– Me gjer dette heilt innandørs, me kan gjere det utan jord, og så brukar me led-lys i staden for sollys, seier Jo Andre Flåseth.
Martin Molenaar (26) frå Bærum og Jo Andre Flåseth (24) frå Skarnes viser ivrig fram oppfinninga deira. Eit hyllesystem med automatisk vatning og justering av lys skal gjere mogleg for grønsakprodusentar å dyrke grønsaker innandørs, heile året.
– Produksjon av grønsaker kan føregå på denne måten i framtida, seier Martin Molenaar.
MILJØVENLEG: Dei to meiner eit system som dei har utviklar er viktig, spesielt i Noreg, mykje fordi ein kan tilpasse alle faktorar, inne, og kan då sleppe å importere grønsaker. Systemet brukar også mindre vatn enn vanleg grønsakdyrking, fordi dei resirkulerer vatnet. Med avfuktar får dei brukt vatnet som har gått gjennom planta.
Foto: Geir Randby / NRKLagar oppskrift på heilautomatisk dyrking
Prosjektet har dei to elektroingeniørane i Avisomo AS drive med i to år, og i 2019 fekk selskapet deira heile 763 420 kroner i støtte frå Grønn framtid i Oppland fylkeskommune.
Medan dei to leitar etter investorar har dei fått vidareutvikle og teste systemet i den nedlagde bilverkstaden til grønsakprodusent Per Odd Gjestvang på Skreia i Østre Toten.
I denne runda har dei to produsert 12 000 spisskålplanter som skal ut i åkeren.
OPTIMALISERER: Varme, luftfukt, næringsinnhald i vatnet, og lysstyrke er berre noko av det hyllesystemet kontrollerer. No har dei prøvd å «herse» med spisskålplantene nok til at dei stortrivst i åkeren etterpå.
Foto: Geir Randby / NRKMed å til dømes regulere lys og fukt, kan dei kontrollere kor høge plantene blir, kor mykje røter dei får, og kva farge dei får. Når dei har funne den optimale oppskrifta for til dømes spisskålen, kan dyrkinga bli heilautomatisk.
FULL KONTROLL: Martin Molenaar framføre skjermen som viser kva plantene dei dyrkar får av fukt, temperatur, lys, og vatn.
Foto: Eskil Andersen / NRK– Me prøver å minimere arbeidskrafta så mykje som mogleg, med full automasjon der alt går av seg sjølv. Du set det berre inn, trykker play, og så er det ferdig om fire veker, seier Jo Andre.
Framover vil dei to lage oppskrifter på korleis forskjellige planter skal dyrkast fram, slik at alt kan gå automatisk, frå spire til ferdig grønsak.
– I framtida vil me definitivt klare å dyrke alle grønsaker på denne måten, seier Martin.
HEILAUTOMATISK: Ingeniørane i Avisomo AS vil at ein i framtida skal kunne dyrke fram grønsaker, inne, heile året. Og det vil dei gjere ved å ha full kontroll på dyrkinga med hyllesystemet dei har utvikla.
Foto: Eskil Andersen / NRKNøgd med plantene
Når grønsakprodusent Per Odd Gjestvang skal sette spisskålspirene ut i åkeren, seier han dei er meir kompakte enn vanleg.
BRA RØTER: – Sjå på desse røtene. Det er ei fantastisk rotutvikling, seier grønsakprodusent Per Odd Gjestvang om spisskålen ingeniørane har dyrka fram.
Foto: Eskil Andersen / NRKHAR TRUA: Grønsakprodusent Per Odd Gjestvang på Toten har trua på systemet Avisomo AS har laga.
Foto: Eskil Andersen / NRKHan meiner systemet er relevant for andre produksjonar også, og seier systemet er bra fordi det treng til dømes mindre varme, og dermed sparer energi samanlikna med å dyrke fram planter i veksthus.
– Konseptet er interessant fordi det er modulbasert. Du kan byrje lite og skalere opp. Det dannar grunnlag for automatisering, seier Gjestvang.
I første omgang ynskjer utviklarane i Avisomo AS å lage systemet klart for grønsakprodusentar, men dei ynskjer også å utvikle mindre system som kan brukast i kantiner, sjukeheimar, burettslag og i privatbustader.
Gjestvang er ikkje redd for at eit slikt system skal kunne utkonkurrere bøndene.
– Dette er innovasjon, nyutvikling, og det vil betre produksjonen på alle måtar. Det har skjedd ein revolusjon i landbruket, og dette her er sikkert ein ny revolusjon som kjem, seier Gjestvang.
Kan vere aktuelt for hotell
I hotellbransjen har fleire alt prøvd grønsaksdyrking. Thon hotels har til dømes eitt hotell med grønsakhage der alt skjer manuelt, og dei har også hotell med vekstkabinett med automatisk vatning og lys.
DYRKESKAP: I Brussel har dei på Thon Hotel EU eit automatisk vekstkabinett for urter. Her er det delvis automatisert vatningssystem.
Foto: Thon hotelsINTERESSERTE: Konserndirektør Morten Thorvaldsen seier dei i Olav Thon Gruppen alltid er interesserte i nyutvikling.
Foto: NRKKonserndirektør Morten Thorvaldsen for hotell og restaurantgruppa i Olav Thon Gruppen seier eit system som dei to ingeniørane utviklar ikkje er utelukka.
– Me er alltid interesserte i å tileigne oss ny kunnskap og utvikling, og om det kan vere aktuelt kjem an på fleire faktorar og må vurderast i kvart enkelt tilfelle, seier Thorvaldsen.
POSITIVE: Fungerande F&B-direktør Morten Malting i Scandic Norge seier dei i deira hotellkjede alltid er positive til nyvinningar som kan redusere miljøavtrykket.
Foto: Scandic NorgeOgså Scandic hotels dyrka eigne grønsaker og urter, der nokre hotell har brukt eigne dyrkeskap for urter. Om eit system som det Avisomo AS utviklar er aktuelt er vanskeleg å svare på for fungerande F&B-direktør Morten Malting i Scandic Norge.
– Akkurat no fokuserer Scandic på å handtere koronasituasjonen, og me må halde kostnadene nede for å berge arbeidsplassar. Me er derimot levande opptatt av å ta vare på miljøet, og er positive til nyvinningar som kan redusere miljøavtrykket, seier Malting.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: