Hopp til innhold

GD og HA erfarer: Sjukehusa i Elverum og Hamar blir lagt ned

Fredag kjem Helse sør-øst til å fortelje korleis dei meiner sjukehusstrukturen i Innlandet bør bli. Eit nytt hovudsjukehus for Innlandet vil hamne i Brumunddal, skriv avisene.

Sjukehus, sykehus Elverum

LEGGAST NED: Ifølge avisene kjem Helse sør-øst fredag til å føreslå at Elverum sjukehus blir lagt ned. Dei får truleg i staden ha base for luftambulanse.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Det har lenge vore planar om å bygge eit nytt stort felles sjukehus for gamle Hedmark og gamle Oppland ved Mjøsbrua.

Ei prosjektgruppe har laga planane som styringsgruppa i Helse sør-øst skal vurdere og vedta fredag.

Ifølge Gudbrandsdølen Dagningen og Hamar Arbeiderblad kjem det nye Mjøssjukehuset til å hamne i Brumunddal.

Dette har ikkje NRK fått bekrefta.

Helse sør-øst skal ha pressekonferanse fredag på Hamar, der dei presenterer planane.

Sjukehus innlandet, Mjøssjukehus

SJUKEHUSA: Ifølge GD og HA kjem sjukehusstrukturen i Innlandet til å bli slik, med nytt Mjøssjukehus i Brumunddal.

Foto: Illustrasjon: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Lillehammer og Gjøvik får ha sjukehus

Lillehammer får truleg ha akuttsjukehus og Gjøvik skal ha eit sjukehus for planlagde operasjonar.

Mjøsbrua

MJØSBRUA: Tidlegare har ein snakka om at Mjøssjukehuset skal hamne ved Mjøsbrua. Fleire har meint at det då bør hamne i Moelv, ikkje Brumunddal.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

I planane ligg det også at to av dei fire sjukehus i fylket blir lagt ned. Ifølge dei to avisene er det snakk om sjukehuset på Hamar og i Elverum.

I tillegg skal dei legge ned to psykiatriske sjukehus, Reinsvoll på Toten og Sanderud utanfor Hamar. Desse tenestene skal truleg også inn i det store nye Mjøssjukehuset.

GD erfarer at sjukehusstrukturen i Innlandet blir slik:

  • Mjøssjukehuset hamnar i Brumunddal.
  • Akuttsjukehus blir i Lillehammer.
  • Gjøvik får sjukehus for planlagde behandlingar.
  • Akuttsjukehus på Tynset.
  • Lokalmedisinske senter på Otta og Fagernes og Hadeland.
  • Luftambulanse på Dombås held fram som før.
  • Ny base for luftambulanse i Elverum.
  • Sjukehusa i Elverum og Hamar leggjast ned.
  • Reinsvoll og Sanderud leggjast ned.

Sjukehuset i Kongsvinger er ein del av A-hus og er ikkje med i rekninga.

Sykehuset i Hamar

HAMAR: Hamar mistar sjukehuset sitt, ifølge kjeldene til dei to lokalavisene.

Foto: Linda Vespestad / NRK

– Utfordrar semja

Ordførar i Gjøvik, Torvild Sveen, seier til NRK at han er svært overraska over at prosjektgruppa kjem med eit framlegg som etter hans meining utfordrar den tidlegare semja om eit sjukehus ved Mjøsbrua.

Torvild Sveen, ordfører Gjøvik

Torvild Sveen, ordfører Gjøvik

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

– Det kan verke som det ikkje er mangel på pengar i norsk sjukehusvesen. Sjukehuset på Gjøvik har bra bygningsmasse, vi har eit kompetansemiljø på NTNU som kunne rekruttert fleire til området. Vi har også det største opptaksområdet når det gjeld befolkning.

Han meiner også at befolkninga på Hadeland og sørlege delar av Valdres vil velja andre sjukehus, og at Sjukehuset Innlandet difor vil tape pengar.

Blir offentleggjort fredag

Det er ei prosjektgruppe som har jobba fram forslaget. Styringsgruppa i Helse sør-øst skal vedta forslaget fredag. Dei planlegg å offentleggjere dette på ei pressekonferanse fredag klokka 15.

Så blir planane sendt til styret i Sjukehuset Innlandet.

Helse sør-øst sitt styre gjer det endelege vedtaket 4. februar neste år. Så kjem saka på helseministeren sitt bord.