Hopp til innhold

Sjukehuskrangel: Full forvirring om kor Mjøsbrua ligg

Dei fleste veit kor Mjøsbrua er. Men når ein skal plassere eit sjukehus «ved Mjøsbrua», blir det litt verre.

Diskusjonar om kor ein skal bygge nye sjukehus er eit kjent tema fleire plassar i landet. I Innlandet har det vore heftig krangling, fakkeltog og facebookdiskusjonar i ei årrekke.

I 2015 vart det vedteke å bygge eitt nytt stort sjukehus ved denne brua, men enno er det ikkje heilt bestemt kor det skal ligge.

I desember kjem fasiten. Men no i november sa Helse Sør-Øst, som er dei som bestemmer, at det kan vere aktuelt å plassere sjukehuset lengre unna. Til dømes Brumunddal. Det ligg 17 kilometer unna brua.

Så var kranglinga i gang igjen.

Debatt om sjukehus er ikkje noko nytt fenomen. Det var oppheita diskusjonar og fakkeltog då ein skulle bygge eit nytt sjukehus i Østfold. Det stod ferdig i 2015. Bunadskledde aksjonistar har markert seg i Møre og Romsdal, der det er planlagt å bygge sjukehus i Molde.

Kva betyr «ved Mjøsbrua»?

Den 1420 meter lange brua er Noregs fjerde lengste. Den eine enden ligg i Moelv i Ringsaker kommune, den andre i Biri, som ligg i Gjøvik kommune.

Det finst altså mange gode bevis på kor brua er fysisk. Som helseminister, Bent Høie sa i februar i år:

– «Ved Mjøsbrua» får ikkje blitt nokon andre plassar enn i Moelv eller Biri, seier Torvild Sveen som er Gjøvik-ordførar. Han har fleire andre ordførarar i ryggen.

Torvild Sveen, Ordfører i Gjøvik

MJØSBRUA: Ordførar i Gjøvik, Torvild Sveen er fast bestemt på at fellessjukehuset må ligge rett ved denne brua.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Då Helse Sør-Øst plutseleg nemnde Brumunddal, som fleire meiner ikkje ligg «ved Mjøsbrua», vart det full forvirring.

Dette er greia:

Ein skal faktisk heilt tilbake til 2003/2004 då ein begynte å snakke om eit felles sjukehus nettopp i Moelv.

Dei siste 17 åra har ein brukt mykje tid og ressursar på å finne ut av dette. Ifølge Helse Sør-Øst har det vore 17 ulike forslag på bordet. Men i 2020 snakkar ein framleis om «ved Mjøsbrua».

Fire av sjukehusa som finst i Innlandet i dag står på spel. Hamar, Lillehammer, Elverum og Gjøvik.

Fire sjukehus som kan bli lagt ned

USIKRE: I dag er det sjukehus i Lillehammer, Gjøvik, Elverum og Hamar. Berre to av desse får stå igjen når det kjem eit nytt sjukehus. Kven av dei som forsvinn får ein truleg vite 11. desember.

Foto: Illustrasjon / NRK

I 2015 vart det bestemt at ein skulle legge ned alle desse og samle alt i fellessjukehuset.

Så vart spelereglane endra.

Ein fann ut at ein skal behalde to av desse sjukehusa. Eitt skal vere akuttsjukehus og eitt skal vere for planlagde operasjonar. Kven av byane som får behalde sjukehuset sitt, kan få betydning for plasseringa av det nye Mjøssjukehuset.

Det er liten tvil om at Moelv ligg «ved Mjøsbrua».

Ei rekke ordførarar frå både gamle Hedmark og gamle Oppland har skrive eit felles opprop der dei krev at sjukehuset hamnar der. Dei meiner dette er mest naturleg når det først er bestemt at sjukehuset skal hamne i det området.

– Det har nærast blitt ei terrorbalanse i Innlandet gjennom fleire år. «Ved Mjøsbrua» er etter alle solemerke Biri eller Moelv, seier Gjøvik-ordføraren.

Men Helse Sør-Øst sa altså at Brumunddal kunne vere ein aktuell plass. Det ligg 17 kilometer unna Mjøsbrua.

– Det er 17 kilometer mellom Moelv og Brumunddal. Det er 17 kilometer mellom Moelv og Gjøvik. Skal ein begynne å trekke på aksar må ein gjere det i alle retningar, seier Gjøvik-ordførar, Torvild Sveen.

– Enno ikkje avgjort

Cathrine M. Lofthus er administrerande direktør i Helse Sør-Øst. Ho seier dei framleis ser etter plasseringar av sjukehuset. Dei ser på heile biletet, fortel ho. Fordi det er to sjukehus som skal stå igjen.

– Det som er sikkert er at «ved Mjøsbrua» ikkje er i ein av byane. Det er ikkje sett nokon strek, for det gjeld å finne ein god heilskapleg struktur, seier ho.

Cathrine M. Lofthus

HEILE BILETE: Cathrine M. Lofthus i Helse Sør-Øst seier ein må bestemme seg ut frå at det i røynda blir tre sjukehus. Det nye Mjøssjukehuset, eitt akuttsjukehus og eitt sjukehus for planlagde operasjonar. Det har noko å seie for plasseringa av det nye.

Foto: KNUT RØSRUD / NRK

Ho skjønar at dei har skapt uro ved å legge Brumunddal inn i potten. Men trur ikkje det handlar om den vesle avstanden.

Gaute Brochmann byline

RART: Ifølge arkitekten, Gaute Brochmann er det aller lurast å legge nytt sjukehus i ein by. Der kan ein bruke opp att gamal bygningsmasse, og det er betre infrastruktur, seier han.

– Men at det skal skje store endringar og det vekkar mykje kjensler. Det er byar her som skal miste sine sjukehus. Det er klart det engasjerer, seier Lofthus.

Arkitekten Gaute Brochmann er blant dei som seier at både Moelv og Brumunddal er dårlege forslag. Dette er ein 20 år gamal idé, seier han.

– Det er veldig mykje meir naturleg å legge sjukehuset i ein eksisterande by enn å etablere det utanfor ein liten tettstad, seier Brochmann.

Stort engasjement

Eit fellessjukehus i Innlandet har betydning for dei 370 000 folka som bur der. Innlandet er også Noregs største hyttefylke, med over 85 000 fritidsbustadar.

Slikt blir det fakkeltog, aksjonsgrupper og diskusjonar av. Nokon av Facebookgruppene har over 30 000 medlemmar. Slik som gruppa «Fortsatt sjukehus i Elverum» og «JA TIL FORTSATT AKUTTSYKEHUS I LILLEHAMMER».

Fakkeltog for sykehuset på Lillehammer

Fakkeltog for sykehuset på Lillehammer

Mange i fakkeltog for sykehus i Elverum

Fakkeltog for sykehus i Elverum.

Skjermdump, facebookgruppe

Facebookgruppe med over 30 000 medlemmar.

Skjermdump, Facebook

Facebookgruppe med over 30 000 medlemmar.

11. desember kjem Helse Sør-Øst med si innstilling. Då fortel dei kor dei vil plassere storsjukehuset og kven av dei fire byane som får behalde eit sjukehustilbod.

Deretter skal styret i sjukehuset Innlandet behandle saka før den går tilbake til styret i Helse Sør-Øst som gjer endeleg vedtak i februar.

Flere saker fra Innlandet