Hopp til innhold

Høgsterett skal behandle fuskesaka ved Høgskolen i Innlandet

Studenten vart utvist frå høgskulen for å ha plagiert seg sjølv. No skal saka opp i Høgsterett.

Høgskolen i Innlandet, skilt ved inngang

PLAGIAT: Ein student ved Høgskulen i Innlandet vart utestengd i to semester for sjølvplagiat. Studenten gjekk rettens veg, no skal saka opp i Høgsterett.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Det har Høgsterett sitt ankeutval bestemt.

I desember vann ein student fram i lagmannsretten etter å ha blitt utestengd for plagiat ved Høgskolen i Innlandet (HINN).

Lagmannsretten meinte det ikkje var fusk og frikjente studenten.

Men staten, ved kunnskapsdepartementet og tidlegare statsråd Sandra Borch, (Sp) anka saka til Høgsterett.

Nokre dagar etter at staten anka saka, gjekk Borch av som statsråd etter at det vart funne fleire tekstlikskapar i hennar masteroppgåve.

  • Studenten fekk medhald i lagmannsretten, men ho klarte likevel ikkje å gle seg over dommen. Her kan du lese kvifor.

Tatt for sjølvplagiering

Studenten brukte to avsnitt ho sjølv skreiv på ein eksamen ho ikkje bestod, på nytt i ei anna oppgåve.

Dei to avsnitta ho brukte om igjen, refererte til lærebøker i faget, som studenten hadde vist til på rett måte.

Men både HINN, Felles klagenemnd, Oslo tingrett og regjeringsadvokaten, meinte ho også burde vist til seg sjølv og den tidlegare eksamensoppgåva ho ikkje bestod.

Studenten vart utestengt frå Høgskulen i Innlandet i to semester.

Høyesterett

Staten anka lagmannsretten sin dom til Høgsterett mellom anna fordi dei meiner det er fleire prinsipielle spørsmål i saka som dei meiner det er best Høgsterett svarar ut.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Prinsipielle problemstillingar

Etter at lagmannsretten støtta studenten, anka kunnskapsdepartementet avgjerda til Høgsterett.

Det gjorde dei mellom anna fordi dei meiner dommen reiser fleire prinsipielle problemstillingar som det er best Høgsterett avklarer.

– Vi anka saka for å få avklart viktige rettslege spørsmål, og det får vi no gjort, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel til NRK.

Oddmund Hoel

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel er nøgd med at Høgsterett skal behandle saka.

Foto: William Jobling / NRK

Han meiner ei behandling i Høgsterett er til det beste for både studentane og utdanningsinstitusjonane.

– Anka handlar ikkje om å køyre ei hardast mogleg linje overfor studentane, men om at praktiseringa av reglane må vere så enkel og forståeleg som mogleg. Difor ser vi fram til å få Høgsterett si avklaring, seier Hoel.

  • Etter at studenten vart dømd i tingretten, kom det sterke protestar frå medstudentar. Her kan du lese kvifor.

Meiner dommen er rett

Studentens advokat, Magnus Stray Vyrje, bad Høgsterett avvise staten si anke.

Han seier til NTB at dei framleis meiner at dommen frå lagmannsretten er rett.

– Vi har ingen merknader til avgjerda, og får berre forhalde oss til den, seier han.

Les også Høgskolelektor ser positivt på tekstroboter: – Vi må tenke framover

ChatGPT