Hopp til innhold

Kylling og yoghurt skal ut av plasten: – Krevjande for butikkane

Frå nyttår må butikkane kjeldesortere alt hushaldsliknande avfall som går i søpla. Det blir framleis diskutert korleis ein skal forhalde seg til reglane.

Inger Lise Staum er butikksjef på Coop Mega i Lillehammer. Her med kyllingfilet som skal kastes.

SORTERER MATAVFALL: Butikksjef Inger Lise Staum forklarar at slik det er i dag, blir kylling som er gått ut på dato kasta med emballasjen på. Det vil ikkje vere tillaten når dei nye reglane trer i kraft.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Coop Mega Lillehammer sorterer ut mesteparten av matavfallet. Det er lite som går i restavfallet, fortel butikksjef Inger Lise Staum.

Kravet om kjeldesortering kjem i ei ny avfallsforskrift som gjeld frå 1. januar 2023.

Daglegvarebransjen spør no om det er forventa at dei skal pakke kvar enkelt agurk ut av plasten. Og tømme og vaske alle kyllingpakkar og anna før dei blir kasta.

Skal den nye forskrifta lesast ordrett, er svaret ja. Men Virke og daglegvarekjedene meiner butikkane må bruke skjøn.

Samling av mat som må avemballeres før kildesortering.

SKAL SKILJAST FØR DET BLIR KASTA: Miljødirektoratet forventar at daglegvarebutikkane vil følgje krava som gjeld frå og med 2023.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Les også Der andre ser søppel, ser Morten en gullgruve

Dumpster diving

– Må endre eigne rutinar

Alle verksemder der det oppstår «hushaldsliknande avfall» skal kjeldesortere mat- og plastavfall.

Regelverket skal bidra til å nå EU-målet om å vinne att 65 prosent av hushaldsavfall og hushaldsliknande næringsavfall innan 2035.

Miljødirektoratet meiner forskrifta vil føre til redusert matavfall. Og også redusere bruk av unødvendig emballasje.

I praksis betyr det at butikkane må kjeldesortere matavfall. Det betyr at eventuell emballasje må fjernast før matavfallet blir kasta.

Det skriv seniorrådgivar i Miljødirektoratet, Vanessa Ivanov, i ein e-post til NRK.

0D4C2CAEADBD4590B471F790DB46DED3

Det er stor variasjon i korleis og kor mykje daglegvarebutikkane sorterer. NRK har fått tilsendt dette bildet av mat som skal vere funne i restavfallet utanfor ein butikk i Stange kommune.

099612DC964D4306B7642C04AFA133C8

No skal daglegvarebransjen sortere ut plast og emballasje på same måten som ein gjer i ein hushaldning.

GLØR Elisabeth Haukaas Bjerke

Det betyr at maten må pakka ut av plasten slik at mat og plast kan sorteres kvar for seg.

Direktoratet er klar over at kravet er krevjande for daglegvarebutikkane.

Det kan føre til auka kostnader på grunn av auka ressursbehov, omdisponering av areal til avfallshandtering og hyppigare henting av avfall for å unngå lukt og skadedyr. Og auka vassforbruk for reinsing av plastavfall og reingjering av utsorteringsareal, skriv Ivanov.

Ventar på rettleiar

For handelsbransjen sjølv er det framleis uklart korleis den nye avfallsforskrifta skal tolkast. Dei ventar no på ein rettleiar frå direktoratet.

I samarbeid med renovatørane våre og resten av bransjen jobbar vi med tiltak som både vil bidra til å innfri intensjonane til forskrifta, og gi gode løysingar i ein praktisk kvardag i butikk, seier Knut Lutnæs, seniorrådgivar i Coop Noreg SA.

Lutnæs peikar på at butikkane ikkje berre treng løysingar for plastemballasje. Men også for hermetikk, glas og andre meir krevjande emballasjetypar.

– Når det gjeld emballert bioavfall, finst det ikkje gode nok løysingar for å avemballere alle typar produkt i butikk i dag.

Knut Lutnæs er seniorrådgiver i Coop Norge AS

GODE SYSTEM: Coop Noreg SA har ei kortsiktig målsetting på 92 prosent kjeldesortering. Lutnæs forklarer at dersom emballasjen skal fjernast på mjølk, rømme, jus og liknande, må butikkane ha nye løysingar for å handtere flytande avfall.

Foto: PRESSEFOTO / Espen Solli

Han får støtte av Signe Bunkholt Sæter, som er berekraftsdirektør i Norgesgruppen. Ho fortel at ei streng tolking kan føre til forureining av emballasje som allereie kan bli resirkulert.

Og føre til stort meirarbeid som ikkje står i samsvar med miljøgevinsten, forklarer ho.

Signe Bunkholt Sæter er bærekraftsdirektør i NorgesGruppen

VESENTLEG REDUKSJON: Målt i verdi reduserte Norgesgruppen matsvinnet med 38 prosent i perioden 2015–2022. Sæter meiner revidert avfallsforskrift kan gi noko høgare sorteringsgrad, spesielt i område med lang transportveg, i små einingar og i område der det manglar mottaksanlegg.

Foto: PRESSEFOTO / NorgesGruppen

Tord Dale trur butikkane opplever at dei må sortere absolutt alt, noko han meiner er misforstått. Han er leiar for berekraft og politikk i Virke.

– Til ei viss grad så må vi prøve å sortere ut meir. Men oms vi ser at det vi sorterer ut ikkje vil ha nokon restverdi, må ein bruke litt fornuft.

