Hopp til innhold

Innlandet beheld fem fødetilbod

Mjøssjukehuset er vedtatt og skal byggast på Moelv i Ringsaker. Likevel blir det framleis fødetilbod både i Lillehammer og Elverum, begge nokre få mil unna Mjøssjukehuset.

Ingvild Kjerkol.

Helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vil framleis ha eit fødetilbod i Elverum

Foto: Ingvild Sunnby

Omsorgs- og helseminister Ingvild Kjerkol inviterte styret i Helse Sør-Øst til eit føretaksmøte i dag.

Der informerte ho om regjeringa sitt endelege vedtak:

I framtida blir det eit fødetilbod i Elverum. Ei fullverdig fødeavdeling i Lillehammer. Og ein kvinneklinikk for heile Innlandet i Moelv.

Det er også fødetilbod på Tynset. Og ved Kongsvinger sjukehus, som ligg under Ahus.

Elverum sykehus den 26.01.2024

Det blir fødetilbod fem stader i Innlandet i framtida. I Elverum, Tynset, Lillehammer, Kongsvinger og ved Mjøssjukehuset på Moelv.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

I dag tek fødeavdelinga i Elverum mot fødande frå Hamar og Hedmarken og frå Østerdalen.

Nå står Helse Sør-Øst fritt til å avgjere om kva tilbodet skal vere i framtida. Ei fødestove eller eit såkalla fødehotell. Der kan kvinner som ønskjer det, ligge etter å ha fødd på sjukehuset i Moelv.

Noko fullverdig fødeavdeling er det ikkje snakk om.

Det har lenge vore klart at både finansminister Trygve Slagsvold Vedum og justisminister Emilie Enger Mehl har meint at det framleis skal vere eit fødetilbod i Elverum.

Seinast under konferansen Arena Innlandet i Elverum tidlegare i år, streka Mehl under kor viktig det er at folk kan føde der.

Emilie Enger Mehl

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har argumentert sterkt for å behalde eit fødetilbod i Elverum. Både ho og Trygve Slagsvold Vedum har hatt ord med i laget når regjeringa nå har bestemt seg. Begge kjem frå Hedmark og har kjempa for det lokale sjukehuset.

Foto: Javad Parsa / NTB

Da regjeringa sa ja til å etablere eitt nytt stort sjukehus i Moelv, var det også under føresetnad om at Helse Sør-Øst skulle greie ut moglegheit for at det framleis skal vere fødetilbod både i Elverum og på Lillehammer.

Nå har altså regjeringa tatt si endelege avgjerd.

– Med denne avgjerda er dei siste bitane på plass slik at Mjøssjukehuset kan realiserast, seier Kjerkol etter møtet i dag.

Nå kan Helse Sør-Øst og Sjukehuset Innlandet gå vidare i arbeidet med det planlagde Mjøssjukehuset.

Styret ønskja fødestove.

Styreleiar Svein Gjedrem seier dei skal sjå på kva fødetilbod dei skal ha i Elverum. Men nå er dette opp til styret i Helse Sør-Øst, politikarane har sagt sitt.

Svein Gjedrem

Styreleiar Svein Gjedrem seier det er ein gledas dag for sjukehusplanane i Innlandet. For nå har regjeringa slutta seg heilt til alle delar av planane. – Neste gong det skal til politiske behandling er når vi skal be om pengar til forprosjekt og bygging,

Foto: Erlend Aas / SCANPIX

Før jul vedtok Helse Sør-Øst å legge ned tilbodet i Elverum.

Dei meinte at å spreie ressursar og spesialistar kan undergrave planane om ein ny kvinneklinikk på Mjøssjukehuset i Moelv. Samtidig vedtok dei at dei kunne vurdere ei fødestove.

I dag vil ikkje Gjedrem si tydeleg kva det skal bli. Om det blir ei fødestove eller eit såkalla fødehotell, der barselkvinner kan ligge etter at dei har fødd på Mjøssjukehuset i Elverum,

– Det skal vere eit fødetilbod i Elverum i framtida. Nå skal administrasjonen i Helse Sør-Øst finne ut kva som kan bli den beste løysinga, og legge den fram for styret, seier Gjedrem.


Les også Fødeavdeling gir regjeringa hodebry

Sjukehus, sykehus Elverum

Glede i Elverum

Ordførar Lillian Skjærvik (Ap) i Elverum er glad for beskjeden frå helseministeren.

Ho seier at det har skjedd mykje sidan desember 2020, og at sjukehuset i Elverum har fått mange oppgåver sidan det.

Lillian Skjærvik

Ordførar Lillan Skjærvik i Elverum.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– No til slutt kjem eit fødetilbod, som er meir enn eit barselhotell. Det synest eg er bra, og eg håpar at det blir best mogleg for fødande i Sør-Østerdalen.

Ho seier at ho stoler på at det til slutt blir slik Kjerkol har lova.

Ved sjukehuset i Lillehammer har dei frykta at det skulle bli eit fullverdig fødetilbod, fordi det kunne ramme bemanninga og tilbodet der. Lillehammer held også fram som eit fullverdig akuttsjukehus, også etter at Mjøssjukehuset er bygd.

Sjukehuset i Elverum skal framleis ha tilbod med akutt indremedisin, men med hovudvekt på planlagt kirurgi og rehabilitering, eit såkalla elektivt sjukehus.

Sjukehusa både i Gjøvik og Hamar blir lagt ned når det nye sjukehuset ved Mjøsbrua i Moelv står klart. Tynset sjukehus består, og er ein del av Sjukehuset Innlandet.

Sykehuset Innlandet, avdeling Lillehammer

Sjukehuset i Innlandet på Lillehammer.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK