Hopp til innhold

Klimaendringar truar fristaden hennar på fjellet

Gunhild rømmer til fjellet når bjørka blomstrar som verst, men auka i temperatur dei siste tiåra kan gjere det vanskeleg for allergikarar.

Gunhild Hodt

HYTTA ER EIN FRISTAD: Det er færre bjørketre på fjellet, og den lågare temperaturen gir ein seinare pollensesong for Gunhild Hodt .

Foto: Åshild Slåen / NRK

HYTTA ER EIN FRISTAD: Det er færre bjørketre på fjellet, og den lågare temperaturen gir ein seinare pollensesong for Gunhild Hodt .

Foto: Åshild Slåen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo fint å kunne gå seg ein tur ute, seier Gunhild, og ser utover hyttefeltet på Sjusjøen.

Nede i dalen er bjørka i full blomstring, og ho og andre pollenallergikarar har for lengst byrja med nasespray og augedropar.

Ikkje alle typar pollen er farleg for allergikarar.

Pollen, Fåvang

Desse gule pollenskyene frå gran ser dramatisk ute, men er ikkje eit allergen.

For Gunhild er det bjørka som er eit problem.

Gunhild Hodt

Og dette treet spreier seg no meir i Noreg.

Bjørkepollen

– Ideelt sett skulle eg jo vore enda lenger opp, men eg merkar skilnaden i forma berre her.

Gunnhild Hodt er ein av om lag ein million nordmenn som har pollenallergi av eit eller anna slag. Allergien hennar er såpass kraftig at ho også før koronapandemien ofte valte å ta heimekontor på hytta når bjørka har størst spreiing av pollen.

– Medisinen tek heldigvis av seg det aller verste, men eg blir veldig sliten, og kan ikkje ha banan og eple i huset, sidan eg får ein kryssreaksjon på dei.

Høgare temperatur gir meir bjørk

Med bjørkeallergi har ho god grunn for å flykte til fjellet i mai. Sidan tettleiken av bjørk er størst på Austlandet, er det også her det ofte er størst utslag i løpet av ein sesong.

Ein kan derimot ikkje lenger vere heilt trygg for pollen på høgfjellet. Mildare vintrar og varmare klima gjer at pollensesongen startar tidlegare og varer lengre.

Anders Bryn, NHM, UIO

SPREIER SEG TIL HØGFJELLET: Anders Bryn dokumenterer bjørka som var den mest høgstveksande i 2019.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Bjørka er ei av dei tresortane som spreier seg over heile Sør-Noreg, både i fjellet og langs kysten, seier Anders Bryn, forskar i Naturhistorisk museum si Geo-økologiske forskingsgruppe.

I 2019 var han med og dokumenterte Noreg si høgstvekstane bjørk i Jotunheimen. Han seier det er ein klar tendens til fleire tre i høgda.

– Det tek sjølvsagt tid, 10 til 50 år avhengig av kvar vi pratar om, før det blir ein faktisk skog, men med den temperaturauka som skjer, saman med mindre kultivering av landskapet, vil det bli fleire bjørketre.

Han påpeiker at perioden bjørka faktisk pollinerer vil vare like lenge, men ei temperaturauke gjer det lettare for treet å spreie seg meir, over større område.

Det vil allergikarar merke.

Ekstremspreiing

I år har det allereie vore god pollinering i låglandet.

– På Lillehammer har vi registrert det vi kallar ekstremspreiing av bjørkepollen no i midten av mai, seier Hallvard Ramfjord, pollenanalytikar for Noreg sitt astma- og allergiforbund.

Hallvard Ramfjord

HEFTIG POLLENSPREIING: Den verste spreiinga av bjørkepollen er over i Lillehammer-regionen, medan andre område ikkje har starta.

Foto: NTNU

Pollen blir registrert ved luft som blir soge inn ved forskjellige målestasjonar, der pollenet festar seg til eit kleba plaststrimmel. Ramfjord seier at dei nokre dagar registrerte meir enn 1000 pollenkorn per kubikkmeter luft.

– Det er ganske heftig, då er det mange allergikarar som får store plager. Heldigvis plar det berre å vere nokre få dagar i løpet av ein sesong der spreiinga er så kraftig.

Dårleg vêr er bra for pollenallergi

No når det først har vore ei ekstremspreiing, forsikrar Ramfjord om at det er kort tid før bjørka har blomstra seg ferdig. Det gjeld sjølvsagt ikkje for heile landet. Foreløpig er det enno ein seinare sesong på fjellet og lenger nord.

Dersom ein derimot vil ut i naturen medan det er pollensesong, er både Ramfjord og Gunhild einige om at ein kan sjå på vêret. Dårleg vêr for andre, er bra for allergikarar.

– Regn på 17. mai i år var jo veldig fint for meg, det reinska bort mykje av pollenet i lufta, seier Gunhild.

Flere saker fra Innlandet