Dag viser fram nasesprayen Nalokson. Den vesle grøne boksen som kan redde liv. Den inneheld ei motgift som kan hjelpe ved overdosar.
Han har 35 år med rusmisbruk bak seg. Fleire gonger har han vakna opp att på sjukehus etter å ha sat ei overdose. Han veit kor fort det kan gå gale
Då ein kamerat sette overdose hjelpte Dag ved å sette nasesprayen på han. Det redda livet hans. Sprayen verkar ikkje lenge, så den må alltid følgast av tilsyn av lege.
– Det er fort gjort å sette ei ny dose så snart du har vakna til liv igjen, og da er det verkeleg fare på ferde, fortel Dag.
Talet på overdosedødsfall går ned
Noreg har ligge høgt på overdosestatistikken i mange år. Så høgt at tidlegare helseminister Bent Høie innførte ein nullvisjon for overdosar. Men tala har stort sett vore like høge etter det.
Toppen var i 2020, som var eit rekordår på landsbasis.
Først i fjor gjekk talet nedover. Talet på overdosedødsfall gjekk ned frå 330 i 2020 til 221 i 2021.
Fylkesvis var nedgangen størst i Innlandet, der 19 døydde av overdose i 2020, og berre 8 i fjor.
Seniorforskar Jørgen Bramnes i Folkehelseinstituttet seier nedgangen i overdosar i fjor er gledeleg. Og han trur Nalokson har vore eit viktig bidrag til å få ned overdosane, utan at det er forska på det.
Helseminister Ingvild Kjerkol seier til NRK at det framleis er alt for mange som døyr av overdosar. Og spesielt er ho bekymra fordi så mange døyr av legemiddel.
Difor har regjeringa bedt Helsedirektoratet gå gjennom alt dei veit om overdosar. Dette blir lagt fram i samband med regjeringa si varsla førebyggings og behandlingsreform som kjem i 2023.
Kameratredning i kommunar
Ved ei overdose stoppar oksygentilførsla til hjernen. Rask hjelp er avgjerande.
Nasesprayen Nalokson har vore i bruk nokre år. Men først nå er den verkeleg testa ut i stor skala.
Tidlegare var det berre ambulansar, legar og sjukehus som hadde tilgang på motgifta. Men no testar Hamar og 35 andre kommunar ut dette som har såkalla «kameratredning».
I dette kommunenettverket blir nasesprayen delt ut til brukarar saman med reint brukarutstyr. Dei som injiserer heroin, gjer det ofte saman med andre. Ein snarrådig kamerat kan difor redde liv.
Jeanette Rundgren leier kommunenettverket. Ho er tilknytt KORUS-Øst, eit kompetansesenter for Viken og Innlandet fylke.
Ho meiner at kommunar som førebygger overdosar systematisk over tid er dei som lukkast. LAR, legemiddelassistert rehabilitering er viktig. Nalokson er viktig. Og aller viktigaste er kanskje tett oppfølging i overgangen mellom institusjon og eit fritt liv.
Kommunar er lovpålagt å dele ut reint brukarutstyr. Rundgren seier dei også anbefalar å dele ut røykfolie.
– Vi legg også til rette for at folk røyker heroin i staden for å injisere. Da får dei folie delt ut saman med brukarutstyret – og det er lovpålagt.
Å røyke heroin i staden for å injisere reduserer overdosefaren, seier ho.
Hamar er blant kommunane som har jobba målretta med rusmiddelomsorg, og med å førebyggje overdosedødsfall. Dei hadde eitt dødsfall som følge av overdose i fjor og ingen i 2020.
Anita Østheim har leia arbeidet sidan 2015. Da slo Hamar kommune saman psykiatrien og rusmiddelomsorga, og laga tverrfaglege team. I Oppfølgingsteamet STYRK jobbar 10 personar, som er nært på dei som treng hjelp og oppfølging for å meistre kvardagslivet.
– Vi har verkeleg jobba systematisk for å få ned overdosetala, seier ho.
Overgangar er utfordrande
Dei fleste overdosedødsfall skjer i overgangen mellom fengsel eller rusinstitusjon og eit kvardagsliv. Da er ikkje kroppen van med rusen, og du risikerer å sette ei dose som blir alt for sterk.
Det har Dag erfart fleire gonger, så han visste kor utsett han var då han skulle ut av ein rusinstitusjon i 2018.
Han ville tilbake til heimbyen Hamar, men frykta at han vart gåande aleine utan noko å fylle dagane med. Difor ringde han sjølv til oppfølgingsteamet og møtte Vigdis Jensen. Saman sette dei opp ein handlingsplan for framtida, og heilt fram til nå har Vigdis følgt Dag tett.
– Vi må produsere rusfrie timar. Det betyr å ha noko å gjere og nokon å vere saman med, heile tida, seier Vigdis Jensen
Dag er samd. I dag har han fast jobb tre dagar i BUA, og eig sin eigen leilegheit. Kvar dag går han på Barm-senteret, eit opent hus i Hamar sentrum, som kyrkja driv. Her møter han andre rusfrie folk, til kaffi, samtalar og hygge.