Hopp til innhold

Snart påske: Slik kan du få ned skjermtida på mobilen

Treng du hjelp til å få ned skjermtida før du skal henge med familien i påska? Her er nokre gode råd.

Scrolling på mobilen

Skrolling på telefonen kan ta mykje av tida ein kunne brukt på noko anna meir fornuftig. Det meiner hjerneforskar Hjelle og psykolog Fagerhaug.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Mange opplever at dei bruker for mykje tid på mobilen, men at det er vanskeleg å gjere noko med det.

– Ein må hugse at teknologien er til for oss, ikkje motsett. Me skal ikkje kvitte oss med teknologien, men kanskje kan me finne ein betre måte å bruke den på, seier hjerneforskar Ole Petter Hjelle.

Ole Petter Hjelle

Ole Petter Hjelle er lege, hjerneforskar, førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, og har skrive boka Det digitale dopet. Han meiner skjermtid går utover mange av berebjelkane for god helse.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Han meiner mobilen stel veldig mykje tid frå andre aktivitetar me burde gjort meir av.

– Me veit at når me er mykje på skjerm, så søv me mindre. Det er ikkje positivt for vår mentale helse, spesielt viss me er mykje på sosiale medium. Fysisk aktivitet blir det mindre av, og i tillegg er me mindre sosiale, seier Hjelle.

Psykolog John Petter Fagerhaug har jobba med å hjelpe folk med å kutte ned på skjermtida i over ti år.

– Viss du brukar telefonen to-tre timar dagleg til noko som ikkje gir deg noko positivt, då blir det skadeleg, for då kastar du berre bort tid og liv, seier Fagerhaug.

Både Fagerhaug og Hjelle har gode råd til korleis ein kan få ned skjermtida.

1. Få oversikt

Hjelle rår om at ein finn ut kor mykje ein er på telefonen ved å sjekke kor mykje skjermtid ein har, og at dei fleste trur dei er mykje mindre på skjerm enn det dei er.

Vil ein kutte ned på skjermtida seier Hjelle det handlar om å gjere avtalar med seg sjølv. Det støttar psykolog Fagerhaug han i.

– Viss du ser kor mange timar du brukar på mobilen kvar dag, kan du tenke på korleis livet blir viss du kuttar ned for eksempel ein time kvar dag. Då kan du måle kva du får til, og sjå på resultata, seier Fagerhaug.

– Det er du som bestemmer, ikkje telefonen, seier han.

Har du ønske om å kutte ned på skjermtida di på mobilen?

2. Legg mobilen vekk

For å få ned skjermtida rår begge to om å legge mobilen fysisk vekk slik at ein må reise seg for å hente den.

– Då er det litt vanskelegare, seier Fagerhaug.

Hjelle seier ein kan bestemme seg for at mobilen ikkje skal vere med ved middagsbordet eller på soverommet, og at ein kan velje nokre tidspunkt eller sonar i huset som skal vere mobilfrie. Ein kan legge vekk mobilen når ein kjem heim frå jobb i nokre timar.

Eventuelt føreslår Hjelle at mobilen kan ligge att i bilen, slik at terskelen for å hente den og bruke den opp blir endå høgare. Brukar ein mobilen som vekkarklokke rår Hjelle om å kjøpe ei analog vekkarklokke i staden.

Psykolog John Petter Fagerhaug

Dersom det skulle plinge på smartklokka har Fagerhaug også innspel: – Nokon opplever at dei brukar mobilen mindre fordi smartklokkene gir deg informasjonen du treng, og så kan du vurdere om det er noko du treng å sjekke eller ikkje. Eg kallar desse smartklokkene for stress-klokker, seier Fagerhaug.

Foto: Bjarne Krogstad

Les også Hjerneforsker: Unge kommer til å bruke 11 år av livet på skjerm

Elever ved Gamlebyen skole tar en selfie

3. Flytt eller slett appar og fjern varslar

Fagerhaug seier det kan vere lurt å slette appar som kan vere både tids- og energitjuvar.

