hjarterytme som er sjokkbar, så vil maskina gi sjokk. Viss ikkje får du beskjed om å fortsette HLR. Så det er ein veldig smart maskin som seier akkurat kva du skal gjere, seier han.

Hjartestartar til idretten

Langrennsløparen, Ida Eide døydde brått av hjartestand under eit mosjonsløp i 2018. Kjærasten hennar, Nils Ingar Aadne er skiløpar sjølv og komikar. Han starta Ida Eides minnefond.

No reiser han rundt i landet for å dele ut hjartestartarar til idrettsforeiningar.

Nils Ingar Aadne

IDA-SEKKEN: Nils Ingar Aadne deler ut 80 slike sekkar med hjartestartar til idrett rundt om i Noreg.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Vi opplevde veldig mykje merksemd i etterkant av det. Og mykje støtte. Og vi ville bruke det til noko positivt. Det er veldig fint at vi kan bruke den historia til å redde andre liv.

40 hjartestartarar er delt ut i haust, og 40 til blir delt ut til våren. Den kjem i ein Ida-sekk som ein kan ha med på treningar, fortel komikaren.

– Ida elska idretten og eg elskar idretten. Også opplever vi at det er ein mangel på hjartestartarar og mangel på kunnskap om førstehjelp i idrettsnoreg. Det vil vi gjere noko med, seier Aadne.

Nils Ingar Aadne, hjertestarter

OPPLÆRING: Nils Ingar Aadne og Ida Eides minnefond deler ut hjartestartarar til idretten. Her får idrettslaget på Gjøvik også opplæring i å bruke den.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet