Hopp til innhold

Delar av bygda vil drukne ved ein 200-årsflaum

Ein ny NVE-rapport viser at store deler av tettstaden Vågåmo vil ligge under vatn om elva fløymer over. Dei treng sikringstiltak.

Bilde av Finna elv i Vågå som går flaumstor i juni 2011

GJENNOM SENTRUM: Elva Finna har med seg vatn frå eit nedslagsfelt på nesten 500 kvadratkilometer. Og alt det vatnet skal ut gjennom ein trong, kunstig laga kanal i Vågåmo sentrum. Bildet er frå flaumen i 2011.

Foto: Kjell Helge Løkken / privat

Innbyggjarane i Vågå i Gudbrandsdalen har til alle tider levd med frykt for at flaumelva vil gå over sine breidder. Ordføraren håpar på fortgang i arbeidet med å temme elva Finna.

– Det er ein forferdeleg situasjon å vera i. Det har avgrensa oss i mange år, og det vil vera tøft for oss i lang tid framover, seier ordførar Harald Sve Bjørndal.

Denne veka kom første flaumrapporten sidan 2001.

NVE meiner nå dei har kartlagt flaumforholda rundt det verna vassdraget så grundig som mogleg.

Nye flaumkart fra NVE viser vannsituasjonen i Vågå sentrum ved en 200-årsflaum.

FLAUMKART: Kartet viser vassituasjonen i Vågå sentrum ved ein 200-årsflaum. Kilde: NVE

Vurderer eit vidt spekter av tiltak

Ein flaum ville råka over 1000 personar i Vågåmo, og fleire verna bygningar. NVE-rapporten konkluderer med at det trengs tiltak.

– Vi har nå konkludert med at det er mogleg å flaumsikre tettstaden, seier senioringeniør i NVE, Kristin Hasle Haslestad.

Kristin Hasle Haslestad, senioringeniør i NVE

Senioringeniør i NVE, Kristin Hasle Haslestad.

Foto: Even Lusæter / NRK

Nå er konsulentar frå NGI i gang med å sjå på korleis elva kan sikrast.

Konsulentane vurderer nå eit vidt spekter av tiltak, og så må vi vurdere dei ulike moglegheitene, seier senioringeniør i NVE, seier Haslestad.

Vågå

SENTRUM: Elva går gjennom sentrum der det er fleire verna bygg.

Bruer som må byttast ut

BRUER: Fleire bruer over elva må byttast ut som flaumsikring.

Postkort Vågå sentrum

SENTRUM: Bildet viser elva som går gjennom sentrum av Vågåmo.

NVE understrekar at kostnaden av tiltaka må sjåast opp mot nytteverdien, og trur ikkje tiltak som kraftutbygging, demning eller overløpstunnel blir ståande som isolerte tiltak.

Vi har ikkje noko tru på at dette er tiltak som kjem åleine, vi har meir tru på tiltak i dei nedre delar av elvekanalen, seier Haslestad.

  • I det stille har Høgre jobba med ei liste over verna vassdrag som kan få «skånsam utbygging»:

Den siste rapporten har avdekt at halvparten av alle verneverdige bygg i kommunen og eit stort bustadområde ikkje vil tole ein 200 årsflaum.

I tillegg må åtte bruer bytast ut.

Den store haustflaumen i nabokommunen Skjåk i 2018 sette ein støkk i mange tettstader i Gudbrandsdalen.

NVE seier det er mogleg å flaumsikre Vågå, men det vil ta tid, og koste fleire titals millionar, kanskje over hundre millionar kroner.

– Her er det ei elvevifte, bratt terreng og elver med stor fart som fraktar med seg mykje masse, så det stadfestar det komplekse farebilde slike plassar har, seier Haslestad.

Mange tettstader i Noreg er bygd på elvevifter som i Vågå. Med dagens klimautfordringar hengande over oss, er det svært vanskeleg å sikre slike plassar mot flaum og ras, seier Haslestad i NVE.

Bilde av flaumen i Vågåmo i 2011.

UTFORDRANDE: Bratte rashellingar og tre flaumelver trugar sentrum av Vågå. I tillegg er elva som renn gjennom sentrum eit verna vassdrag. Bildet er frå flaumen i 2011.

Foto: Kjell Helge Løkken / privat

Fryktar utbygging

Førre helg starta naturvernforbundet si rundreise for å setja fokus på verna vassdrag.

Det var ikkje tilfeldig at denne reisa starta nettopp ved elva Finna i Vågå.

– Vi har følgt diskusjonen rundt Finna lenge, seier nestleiar i Naturvernforbundet, Pernille Hansen.

Det er venta at Høgre vil koma med fleire konkrete vassdrag i Innlandet neste veke, og Naturvernforbundet er spente på om Finna er på den lista.

– Både Espen Barth Eide og Marte Mjøs Persen seier dei vil beskytte verna vassdrag, men unnataket er vassdrag med stor flaumfare. Dette tillegget gjer at vi må kjempe vidare, seier nestleiar Pernille Hansen.

Ordfører i Vågå, Harald Sve Bjørndal, fotografert ved Finnkanten i samband med ein ny klimarapport for Vågåmo sentrum.

Ordførar Harald Sve Bjørndal seier at folk i Vågå har frykta elva Finna til alle tider, og gler seg nå til at elva blir flaumsikra.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ordførar i Vågå kommune, Harald Sve Bjørndal, var ein av dei som var tidleg ute med å føreslå kraftproduksjon som ein del av flaumsikringa.

– Eg meiner framleis at det er gjennomførbart, men det vil bli dyrt og det vil gå utover store verneverdiar, så det blir nok neppe aktuelt her nå, seier Sve Bjørndal.