Hopp til innhold

Krev plass ved bordet i jordbruksforhandlingane

Dyrevernaktivist Norun Haugen meiner det er naturleg at nokon representerer dyra sine interesser i forhandlingsrommet.

Gris i Ringsaker

DYRA: Dyrevernarar vil at nokon skal tale dyra si sak under jordbruksforhandlingane.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

– Per i dag er det berre dei med sterke økonomiske interesser som sit i sjølve forhandlingsrommet og har moglegheit til å påverke prosessen undervegs.

Det seier dyrevernaktivist Norun Haugen. Ho fortel at ein til dømes i grise- og kyllingindustrien ser at intensiv drift har ført til dyrevelferdsproblem.

Ho meinar dyrevernarar bør få plass ved bordet i jordbruksforhandlingane.

– Det er dyra som aller mest merkar konsekvensane av landbrukspolitikken, seier Haugen, som mellom anna står bak Brennpunkt-dokumentaren Griseindustriens hemmeligheter.

Norun Haugen i grisefjøs

FOR DYRA: Norun Haugen vil at nokon skal tale dyra si sak i jordbruksforhandlingane.

Foto: Piraya film / NRK

Bestemmingar i forhandlingane

Jordbruksforhandlingane føregår kvart år frå slutten av april og ut i mai.

Då forhandlar staten, Noregs Bondelag og Bonde- og Småbrukarlaget om prisar på jordbruksvarer og andre bestemmingar for næringa.

Haugen seier at regelverksprosessar har blitt dratt inn i jordbruksforhandlingane, og meiner dette er eit demokratisk problem. Det kjem fram i boka «Til dyra – sanninga om norsk dyrevelferd», som ho har gitt ut i år.

Ho trekker fram utsettinga av lausdriftskravet som eit av dei verste eksempla.

– Det blei utsett med heile ti år, og har fått negative konsekvensar for mange kyr som framleis må stå fastbundne på bås store delar av året.

Ho meiner det i praksis er lite moglegheiter for Stortinget å påverke endringar i landbruket før forhandlingane er ferdige.

– Viss dyrevernsida kjem inn så vil dyra få ei tydelegare stemme, og ein kan forhindre slike ting som at viktige dyrevelferdstiltak blir utsett eller skrota.

Norun Haugen på besøk i et løsdriftsfjøs i Vang i Valdres.

FOR DYRA: Norun Haugen på besøk i eit lausdriftsfjøs i Vang i Valdres.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Les også Filmet grisefjøs med skjult kamera i BH-en

Norun Haugen

NOAH vil til bords

Haugen meiner det trengst fleire representantar enn ein person som utfordrar bondeorganisasjonane og landbruksdepartementet om dyrevelferdsomsyn i forhandlingsrommet.

– Viss bondelaget meiner alvor med at dei bryr seg om dyrevelferd, så tenker eg at dei bør stille seg positive til at det også er nokon til stades i forhandlingsrommet som tar vare på dyra sine interesser.

Haugen meiner dette vil gagne både bønder og dyr.

– Ein av mine hjartesaker er at ein skal få på plass insentiv som kan stimulere til betre dyrevelferd. For eksempel at dei føregangsbøndene som driv godt over minstekrava i regelverket får litt meir å rutte med.

Siri Martinsen, NOAH

VIL OGSÅ: Siri Martinsen i dyrevernsorganisasjonen NOAH seier organisasjonen gjerne skulle ha vore deltakande i jordbruksforhandlingane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Siri Martinsen i dyrevernsorganisasjonen NOAH seier dei har gitt sine innspel til jordbruksforhandlingane sidan 2016.

– Utan at vi har vorte spesielt mykje høyrd, seier ho.

Martinsen seier NOAH gjerne skulle ha sete rundt bordet under forhandlingane, og meiner at fleire «interesser» bør gjere det.

NOAH har foreslått representantar for interessene for dyrevelferd, for klima og natur, og for folkehelse, fortel Martinsen.

– Det er urimeleg at dette skal vere ei slags lønnsforhandling mellom næringa og staten når det påverkar oss alle så mykje som det faktisk gjer, seier ho.

Les også Bøndene krever rekordhøye 11,5 milliarder kroner

Hans Olav og Maren Grini i Veldre i Ringsaker har skyhøye forventninger til jordbruksoppgjøret.

