Hopp til innhold

Her vil mange overnatte: Glasiglo og tretopphytter tar av i vintermånadane

Når kulda setter inn byter nordmenn ut telt og hengekøyer med meir komfortable overnattingsstadar i naturen. No får ein glasiglo internasjonal merksemd.

Trones Eye Glamping, glassiglo

POPULÆR OVERNATTINGSSTAD: I denne glaskuppelen på Trones i Trøndelag har du 360 graders utsikt.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Den er verken stor eller spesielt luksuriøs – glasigloen på Troneshalvøya i Verdal. Men populær har den blitt.

– Det er utruleg fascinerande å sjå at det har blitt ein slik suksess. Det har vore over all forventning, seier eigar og vert, Mette Rostad.

I november har dei hatt det veldig travelt. Det er fullbooka ut året, og det blir neppe mindre pågang neste år.

Koronapandemien har lokka fleire nordmenn ut i naturen. Og det er kanskje ikkje alle som er like komfortable med å overnatte i telt eller hengekøye.

– Eg trur det er ei fin oppleving å gje til kjærasten eller ei venninne. Ein kan vere nær naturen, men likevel på ein behageleg måte, seier ho.

Mange vil overnatte i glassbobla i Verdal.

NATT I NATUREN: Mange vil overnatte i glasbobla i Verdal. Foto: Tariq Alisubh

– Unorsk måte å møte naturen på

Camilla Skanke (26) besøkte glasigloen i september, saman med sambuaren Thomas og sonen Storm på fire månader.

– Opphaldet i igloen var heilt prima. Å overnatte i ein glaskuppel så tett på naturen, og med tidenes sjøutsikt var ei oppleving. Vi er veldig glade i friluftsliv og telt, men eg må seie at «glampinglivet» gav meirsmak.

Ho trur det handlar om å finne ein idé som skil seg ut.

– Eg synest det er fantastisk at ein vågar å tenke nytt, og sette opp ein slik glaskuppel midt i skogen, og rett ved fjorden på Verdal. Det gjer at ein kan ta kortreiste ferieturar, og likevel få ei rå oppleving ikkje berre i Noreg, men også lokalt i Trøndelag.

– Det er liksom ein litt unorsk og annleis måte å møte naturen på, noko eg trur treffer mange, legg ho til.

Camilla Skanke og sonen Storm

UTSIKT: – Å ligge og sjå på tordenvêret som kom innover fjorden, samstundes som du låg trygt og godt inne i igloen med fyr i peisen, var heilt spesielt, seier Camilla Skanke. Her saman med sonen Storm.

Foto: Privat

Får internasjonal merksemd

No har dessutan den spesielle overnattingsstaden inst i Trondheimsfjorden blitt ein skikkeleg internasjonal attraksjon.

I den britiske storavisa «Daily Mirror» tronar Trones Eye øvst på lista over dei elleve mest fantastiske overnattingsstadane i Noreg.

– Det er jo heilt fantastisk. Det betyr at dette er noko vi bør satse vidare på, for det er fleire som ynskjer å oppleve dette. Det er noko som fascinerer folk, meiner Rostad.

Trones Eye Glamping, glassiglo

SUKSESS: Glasigloen tronar øvst på «Daily Mirror» si liste over dei elleve mest fantastiske overnattingsstadane i Noreg.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ein finn dessutan glasigloen på nettmagasinet Forbes si liste over 25 spektakulære plassar å overnatte i verda.

Rostad påpeikar også at igloen er miljøvennleg. Noko det tidlegare har vore debatt om.

– Vi har planar om to igloar til. Vi er i dialog med kommunen om det, seier ho.

Mette Rostad og Giovanni Epifani

INITIATIVTAKAR: Eigar Mette Rostad og italienske Giovanni Epifani, som jobbar med å reingjere igloen mellom kvart besøk.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Komfortabel overnatting i naturen

Tretopphytter har også blitt svært populære å overnatte i. I Gjerstad på Sørlandet leiger Åse Kristine Mæsel Trydal og familien ut slike hytter. Dei har auka omsetninga med over 20 prosent denne hausten.

– Desember brukar å vere ein veldig god månad. Vi er fullbooka. Eg reknar med at vi kjem opp mot nærmare 30 prosent auke i år.

Ho trur det kan vere eit godt alternativ for dei som ikkje vil sove i telt eller hengekøye, men likevel ynskjer å overnatte i naturen.

– Det er ein måte å komme seg ordentleg ut i villmarka på, men likevel ha det komfortabelt, fastslår ho.

– Eit godt alternativ om vinteren

Petra Sestak er reiselivssjef i Trøndelag Reiseliv. Ho trur den store interessa for overnatting i naturen har ein klar samanheng med pandemien.

– Folk vil vere meir ute i naturen no. Det kundane leitar etter på nett, er dei plassane som ikkje er så mykje besøkt. Stadar der du har god plass og kan oppleve mykje naturglede.

Reiselivssjefen synest det er svært gledeleg at nordmenn har blitt flinke til å feriere i fylket sitt, som følge av stengde landegrenser. Ikkje berre i sommar – men utover hausten også.

– Folk er interesserte i spesielle overnattingsstadar ute i naturen. Glamping (glamorøs camping, journ.anm.) og tretopphytter er populært. Om vinteren er det eit godt alternativ, når det blir for kaldt å ligge i telt eller hengekøyer.

Petra Sestak, reiselivssjef i Trøndelag Reiseliv

REISELIVSSJEF: Petra Sestak i Trøndelag Reiseliv trur interessa for å overnatte i naturen har ein klar samanheng med pandemien.

Foto: Trøndelag Reiseliv

Camilla Skanke har tidlegare jobba i NRK Trøndelag.