Dale meiner det er skilnad på kva som er gjennomførbart i store butikkar i sentrale strøk, og mindre butikkar i distrikta.

Tord Dale er leder for bærekraft/ politikk i Virke

BEREKRAFT: Dale opplever at daglegvarehandelen har ein god dialog med Miljødirektoratet og avfallsbransjen for å finne praktiske løysingar. – Til slutt må kvar enkelt aktør gjere nokre vurderingar av kostnad versus nytte. Å bruke veldig mykje ressursar på noko som gir eit veldig lite resultat, det er heller ikkje berekraftig.

Foto: PRESSEFOTO / Virke

Kampen mot matsvinn

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett, meiner daglegvarebransjen er det verdikjedeleddet som har redusert matsvinnet sitt mest dei siste åra.

Schrøder ser at den nye forskrifta gir mykje meirarbeid når maten skal takast ut av emballasjen i butikk.

NRK forklarer

Fakta om matsvinn

Fakta om matsvinn

Det kastes mykje mat i Norge, sjølv om det kastes mindre enn før. Samenlikna med 2015, går om lag ti prosent mindre mat i søpla i dag.

Fakta om matsvinn

I 2020 var om lag 450 000 tonn av totalt 770 000 tonn matavfall etande. Ikkje-etande delar av maten, som potetskrell og beinrester, reknast ikkje som matsvinn.

Fakta om matsvinn

Den største andelen av matsvinnet kjem frå hushaldningane, medan daglegvarebransjen sin andel i 2020 var 67 400 tonn.

Fakta om matsvinn

Sortert matavfall leverast til materialgjenvinning. Det vil si at det behandles ved biogass- eller komposteringsanlegg. Matavfall som kastes i restavfallet går til forbrenning.

Fakta om matsvinn

Ifølgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk, ender om lag ein tredjedel av all mat som produserast i verda opp som avfall. Til saman bidreg dette til omtrent ti prosent av dei globale menneskeskapte klimagassutsleppa.

Fakta om matsvinn

Frå eit klimaperspektiv er det ti gongar meir effektivt å forebyggje og redusere mengda matavfall, enn å behandle matavfallet og produsere biogass.

Fakta om matsvinn

Innan 2030 skal Norge redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent.

Fakta om matsvinn

Det er felles krav og mål for matavfallet i EU- og EØS-landa. Det er eit mål at 65 prosent av husholdningsavfallet og avfall som liknar på hushaldningsavfall frå næringslivet, skal materialgjenvinnast innen 2035.

Fakta om matsvinn

Kjelde:

https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/avfall/matavfall/

– Den oppgåva får dei. Då er det mest gunstig for dei å sikre at nedprisinga fungerer slik at maten faktisk blir seld før han kjem så langt at han må avemballerast.

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett

TETT KONTAKT MED DAGLEGVAREHANDELEN: Matvett jobbar for å førebyggje og redusere matsvinn. – Det største problemet er brød, og frukt og grønt fordi det er dagsferske varer.

Foto: Matvett

Er det meininga at ein i butikk skal ta ein dårleg agurk ut av plasten før ein kastar han?

– Ja, det må dei gjere. For det er nettopp det dei skal, skilje plast og mat.

Skal dokumenterast

No blir det krav om å dokumentere mengda matavfall frå butikk.

– Vi veit at mykje mat og plast går i restavfall og vidare til forbrenning. Men kor mykje veit vi ikkje, sidan det til no ikkje har vore stilt krav. Det nye regelverket vil krevje dokumentasjon slik at vi får meir fokus på dette, seier fagrådsgivar i Avfall Noreg, Jens Måge.

Onsdag denne veka arrangerte Avfall Noreg eit møte der det nye regelverket vart gått gjennom av Miljødirektoratet.

– Forståinga av regelverket er tydeleg, og vart stadfesta i dag. Utsortering skal skje ved kjeldesortering der avfallet oppstår, og det er i butikk.

Frå daglegvarehandelen var REMA 1000, Coop, Norgesgruppen og Virke invitert, men dei var ikkje til stades i møtet.

Jens Måge er fagrådgiver i Avfall Norge

ØNSKJER FORSKRIFTSENDRINGA VELKOMMEN: Måge meiner avfallsselskapa vil bidra til at butikkane finn gode løysingar.

Foto: Avfall Norge

Les også Husholdningene er de aller største matsynderne

Matavfall

Moglegheit for nytenking

Betre planlegging av varer inn og ut av butikk har så langt vore det viktigaste tiltaket for å redusere matsvinn i daglegvarehandelen.

Svinnet er også avgrensa ved at butikkane gir bort varer som nærmar seg utløpsdato til frivillige organisasjonar. Eller at varene blir seld billigare i butikken.

Nedprisingsdisken hos Coop Mega er populær hos kundane.

– Det aller meste av det vi prisar ned blir seld. Det er veldig lite vi kastar. Vi har mindre og mindre matsvinn, seier Staum.

Inger Lise Staum er butikksjef på Coop Mega i Lillehammer. De har en egen kjøledisk for varer som snart går ut på dato.

«DATODISK»: Coop Mega har også datodisk for tørrvarer og ei liknande løysing i frukt- og grøntavdelinga. Då kan butikken selje resten av tomatane, sjølv om det finst ein dårleg tomat i pakken. Frukt og grønt frå denne disken kostar ti kroner kiloen same kva det er.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Les også Studenter kaster mest mat: 65 prosent av maten regnes som spiselig

Flere saker fra Innlandet