Hopp til innhold

Snø i fjellet: – Ein må nok skrape ruter i låglandet også

Vinteren har komme til fjells, og kjem til å legge seg på fjellovergangane i Sør-Noreg.

Vinter på Sognefjellet. Onsdag er det meldt mer snø. her fra FV 55 ved Sognefjellshytta

VINTEREN KJEM: Dette biletet vart teke tysdag på Sognefjellet. Her er det venta meir snø i dagane som kjem. Vinterdekka må på før ein kan køyre her no, det kan vere glatte parti.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det er haustferie for fleire fylke denne veka. Har du planar om å reise til fjells, så er det viktig å vere skodd for forholda, seier meteorologane.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø i fjellet i Sør-Noreg.

– Det kjem inn ein front i løpet av morgondagen. Då vil det begynne som snø ganske langt ned. Det kjem nok snø over 500 meter. Det kan også vere snø i lufta litt lågare enn det utan at det legg seg, seier meteorolog, Hanne Beate Skattør.

Vinter på Sognefjellet

TOPPER I SIKTE: Skiftande skydekke kan skape vakkert ljos. Her mot Smørstabbreen og toppane Kalven og Skeie på Sognefjellet.

Sognefjellet tirsdag

HØGFJELL: Det har kommet eit lite melisdryss på Sognefjellet. Biletet er teke tysdag 12.10.21. Det er venta meir snø her dei kommande dagane.

Sognefjellshytta

VINTER: Snøen hadde lagt seg på bakken utanfor Sognefjellshytta. Den ligg på 1400 meter over havet, rett ved fv 55.

Kvitt på Sognefjellet

BERR ASFALT: Vegen var enn so lenge tørr tysdag 12.10., men det kan endre seg raskt. Det er meldt både minusgrader og nedbør dei komande dagane.

Frost på nettene

Snøen som kjem onsdag i låglandet kan forsvinne igjen. Men i høgda kan den bli liggande.

– Utover kvelden og natt til torsdag kjem snøen på 1600 meter og over fjellovergangane, seier Hanne Beate Skattør.

Det er spesielt på fjellovergangane frå Innlandet over til Trøndelag og Møre og Romsdal, at det er viktig å vere obs på snøvêr.

farevarsel sør-norge

FAREVARSEL: Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for snø i fjellet.

Foto: Skjermdump / Meteorologene

– Skal ein opp i høgda må ein vere skodd for forholda, seier Skattør.

Meteorologen fortel at klarvêret har gjort at det har vore kaldt om natta også i låglandet. Det er venta finvêr også til helga, som gjer at gradene kryp nedover fleire plassar.

– Det har også vore minusgrader mange stader i natt, og det blir også det i natt. Også i låglandet må ein nok skrape litt ruter og det kan vere glatt på morgonkvisten, seier ho.

Besshøe i Jotunheimen med tydelig snøgrense.

BESSHØE 2258: Det har allereie vore snø i høgfjellet ei stund. Bildet vart teke 7. oktober frå Store Nuten (1541 moh.).

Tydelig snøgrense også i Rondane. Bildet er tatt forrige uke.

RONDANE: Tydeleg snøgrense også i Rondane. Bildet er teke i førre veke, men meir snø er venta onsdag. Då kan det komme snø ned mot 500 meter.

Sykkel-høstferie på Lemonsjøen i Vågå

FINT VÆR: På Lemonsjøen i Vågå var det klarver og sol tirsdag. Snøen kan skimtas på toppane lengst til venstre i biletet, og onsdag er det meldt snøbyger også her. På sykkel: Fredrik Funderud Wedum.

Bilde ble tatt på lørdag 9/10. fotograf: Birgitte R. Opdal Galdebergtind 2075 moh

VINTER: Også lenger sør i Jotunheimen begynner vinteren og feste grepet. Bildet vart teke laurdag 9/10 og viser Galdebergtind (2075 moh) ved Bygdin.

Vinter i Rondane

RONDANE: Snø på toppane i Rondane. Meir snø er venta her onsdag. Biletet vart teke måndag denne veka.

Tyintoppen Panorama. Bilde tatt 12.10.21.

KVITT: Soloppgang over kvitt landskap. Bilde frå Tyintoppen Panorama, tysdag morgon.

Hemsedalsfjellet

HEMSEDALSFJELLET: Dette bildet vart teke måndag. Kvite toppar også her, og meldingar om meir snø neste døgn.

Sjekk forholda før haustferien

Denne veka er det haustferie for Innlandet, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag, Vestfold og Telemark og Vestland.

Arvid Wahlstrøm i Vegtrafikksentralen seier det kan sjå ut som vinteren er komme for å bli på fjellovergangane. Han oppmodar dei som skal ut på haustferie denne veka om å sjekke forholda.

– Når haustferien startar er det viktig å berekne ekstra god tid. Om alle reiser samstundes kan det bli køar fleire stader. No ser det greitt ut. Vi håpar det vil vere slik i morgon også, seier han.

Tysdag formiddag er fjellovergangane i Sør-Noreg opne. Men det kan snu.

– Sognefjellet er den som ligg høgst over havet. Der er sjansen størst for at snøen kan bli liggande.

Nils Aae, også han i Vegtrafikksentralen, sier at det akkurat nå er bart både over Valdresflye og de fleste andre fjellovergangene.

– Men det kan være glatt i enkelte partier, så vi anbefaler på det sterkeste å kjøre med vinterdekk.

Aae har ikke tro på at det blir stengte fjelloverganger i denne omgang, men at det er været som avgjør det.

  • Nokon vel å ta ferien utanlands:

​​​​​