Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.
Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.
Måndag var til saman 72 personar smitta med viruset. Over 500 blir testa i dag. Så langt har ein elev til blitt bekrefta smitta i dag.
Smitteutbrotet er knytt til Lillehammer vidaregåande skule. Men fleire ved barneskular og ungdomsskular har også fått smitte.
Foreldre, skuletilsette og elevar har bedt om at skulane skulle stenge etter smitteutbrotet.
No er det bestemt at alle elevar ved dei ni grunnskulane i kommunen skal vere heime frå og med i morgon.
Greier ikkje bemanne
Tord Buer Olsen, som er kommunedirektør i Lillehammer kommune seier ein av grunnane til heimeundervisning no er fordi dei ikkje greier å bemanne skulane.
HEIMEUNDERVISNING: Tord Buer Olsen, som er kommunedirektør i Lillehammer seier skulane skal ha tilbod for dei minste ungane om dei treng det.
Foto: Arvid Torsgard / NRK– Mange tilsette er i karantene. Også er vi i ein situasjon der vi har hatt eit stort smitteutbrot. Det skapar ein del uro for ganske mange inn mot jul, seier han.
Han seier likevel at dei har ganske god oversikt på smitten, og kor den kjem frå.
FØREBUDD: Skulesjef, Trond Johnsen, seier dei har vore klare for at ein eventuelt må innføre heimeundervisning igjen.
Foto: Anders Bakkerud Larsen / Anders Bakkerud LarsenSkulesjefen i Lillehammer, Trond Johsen, seier dei har vore førebudd på at det kan bli slik.
– Vi har prøvd etter beste evne at den opplæringa vi har på skulen lett skal omsetjast til digital undervising. Vi har heile tida hatt ei beredskap og tankar om at dette kan skje, seier han.
Trykk frå foreldre
Etter mange har fått påvist smitte og har blitt sett i karantene den siste veka har mange foreldre bedt om at skulane skulle stenge.
Ingrunn Trosholmen, som er ordførar i Lillehammer seier dette trykket er delar av grunnen til dei nye tiltaka.
IKKJE PÅ GRUNN AV SMITTE: Ordføraren i Lillehammer seier dei innfører tiltaka blant anna på grunn av at mange har ønska det. Ikkje på grunn av smitte.
Foto: NRK– Det som påverkar avgjerda er sjølvsagt mange tilbakemeldingar på at ein ønsker det. Men det viktigaste for oss har vore dei kommunane som ligg rundt oss som har innført tiltak, så vi harmoniserer oss med det, seier ho.
Skulesjefen forstår godt bekymringa til fleire av foreldra.
– Når vi får smitte på fire av skulane våre så er det ikkje vanskeleg å forstå at ein er bekymra. Men så er det slik at helsemyndigheitene meiner smitte oppstår andre plassar enn på skulen, seier Trond Johnsen.
Ordføraren understrekar at dette ikkje blir gjort av smittevernomsyn.
– Det er ein differanse i det. Vi har hatt løpande kontakt med FHI og får beskjed om å ha tiltak som harmoniserer med det smittetrykket ein har. Det er inngripande tiltak å stenge ein skule, så det har vi fått tilbakemelding om at det skal ein gjere når ein har påvist smitte, seier ho.
Stenger ikkje heilt
To av dei ni skulane, Hammartun og Røyslimoen stengde allereie måndag. Det var på grunn av at mange av lærarane hamna i karantene og må undervise heimanfrå.
Tord Buer Olsen presiserer at skulane ikkje stenger dørene heilt for alle.
– Det vil bli eit tilbod om tilsyn med barn frå første til fjerde klasse. Vi har nokon barn med særskilde behov og dei kan få tilsyn, seier han.
Han veit ikkje kor lenge heimeundervisninga kjem til å vare.
– Vi har ikkje full oversikt enno på kor mange nye smitta som har komme. Men førre døgn hadde vi eit høgt tal. Det er uføreseieleg, seier Buer Olsen.
STENGER: Alle elevar i grunnskulen i Lillehammer får heimeundervisning frå og med i morgon, onsdag.
Foto: Ole Martin Sponberg / NRK