Hopp til innhold

Kutt kan bety slutten for det norske romfartsmiljøet

Regjeringa foreslår mindre pengar til samarbeid med ESA. – Det er leve eller døy for norsk romverksemd, seier Nammo.

Kristian Lium

OPPSEIINGAR: Kristian Lium seier dei truleg må seie opp over 70 tilsette dersom Noreg ikkje lengre skal støtte samarbeidsprosjekt med ESA. Kompetansen dei har bygd opp i Noreg kan forsvinne ut av landet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Det blir stadig utvikla teknologi som gjer at vi kan komme oss ut i verdsrommet. I 2029 har ESA planar om å lande på månen. No byggast fartøyet.

Dette skjer blant anna i distrikts-Noreg.

Ved Nammo på Raufoss i Vestre Toten sit dei som lagar rakettmotoren til eit romfartøy, som skal av garde om sju år.

Nammo har over 70 personar som jobbar med romfartsverksemd knytt opp mot den europeiske romfartsorganisasjonen ESA sine program.

Regjeringa har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett. Der kuttast over 100 millionar Euro til samarbeidet Noreg har med ESA.

Nammo seier det kan bety kroken på døra. Både for miljøet på Raufoss, og for norsk involvering i månelandingsprosjektet. Kanskje også for norsk romfartsverksemd.

Les også Finnes det liv i verdensrommet? Dette vet vi om ufoer og liv i universet

Et konstruert bilde av asteroiden `Oumuamua der den ser ut som en lang sigar

Fekk hakeslepp

Kristian Lium er leiar for romfartsverksemda i Nammo Raufoss. Han, og fleire andre i det norske rommiljøet fekk hakeslepp av kuttforslaget til regjeringa.

I praksis inneber kuttforslaget at tilgangen til det europeiske romfartsmarknaden lukkast for bedrifter som Nammo på Raufoss, seier Lium.

Dei norske romfartsmiljøa får nesten alle oppdraga sine frå ESA.

ESA er ein europeisk romfartsorganisasjon som fremmer europeisk samarbeid for sivile formål innan romforsking, romteknologi og bruk av rommet. Noreg er blant landa som er medlemmar.

Les også Planlegger satellittoppskytning fra Norge: – Vi blir veldig eksponert

Nammo jobbar som nemnt med å utvikle ein motor til ein rakett som skal til månen. Om regjeringa kuttar støtta som planlagt, kan det ryke, seier Lium.

Noreg blir ikkje med på dette månelandingsprosjektet. Nammo Raufoss må avslutte dette prosjektet og i verste fall seie opp dei tilsette som jobbar der.

I dag bidreg regjeringa med 161 millionar Euro til ESA. Frå 2023 til 2030 vil dei berre bidra med 45. Det er altså ein reduksjon på over ein milliard norske kroner.

Trass i at det i Hurdalsplattformen står at regjeringa vil satse på romindustrien.

Dette er det stikk motsette. Dette er å ikkje satse på ein vellukka norsk eksportverksemd som har fungert utmerka i 30 år.

Næringsdepartementet vil ikkje kommentere saka før den er behandla i Stortinget.

Nucleus

NUCLEUS: Nammo på Raufoss stod blant anna bak den første heilnorske rakettoppskytinga i 2018, då dei skaut opp Nucleus frå Andøya.

Foto: Trond Abrahamsen

Kan miste viktig kompetanse

Bastien Hämmerli er opphaveleg frå Sveits. Han søkte seg til Raufoss for å jobbe med det han drøymde om: store rakettmotorar.

Det er sju år sidan han kom dit. No har han etablert seg i distriktet med kone, hus og barn. Prosjektet han jobbar med no er finansiert fram til 2025. Men etter det er framtida usikker om pengane forsvinn.

nammo-raufoss

BUSETT I NOREG: Bastien Hämmerli trivst veldig godt i Noreg og i jobben på Raufoss. Dersom det blir mindre pengar til prosjekta han jobbar med, må han kanskje flytte til eit anna land.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Eg trur vi må velje mellom å bli i Noreg eller å følgje min draum om å jobbe med romfart. I så fall blir det å flytte til eit anna land med heile familien. Og finne jobb for både kona og meg.

Kristian Lium fortel at dei har bygd opp eit fagmiljø med høg kompetanse på Raufoss i opp mot 20 år. Nammo er mest kjend for å produsere våpen, som no har vore veldig ettertrakta.

Arbeidet med romfart er om lag 10 prosent av omsetninga til forretningsområdet, Aerospace Propulsion i Nammo. Og dei omset for rundt 100 millionar kroner i året gjennom ulike samarbeidsprosjekt med ESA.

Det er leve eller døy for norsk romverksemd og verksemda på Raufoss.

Han fryktar dei må seie opp mot 70 tilsette om dei ikkje kan halde fram med romverksemda. Då kan ein også miste ei viktig kunnskapsbase i Noreg, meiner han.

Det finst ikkje tilsvarande jobbar i Noreg. Romfartsverksemda er viktig for å behalde ein kunnskapsbase innanfor utviklingsmiljøet som også kjem dei militære produkta til nytte.

Les også Et steg nærmere å finne liv på Mars: – Et av de beste stedene å lete

Mars-roveren Perseverance tok et selfie da den landet på mars i februar i fjor.

Skal opp i Stortinget

Høgre, Frp, Venstre og MDG skal ta opp saka i Stortinget. Dei vil ein skal halde fram med å betale like mykje til ESA sine frivillige program som ein gjer i dag.

Alfred Bjørlo er Venstre sitt medlem i næringskomiteen. Han seier kuttet er dramatisk og kan få store negative konsekvensar blant anna for næringa. Han meiner Noreg er ein viktig nasjon for europeisk romfart.

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre, står på talerstolen.

SATELLITTAR: Alfred Bjørlo (V) seier det er viktig å fortsette med arbeidet med satellittar. Dei kan overvake både havområda våre og følge med på klimaendringar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Og så er det overraskande mange bedrifter som er avhengig av romfart og romfartsteknologi. Og med den tilspissa situasjonen vi har med Russland er det ekstremt viktig at vi er på ballen i å vere med i samarbeid med teknologi som kan overvake, seier Bjørlo.

Næringskomiteen behandlar saka i løpet av veka. Næringsdepartementet seier dei ikkje vil kommentere saka før den er behandla i Stortinget.