Hopp til innhold

Stengte skulen: Lærarar møtte ikkje opp i protest

Rektoren og den assisterande rektoren ved skulen har sagt opp jobben. Det fekk truleg lærarane til å halde seg heime.

Glommasvingen skole i Sør-Odal kommune i Innlandet.

STENGT: Glommasvingen skole i Sør-Odal i Innlandet var stengt onsdag. Årsaka var at fleire lærarar ikkje møtte opp på skulen i protest.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

«Grunna mangel på personal er det ikkje forsvarleg å halde skulen open i dag».

Det skreiv skulen i ei melding til alle foreldre og føresette ved Glommasvingen skole i Sør-Odal onsdag morgon.

Difor vart det ingen undervisning for elevane, sett bort frå 1. og 3. trinn ved skulen.

Det var avisa Glåmdalen som først omtalte saka.

Hyppige utskiftingar

Glommasvingen skole på Skarnes i Innlandet har om lag 900 elevar og over 100 tilsette.

Skulen opna hausten 2019 og har sidan den gong vore prega av hyppige utskiftingar, særleg i leiinga.

Tysdag ettermiddag vart det kjent at rektoren og assisterande rektor ved skulen hadde sagt opp jobbane sine.

Rektoren hadde hatt jobben i eit drygt år, medan den assisterande rektoren starta i fjor haust.

Fasade Glommasvingen skole

Glommasvingen skole er ein av dei største skulane i Noreg. Alle grunnskuleelevane i Sør-Odal kommune går på Glommasvingen.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

– Heilt sidan vi gjekk inn i stillingane vår i fjor, har vårt mandat vore å betre situasjonen på skulen. Det oppdraget har vi tatt på største alvor, og opplever at vi byrja å få på plass ein del.

Det skriv rektor Ingrid Maria Ulheim og assisterande rektor Unni Mundal i ein e-post til NRK.

Oppseiingane førte til reaksjonar blant dei tilsette, og fleire lærarar møtte ikkje opp på skulen onsdag. Ifølge avisa Glåmdalen haldt lærarane seg heime i protest.

Rektoren og viserektoren skriv vidare at dei ikkje vil spekulere i kvifor så mange lærarar ikkje møtte opp på jobb onsdag.

Les også Mange unge med autisme opplever å ikkje få oppfølginga dei treng - «Lukas» tør ikkje gå på skulen

Lukas og Regan

Vil ikkje kommentere saka

Kommunedirektør i Sør-Odal kommune, Anita Orlund, skal ifølgje avisa Glåmdalen ha oppfordra tilsette til å droppe protesten og møte opp på skulen.

Tysdag sende ho ut ein SMS til dei tilsette der ho mellom anna skreiv at ho forventa at alle møter på jobb i samsvar med arbeidsavtale og arbeidsplikt, ifølgje avisa.

NRK har forsøkt å få tak i kommunedirektøren, ordføraren og skulesjefen utan å lykkast.

Kommunikasjonsrådgjevar i Sør-Odal kommune, Agnete Bekkesletten, seier til NRK at kommunen jobbar med saka, men at dei ikkje vil kommentere den.

Fasade kommunehus Sør-Odal

Leiinga i Sør-Odal kommune vil ikkje kommentere saka.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Forstår protesten

Elevrådsleiar ved skulen, Jonathan Haraldsen, meiner demonstrasjonen til lærarane er drastisk, men bra.

– Det gjer at folk tek situasjonen alvorleg, seier Haraldsen.

Han vart overraska då han kom til stengt skule onsdag, men forstår protesten.

– Eg trudde ikkje det skulle skje. Folk har ulike meiningar om det, men eg forstår protesten. Det har vore problem ved skulen sidan den opna, seier han.

Jonathan Haraldsen, elevrådsleder Glommasvingen skole

Elevrådsleiar Jonathan Haraldsen er uroa for medelevane ved skulen, både når det kjem til trivsel og læring. 

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Innlandet, Thore Johan Nærbøe, vart kjend med situasjonen ved Glommasvingen skole onsdag.

– Vi veit at det har vore ein utfordrande situasjon i Sør-Odal over fleire år. Hyppige leiarskifte er uheldig for kvar ein organisasjon, seier Nærbøe.

Utdanningsforbundet jobbar no med å få meir informasjon om saka.

Thore Johan Nærbøe, fylkesleder i Utdanningsforbundet i Innlandet.

– Vi ønsker at kvar ein situasjon skal bli løyst på ei så lågt nivå som mogleg. Nå gir vi råd til våre tillitsvalde om å prøve å dempe konfliktnivået slik at det ikkje eskalerer, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Thore Johan Nærbøe.

Foto: Alexander Nordby / NRK

FAU er uroa

FAU ved skulen har sendt eit brev til leiinga i kommunen etter dei siste oppseiingane.

Dei er uroa for konsekvensen nok ei utskifting av leiinga kan ha på elevane og læringsmiljøet deira.

– For FAU er arbeidsmiljøet til dei tilsette svært viktig, og deira meiningar må bli lytta til. Det er ikkje mogleg å drive ein bra skule for barna våre om ikkje dei tilsette har det bra på jobb, skriv FAU ved leiar Sara Ringlund i brevet.

Glommasvingen Skole

Glommasvingen skole ligg i Sør-Odal i Innlandet.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Dei stiller spørsmål ved om skuleeigaren, altså kommunen, har gjort nok for å sikre eit godt samarbeid med leiinga ved skulen.

– Vi forventar at skuleeigar prioriterer barnas læringsmiljø øvst på agendaen. Dette meiner vi skjer best gjennom ei stabil leiing og fornøgde tilsette, skriv dei vidare.