– Tenk meir på kva du ønsker å bruke telefonen til i forhold til dine mål og din meining med livet. Altså som eit verktøy og ikkje som eit dop, seier Fagerhaug.

Hjelle meiner ein kan til dømes flytte appar i mapper for å bruke dei mindre, og at det gjere mobilen mindre avhengigheitsskapande.

– Du kan fjerne varslar på meldingar, e-postar, på alt det som det ikkje er kritisk naudsynt at du skal få beskjed om med ein gong, seier Hjelle.

Les også Odin (47) tar grep etter å ha sett på mobilen 35 timer i uka

Odin Engebraaten

4. Still inn telefonen på svart/kvit-modus

Hjelle seier at appar gjerne er veldig fargerike og at det gjer dei ekstra avhengigheits­skapande.

– Hjernen vår elskar desse fargane. Det er som godteri for hjernen vår, seier Hjelle.

Til det har han ei løysing. Nemleg å stille inn telefonen på svart/kvit-modus.

– Då blir telefonen din litt kjedeleg.

Fagerhaug seier dette også kan gjere at det kan bli ubehageleg og kvalmande å bruke telefonen, og at det kan vere bra.

– Då bruker du den garantert mindre, seier Fagerhaug.

Hjerneforskar Ole Petter Hjelle hadde føredrag om korleis ein kan legge vekk mobilen. Då var det fullt på Lillehammer bibliotek.

Hjerneforskar Ole Petter Hjelle hadde føredrag om korleis ein kan legge vekk mobilen. Då var det fullt på Lillehammer bibliotek.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

5. Start med deg sjølv

For dei som uroar for at ungane er mykje på telefonen, har Hjelle også råd:

– Start med deg sjølv.

Hjelle meiner dei vaksne sine vanar har mykje å seie for kva vanar barna får.

– Dersom du brukar 4–6 timar på skjerm kvar dag, så er det å sitte ved middagsbordet og seie at barna skal vere mindre på skjerm, det er litt som å sitte smårusa heime og snakke om kor farleg alkohol er.

Han oppmodar også om å engasjere seg i det ungane brukar tid på.

– Ver positiv, nysgjerrig, interessert, og prøv å finne ut kva det er barna dine faktisk brukar skjermen til. Då blir det mykje meir gehør når du snakkar om å redusere bruken.

Dei tre psykologistudentane Magnus Ims, Daniel Moen og Oda Margrethe Jekteberg Nordpoll var svært interesserte i å lære om korleis dei kunne kutte ned på skjermtida.

Dei tre psykologistudentane Magnus Ims, Daniel Moen og Oda Margrethe Jekteberg Nordpoll var svært interesserte i å lære om korleis dei kunne kutte ned på skjermtida. Dei trur dei har rundt to timar skjermtid til dagen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

6. Leve meir

Psykolog Fagerhaug har også eit meir generelt råd på korleis ein kan få ned skjermtida.

– Løysinga er å gå ut i verda og leve i staden for å berre sitte bak ein skjerm og dope deg ned, seier Fagerhaug.

Då kan ein fylle tida og hovudet med noko anna.

– Snakk med folk, rør på deg, les ei bok, skriv ei bok, sjå på film, sjå på seriar på ein TV som er fysisk plassert kvar du kan sitte i sofaen og konsentrere deg om det. Trene, gjere ting som gjer at du føler at du lever.

– Og så kanskje berre gjere ingenting også?

– Absolutt. Sitte og kope, sitte og sjå i taket. Viss du legg vekk telefonen på veg til og frå jobben kan du også omstille deg til det du skal inn i for eksempel på jobben eller heime. Å sitte på T-banen, bussen eller trikken og berre sjå ut av vindauget, er veldig bra for hjernen.

– Det å kjede seg er berre noko du gjer i byrjinga. Etter kvart merkar du at ein har opplevd så mykje, og det er veldig deileg å la hjernen søkke litt ned, som i ei slags snøkule. Samtidig får du også ein bra dialog med deg sjølv.

Les også Er skjermtid egentlig farlig?

Jente på ett år stirrer på en skjerm rett mot kamera