– Ikkje ein god idé

Elisabeth Gjems som er leiar i Innlandet Bondelag meiner dyrevelferdsinteressene alt er representert ved forhandlingsbordet i jordbruksforhandlingane.

– For der sit bøndene. Me jobbar med dyr og dyrevelferd kvar dag, og me jobbar jo også med nyvinningar på dyrevelferdsområdet. Så det tenker eg er godt representert, seier Gjems.

Leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag synest det er eit dårleg forslag at dyrevernarar skal delta på jordbruksforhandlingane. Han seier dei forhandlar om viktige tema for norsk matproduksjon. Men også om inntekta til bonden.

Leder i Norges bondelag Bjørn Gimming

BERRE PARTANE: Gimming seier at dei i år har hatt innspelsmøte med over 50 organisasjonar før jordbruksforhandlingane. Han meiner det ville bli uhandterleg dersom alle som på ein eller annan måte har ein interesse i norsk matproduksjon skulle sitte ved forhandlingsbordet.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Det er sikkert fleire som kunne tenke seg å sitte ved det forhandlingsbordet, men eg meiner det ikkje er nokon god idé å ta inn andre enn dei som er klart definerte partar.

Han seier jordbruket og staten har eit fokus på dyrevelferd, også i jordbruksforhandlingane.

– Ein god del av desse prosessane til dyrevelferd ligg heller ikkje til jordbruksoppgjeret, men er knytt til lov og forskrift som ikkje er ein del av jordbruksforhandlingane, seier Gimming.

Ny landbrukspolitikk

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre er einig i at dyrevelferd må bli eit mykje viktigare punkt i jordbruksforhandlingane. Han trur likevel ikkje å sitte ved sjølve forhandlingsbordet er vegen å gå.

Alfred Bjørlo, utspørjing 2021

DYREVELFERD: Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo seier Venstre jobbar for meir dyrevelferd.

– Jordbruksforhandlingane er jo reine pris- og lønstingingar. Det me treng er ein ny samla politikk om kva me vil med norsk landbruk, seier Bjørlo.

Venstre ønsker seg ei heilt ny stortingsmelding om norsk landbruk der både klima og dyrevelferd får ein større plass enn no. Og at det som blir bestemt, blir lagt som premiss for jordbruksforhandlingane.

Venstre har også ivra for å få ei stortingsmelding om dyrevelferd, og den arbeider regjeringa med no.

– Då kan det, gjennom jordbruksforhandlingane, komme til dømes stimuleringstilskot for å drive i tråd med god klimapolitikk og god dyrevelferd, seier Bjørlo.

Les også Beskylder Stortinget for å gjøre bøndene usikre på framtida

Bjørn Gimming.

Prioriterer dyrevelferd

Landbruksminister Sandra Borch frå Senterpartiet vil ikkje opne for å ha fleire rundt bordet i jordbruksforhandlingane.

– Kven som er forhandlingspartar er regulert av hovudavtalen for jordbruket. Ut over det formelle, mottar Landbruks- og matdepartementet mange innspel og held møte med dei som ønsker det i oppkøyringa til forhandlingane, seier Borch.

Landbruksministeren strekar under at dei bygger politikken sin på Hurdalsplattforma.

Landbruks- og matminister, Sandra Borch (Sp) 2023

OPNAR IKKJE: Landbruksminister Sandra Borch frå Senterpartiet vil ikkje ha endringar i kven som sit rundt bordet under jordbruksforhandlingane.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ho registrerer at Venstre med ujamne mellomrom seier dei vil ha ein ny landbrukspolitikk i Noreg

– Men det er ikkje lenge sidan dei sjølv sat i regjering og ein kan spørje seg om dei ikkje er nøgde med jobben dei sjølv gjorde?

Sandra Borch seier ho er nøgd med at hennar regjering var i gang med arbeidet før dei hadde sitte 100 dagar. Da starta dei arbeidet med stortingsmeldinga om dyrevelferd, den første på 20 år.

Den vil rette merksemd mot tilhøve som denne regjeringa prioriterer høgt: både dyrevelferd og vilkåra for dyrehald i primærnæringane våre, seier Borch.