Hopp til innhold

Selde ut første månaden på fire minutt

Den svevande hotellsuiten er framleis under bygging, men er nær fullbooka til jul. – Leverer spot on på det vi ser av reiselivstrendar, seier Innovasjon Noreg.

Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo utanfor Eagle Nest Eco Lodge.

MYKJE ARBEID: Sambuarparet har jobba på spreng i heile sommar for å vera klare til den fyrste betalande gjesten kjem i september. Og sjølv om det er ein månad til opninga, er sengene rive vekk nesten fram til jul.

Foto: Even Lusæter / NRK

I ein bergvegg i Gudbrandsdalen blir det reist ein av dei mest unike overnattingsstadane i landet: Ei svevande hotellsuite med to senger for dei som er ute etter ei spesiell oppleving.

Og dei er det mange av. Om ein månad opnar sambuarparet Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo dørene til dei fyrste betalande gjestane.

Den første månaden vart utseld på fire minutt.

– Vi trudde det knapt sjølve. Vi hadde håpa på nokre bestillingar da vi opna, men det berre eksploderte, seier initiativtakar Ingrid Tho.

Det er dyrt å bygge høgstandard overnatting på ein fjelltopp, og det er dyrt å leige. Men det ser ikkje ut til at nordmenn let seg skremme av ein døgnpris på rundt 5000,-.

Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo gjer siste finpuss utanfor Eagle Nest Lodge.

BADESTAMP og ein platting er det siste som kjem på plass utanfor Eagle Nest Eco Lodge. Og sambuarane vedgår at det er krevjande å bygge høgstandar overnatting på ein fjelltopp utan noko infrastruktur.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det er dyrt, men det er verdt opplevinga. Vi får ikkje negative attendemeldingar på prisen, og vi har lagt oss i same leia som dei vi kan samanlikne oss med, seier reiselivsgründeren.

Nordmenn likar seg til fjells, men burde seterdrift inn på UNESCO-liste?

Vill vekst i koronatida

Allereie da Eagle Nest Eco Lodge var på teiknebrettet, fekk det plass i boka 110 unike overnattingar i Noreg.

Forfattar av boka, Torild Moland, er ikkje overraska over etterspørselen.

Torild Moland

TOK AV under koronaen, seier forfattar av boka 110 unike overnattingar i Noreg. Moland seier at dei fleste bestiller berre for eitt eller to døgn. Og sjølv om døgnprisen er høg og ligg på mellom tre og fire tusen, så får ein mykje luksus og oppleving for pengane.

Foto: Vagabond Reiselyst

– Døgnprisen på dette tilbodet ligg heilt klart i øvre sjiktet, men vi ser at folk gjerne betaler for ei behageleg og konsentrert naturoppleving, seier Moland.

Forfattaren har besøkt over hundre av dei unike overnattingsstadene i boka, og ho ser mange fellestrekk.

– Først og fremst naturen, at ein får ei storslått naturoppleving, utan at ein treng å vera Lars Monsen, seier Moland.

I tillegg er dei fleste privateigde og starta av entusiastar med ektefølt kjærleik til eige område, ein kjærleik dei har lyst til å dele med andre.

Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo utanfor Eagle Nest Eco Lodge.

EIGEN GRUNN: Sambuarparet på Otta har bygd på eigen grunn og bur sjølve i nærleiken.

Foto: Even Lusæter / NRK

Torild meiner det er fleire faktorar som gjer at etterspurnaden har tatt av i koronatida. Mellom anna fordi dei er små, ligg avsides og gjev oss ei trygg og koronavenleg oppleving.

– Det er ein kraftig etterspørsel. Nokre har meir suksess enn andre, men dei som set i gang sel ut sengene med ein gong. Det er heilt ekstremt, seier Moland.

Ser etter nyheitsverdi

Sambuarparet bak Eagle Nest Eco Lodge har fått litt over 1,2 millionar i støtte frå Innovasjon Noreg og 100 000 frå Sel kommune. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 2.6 millionar.

Kaja Van Den Berg frå Innovasjon Noreg seier dei ofte vel prosjekt som skil seg ut.

Kaja VAN Den Berg

Kaja Van Den Berg seier at også før koronapandemien braut ut, var det eit sug i marknaden etter denne type opplevingar. Men etter at nordmenn har reist i eige land i to år, har etterspørselen berre auka.

Foto: Åsmund Grini / NRK

– Vi ser etter nyheitsverdi. At det representerer noko nytt og har noko unikt ved seg. Og dette er eit prosjekt som leverer spot on på det vi ser av reiselivstrendar, seier Kaja Van Den Berg.

Ho fortel at Innovasjon Noreg i Innlandet har innvilga 43 prosent fleire saker i 2020 enn året før. Og dobla nesten beløpet som var løyvd til reiseliv. Det er delvis på grunn av pandemien.

Det lønnar seg å vere kreativ. Desse fann ein ny leveveg det siste året:

Fersk trend

Noreg kom seint på banen med å bygge unike overnattingsstader, men nå har vi tatt igjen til gagns, seier Moland.

Foto: Mette Vollan / NRK

TRETOPPHYTTENE i Brumunddal og Juvet landskapshotell var av dei fyrste som starta, og det er ikkje meir enn ti år sidan. Og dei aller fleste har kome til dei siste tre-fire åra, seier Torild Moland.

Foto: Mette Vollan / NRK

– Dei siste åra har det vorte så mange at sjølv eg er i ferd med å miste overblikket, seier forfattaren.

Moland trur at utfordringa i framtida blir å skilje seg ut i mengda av unike tilbod.