Hopp til innhold

Dei hoppa over til VR: – Ikkje same dynamikk med videomøte

Kvar veke pratar dei i eit virtuelt møterom. Det er slik framtida blir, trur forskar.

VR-møter i Vang med Hallgrim og Lennart

I EI EIGA VERD: Dei kvite brillene dekkjer til både auge og øyre, slik at alt du høyrer og ser er i den virtuelle verkelegheita.

Foto: Åshild Slåen / NRK

«Det er ekko.»

«Er du muta?»

«Kan dei som har innspel rekke opp handa?»

Det er ikkje heilt det same å ha eit fysisk møte som å ta møtekvardagen på Teams, Zoom, eller andre videoplattformer. Men i pandemitida er det den nye normalen.

Frisk forlag var allereie godt erfarne videomøtebrukarar, sidan dei er spreidd over fem forskjellige byar. I 2022 ville dei derimot ha ein betre møtedynamikk.

– Vi gav alle tilsette VR-briller i julegåve, seier forleggar Lennart Krohn-Hansen.

Han sitt på kontoret i Vang i Valdres, saman med ein kollega.

Dei gjer seg klar til fellesmøtet dei har kvar tysdag.

VR-briller på Lennart
Lennart sine auge og øyre er opptekne...
Vr-møte
...i det vekentlege tysdagsmøtet.
VR-møter Lennart
– VR gjer at ein får ein heilt anna dynamikk i samtala. Ein høyrer om folk sitt til høgre eller venstre.

Samlande teknologi

Store kvite VR-briller, blir til animerte figurar i det møtelokalet dei ønsker seg.

For forlaget blir det enda eit verktøy i å kunne ha arbeidsplass med folk mange forskjellige stader. Lennart er tydeleg på at det er ein innebygd del av selskapet å ikkje ha arbeidsstaden ein plass.

– Vi er veldig spreidd, og det går overraskande bra. Vi har heile tida bygd på at vi skal vere flinke til å samarbeide over nett, seier Lennart.

Han trur det hjelp dei å forstå arbeidssituasjonen til dei forskjellige forfattarane deira, som også ofte sitt åleine på heimekontor.

Og VR blir ikkje berre brukt til møter. Kollegaer som ikkje kan møtast til kaffi, kan heller ta eit slag med minigolf.

Anders Aasen Berget i VR-minigolf på jobben.

VIRTUELLE KAFFIPAUSAR: Det er litt annleis å intervjue folk med VR-briller på medan ein spel minigolf.

– Det eg likar best med dette er at det gir ei heilt anna kjensle av å vere saman med dei andre, enn det du får når du sitt på ein videoskjerm, seier Anders Aasen Berget, medan han slår på ein liten blå ball på minigolfbana, samstundes som han er på kontoret i Stavanger

Anders Aasen Berget

MEIR SOSIALT: For forleggar Anders Aasen Berget er det fornuftig å investere i VR-briller til tilsette.

Foto: Erik Sæter Jørgensen / Frisk Forlag

Han poengterer at kostnaden heller ikkje er så stor dersom ein sett det opp mot kostnadane når tilsette møtast fysisk.

– Ein flybillett tur-retur, så går det opp.

  • Ny teknologi kan brukast til mykje rart. Robin fekk seg ei overrasking då han laga ryddeapp.

Uunngåeleg

Ekaterina Prasolova-Førland er professor i læring med IKT ved NTNU, og blir nokre gonger kalla Noregs første VR-professor. Ho trur det er uunngåeleg at det blir meir og meir aktuelt for bedrifter å bruke teknologien. I fjor skreiv ho saman med fleire kollegaer ein artikkel om VR-briller kunne bli det nye kontoret.

Ho trekk fram at det er mange fordelar ved å bruke VR-teknologi, framfor videoplattformer som Teams eller Zoom. Folk kan vere sosiale på ein meir naturleg måte.

For eksempel observerer ein ofte at folk stiller seg i sirklar når dei pratar, og grupperer og følger etter kvarandre som i verkelegheita.

Professor Ekaterina Prasolova-Førland, NTNU

FLEIRE FORDELAR: Professor Prasolova-Førland har trua på VR-teknologi på kontor, i undervisning og til forskjellig arbeid. Her står ho med hololens, ei type smartbrille.

Foto: Lene Knutli / NTNU

Det er spesielt lettare å samarbeide om arbeid der 3D-modellar kan spele ei rolle, som med bygningar, anatomiske modellar og datavisualiseringar. Møterommet kan også vere alt frå ei operasjonsstove til overflata på Mars.

Likevel er ikkje alt lettare med VR-teknologi. Fleire ressursar må til i eit VR-møte enn eit ordinært videomøte, med god nok bandbreidde og prosesseringskraft. Og som med alle andre ting kan ein bli lei.

– Eg seier ikkje ein skal bruke VR til alt, men dersom ein vil ha større sosialt samhald, eller trene på situasjonar som er for farlege eller vanskelege å oppleve elles, kan VR vere veldig nyttig.

  • Det er ikkje alle som har det like lett med teknologi:

Får vifte og peike

I Vang er dei i alle fall tydelege på at det er ein suksess.

– Det er best å møtast fysisk, men VR blir ein god nummer to. Video fungerer greitt når ein er to til tre personar, men blir det fleire får ein ikkje like god dynamikk, seier Lennart.

For han er det til sjuande og sist dei små uvanane som gjer at denne teknologien vinn over videomøte.

– Du kan avbryte og prate i munnen på kvarandre, vifte og peike, og alle dei tinga som ein vanleg samtale eigentleg er.

VR-møter med Lennart og Hallgrim

KAN AVBRYTE: Det er lettare å ha ei normal samtale med fleire med VR-briller.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Flere saker fra Innlandet